Volleyball, vår 2025
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 06.01.2025
- Pris: fra 79 250,-
- Sted: Førde
- Studietur: Rio De Janeiro - Brasil
Og ikkje minst kan du få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same interessa. På Volleyball vår er det balltrening kvar dag. I tillegg kjem noko styrke- og skadeforebyggande trening. Vi har eige idrettslag (Sunnfjord IL) og deltek i seriespel (2.divisjon).
Vi driv primært med innandørsvolleyball, men skal også spele beach-, snø-, gras- og gjørmevolleyball.
Linja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Sunnfjord IL og Førde VBK har lag på følgande nivå:
– Elite kvinner (FVBK)
– 2. div. kvinner (Sunnfjord IL)
Sunnfjord IL har lag i 2.divisjon. Har du elite- eller 1.divisjons erfaring? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Noreg.
Les meir om Førde VBK her.
På volleyballinja er det to linjelærarar. Ein har hovudansvar for jentene og ein for gutane.
Volleyballinja har nært samarbeid med ein fysioterapeut. Han har god kunnskap om volleyball-skadar
Fotograf Nigel Boyce:
Vi forventar at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag.
På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjord Spirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar
Obligatorisk: Nei
Pris: 16 000
Varighet: 16
Måltider pr dag inkludert: 3
Bli med til fantastiske Brasil og Rio de Janeiro! I mars reiser saman med linjene Volleyball og Beach & Volleyball til vakre og spennande Rio de Janeiro i 2 veker. Her skal du få trene beachvolleyball, beach tennis og styrketrening på Copacabana. Det blir innhaldsrike dagar i eit varmt og behageleg klima.
Vi har gode kontaktra i Rio som vi har jobba med i mange år som bidreg til å lage ein god, trygg og lærerik studietur.
Når man snakker om Rio de Janeiro er det få ord som beskriv byen betre enn “byen med kontrastar”. Her er det skyhøge bygningar og enorme favelaer. Rik og fattig lev side om side, men samtidig adskilt. Dei fleste menneska du kjem til å møte er hyggelige, varme og nysgjerrige på kven du er og kvar du kjem frå. I løpet av turen til Rio vil du få møte folk fra alle samfunnslag og få sjå korleis dei ulike menneska lev.
Lokale severdigheter som Sukkertoppen, Kristustatuen og Favela skal også opplevast. Solnedgangen fra Sukkertoppen er heilt unik. Vi skal på fotballkamp på Maracana som er verdens største fotballstadion, her har VM og OL finaler blitt spelt. Sjølv om du kanskje ikkje er veldig interessert i fotball. Så må alle oppleve atmosfæren på ein fotballkamp i Brasil.
Det er eit minne for livet!
Merk at du skal velje mellom denne turen eller tur til Spania. Denne turen kostar 16.000,- ekstra.
I 2008 flytta Tor Emil til Førde og begynte på Sunnfjord Folkehøgskule som elev på Sport and Adventure-linja. Han har jobba fleire år på skulen, nokre av dei som volleyballlærar og -trenar. Les meir om Tor Emil her.
Epost: toremil@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 48 18 24 28
John Sverre er volleyballærar. Han har utdanning i idrett og samfunnsfag og har lang er faring som volleyballtrenar. Han har bakgrunn frå vidaregåande skule. Les meir om John Sverre her.
Epost: john.sverre@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 918 91 716
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg