Global Action
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Oppstartsdato: 23.08.2025
- Linjefag: 18 timer/uke
- Pris: fra 158 011,-
- Sted: Førde
- Studietur: Sri Lanka - Global , Tanzania
Global Action kombinerer globalt engasjement med friluftsliv og bruker vestlandsnaturen, lokalmiljøet og verda som klasserom.
Gjennom året jobbar vi med mottoet «Be the change you want to see in the world» av Mahatma Ghandi, som ein grunnleggande ide bak alt vi gjer og lærer; for å få til endring trengs det handling, og som enkelt personar har vi moglegheit til å påverke!
På våre reiser til Sri Lanka og Tanzania vil vi:
Lokalt i Sunnfjord vil vi:
Gjennom skuleåret jobbar vi med:
I løpet av året samarbeider vi tett med NOREC og KFUK-KFUM Global, samt internasjonale samarbeidspartnarar i YMCA og YWCA på Sri Lanka og Tanzania. Du vil få eit godt innblikk i norsk utviklings- og organisasjonsarbeid og Norge som internasjonal bistandsaktør.
Global Action er linja for deg som har lyst til å kombinere interessa for global utvikling og engasjement med friluftsliv og fysisk aktivitet. Du greier å vere i ein framand kultur over ei viss tid.
Du er positiv, eventyrlysten og open for å lære og utfordre deg sjølv. Du er engasjert, deltek og viser interesse for aktivitetane og opplegget på linja. Du bidreg til å skape eit godt felleskap.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 30
Måltider pr dag inkludert: 3
Global Action reiser på tur til Sri Lanka i ein månad, med alle måltid inkludert i prisen.
Lonley planet om Sri Lanka:
“Endless beaches, timeless ruins, welcoming people, oodles of elephants, rolling surf, cheap prices, fun trains, famous tea and flavorful food make Sri Lanka irresistible”
Sri Lanka har mykje å by på og vi har god tid til surfe og snorkle på dei kvite strendene, reise på oppdagingsferd i regnskogen, dra på fjell tur til Sigiriya og Little Adam`s Peek i Ella og besøke den historiske byen Galle ++.
Vi tek bilder gjennom turen, dokumenterer og lagar ei bildeutstilling på skulen på slutten av skuleåret.
Vi skal ikkje først og fremst vere turistar i Sri Lanka. Vi skal være saman med YMCA Sri Lanka, som er landets ein ev dei største ungdomsorganisasjonar. Som eit reisemål skal vi besøke Kamam Folk High School og Makalause Dream School driven av YMCA, der skal vi møte elevar og jobbe frivillig med dei. Vi skal også møte lokale ungdoms og kvinne grupper som har mykje livshistorie i krig, tsunami og økonomiske konfliktar. Gjennom turen kan ein få moglegheit til å møte leiarar på YMCA og andre lokale organisasjoner og få oversikt over organisasjonsstruktur og arbeidsmetoder samt frivillig praksis med dei. Vi skal ta ei rundreise der vi vil besøke lokale bønder som dyrkar te, ris og kanel. Det blir også eit besøk på ein elefantbarneheim.
Visum er inkludert i prisen.
Obligatorisk: Nei
Pris: 21 000
Varighet: 14 dagar
Måltider pr dag inkludert: 3
I oktober skal vi reise to veker til Tanzania. Tanzania er ein av dei vakraste land i Afrika.Vi skal besøke den verdskjente nasjonalparken Serengeti og etter nokre hektiske dagar med bistandsarbeid og utflukter rundar vi av turen på fantastiske Zanzibar som ligg ein kort båttur unna fastlandet.
Visum er inkludert i prisen.
Shehan er opprinneleg frå Sri Lanka. Han har vore på utveksling i ulike land i Europa, Asia og Afrika gjennom NOREC, KFUK/KFUM og FN. Han har tidlegare vore på Sunnfjord Folkehøgskule og lærar ved Kamam Folkehøgskule i Sri Lanka. Shehan er utdanna sosionom ved Høgskulen i Volda og har jobba her på Sunnfjord sidan 2021 på miljøteam.
Epost: shehan@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 96699204
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.
Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...
Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...