Til hovedinnhold

Tilpassa Sunnfjord

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 23.08.2025
  • Pris: Kontakt skolen
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Førde
Vi tilbyr alle elevar med ulike funksjonsevner og tilpassingsbehov plass på den linja dei ynskjer innanfor det som er mogleg. Vi skreddersyr kvardagen etter dine behov og interesser. Valet er ditt.

Tilpassa Sunnfjord er basert på at alle elevar med ulike funksjonsevner eller tilpassingsbehov har rett til eit fullverdig og likeverdig år på folkehøgskule. Grunntanken er at også elevar med tilpassingsbehov skal få vere med å bestemme over sin eigen kvardag og kva dei synes er meiningsfullt å vere med på.   

Vår modell opnar også for eit opplegg for dei elevane som søkjer ordinært og som til dømes treng barnehageplass for eige barn, eller tilpasning grunna ulike typar funksjonsnedsetting. Eleven veljer kva linje han eller ho ønskjer å gå på, så langt det let seg gjere. Vi skreddarsyr både undervisningsopplegg og bu-situasjon ut ifrå kapasitet, behov og meistringsnivå. Målet er at eleven er med på ei av dei eksisterande linjene våre.

Skulen har fagpersonar som er relevante for mange brukarar. Dei kan tilpasse undervisning i praktiske og sosiale fag som butrening, økonomi, matlaging, og kropp og helse når det er behov for det. Målet er sjølvstendiggjering i trygge omgjevnadar. Du får sjanse til å meistre utfordringar i kvardagslivet, slik at du i størst mogeleg grad blir rusta til eit liv i eigen bustad, med jobb og i lokalmiljøet.

Elevar som søkjer på særskilt grunnlag kan få tildelt plass før 1. februar. Søk tidleg! Send gjerne ein epost til rektor, eller bruk søknadsskjemaet

På Tilpassa Sunnfjord er det plass til alle som treng tilpassing i større eller mindre grad. Alle har rett til å gå på folkehøgskule. Ta kontakt med skulen for vegleiing til å søke økonomisk støtte.

Dette vil du lære

For elevar med behov for hjelp i kvardagslivet har vi eit miljøteam som kan legge til rette for praktisk og sosial støtte, også utanom undervisningstid. Ved behov for bu-trening vil ADL-fag inngå i undervisninga, td matlaging, økonomi, reinhald etc. Det blir utarbeida ein personleg plan for kvar elev i samarbeid med miljøteamet på skulen.

Sjå også på innhaldet på linja du ønskjer å følgje.

Våre forventninger til deg

Du er villig til å delta på linja så godt du kan utifrå føresetnadene dine, både sosialt og fagleg. Du vil gjerne samarbeide med skulen for å einast om kva tilpassing som er ønskjeleg og nødvendig for di deltaking på linje og i skulemiljøet. Du ynskjer å gjere ein innsats for å oppleve eit år med trivsel, meistring og utvikling i ditt eige liv.

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Vi startar 23.8.2025
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar, juleferie
  • Januar: Nyttårsball. 
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i mars for heile skulen. 
  • Påskeferie i april
  • Mai: Avslutning 

Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.

Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret. Hos oss går alle på dei ordinære linjene. Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Marta Strand

Eg syns det er veldig kjekt å gå på Sunnfjord Folkehøgskule. Det skjer alltid mykje eg kan delta på, og eg har blitt meir sjølvstendig både i ansvaret for meg sjølv og sosialt. Eg tørr å ta meir kontakt med folk og har fått mange nye venner

Marta Strand

Nyheter

Bo- og arbeidstrening på folkehøgskole

Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Allround Aktiv

Lundheim folkehøgskole
Helårskurs B
9 t/uke
Kristen

Tilrettelagt

Hurdal Verk folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Kreativ Livslære

Bjerkely folkehøyskole
Helårskurs
16 t/uke
Kristen

Musikk Bo Fritid

Musikkfolkehøgskolen Viken
Helårskurs
9 t/uke
Kristen

Tilrettelagt Rønningen

Rønningen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Allround

Lundheim folkehøgskole
Helårskurs A
9 t/uke
Kristen

REIS Bo og Fritid

Ålesund Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Ta opp fag

Sjøholt Folkehøgskole
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Bu og fritid

Fjordane Folkehøgskule
Helårskurs
18 t/uke
Frilynt

Klatring - Bre, Fjell & Vann | Sør-Afrika

Folkehøgskolen Nord-Norge
Helårskurs
24 t/uke
Kristen

MatLyst

Peder Morset folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Fotball tilrettelagt

Peder Morset folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

DIY - naturlig nok

Peder Morset folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Botrening Trondheim

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Helårskurs
Kristen