Dans Multisport, vår 2026
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 05.01.2026
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 92 500,-
- Sted: Førde
- Studietur: Sri Lanka
På Dans-Idrett får du prøve deg innan mange forskjellige dansestilar. Vi har danseforestilling og vi har fokus på styrketrening og skadeforebyggande trening.
Dans-Idrett er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing.
Skulen produserer musikal/teater-forestillingar som framstår som profesjonelle. Dei siste åra har vi produsert Children og Eden, Folk og Røvere i Kardemomme By, Kaptein Sabeltann, Hairspray, High school musikal m.m!
Her får du alle tiders muligheit til å oppleve korleis det er å produsere slike forestillingar frå start til slutt. Regi, koreografi, scenografi, musikk, kostyme, sminke og alt det som høyrer med får du vere en del av.
Linja har også eigen danseforestilling for skulen der vi viser fram dansar og koreografiar som vi jobbar med gjennom året.
Du ønskjer å utvikle deg og utfordre deg sjølv. Yte det vesle ekstra, der lagarbeid og innsats er alfa omega! Du vil ha ein kvardag med allsidig trening. Bli med og opplev meistring!
På Dans Idrett forventar vi at du er motivert for å lære mange forskjellege dansestilar. Komfortsona blir pusha kvar veke og du vil lære meir om styrketrening og allsidig trening. På dans-Idrett er innsats viktigare ein talent. Er du villig til å yte det vesle ekstra? Då vil du få eit fantastisk år og utvikle deg som dansar, person og du får betre fysisk form!
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 14
Måltider pr dag inkludert: 3
Linjeturen går til Sri Lanka. Skulen har i ei årerekke reist til Sri Lanka og er godt kjent i landet, då vi har både erfaring frå landet og tilsette som kjem der frå. Dette gjer til at vi kan skreddarsy ein tur der du får dei beste opplevingane.
Vi skal besøke den berømte Sigiriya-klippa, som står på Unesco si verdsarvliste. Du får oppleve ulike strand- og vatn-idrettar som t.d. surfing, rafting, dykking og fjellturar. Du vil også møte på ville elefantar, aper og mange fleire dyr i nasjonalparken vi besøker. Vi skal sjølvsagt også nytte oss av dei endelause sandstrendene som omkransar nesten heile øya. Det blir ein kombinasjon av å reise på rundtur og oppleve landet, vere saman med srilankiske ungdommar, oppleve nokre av dei finaste strendene i verda.
Sunniva har si utdanning frå Bårdar Akademiet, med dans, song og musikalteater. Med mål om å bringe danse- og musikkglede vidare, tok Sunniva grunnskulelærarutdanning på OsloMet etterpå. Ved sidan av studiet levde ho som dansar, deltok på danseklassar og tok oppdrag og underviste dans, freelance. Sunniva elskar også alt det den vakre naturen har å by på, både topptur, klatring og sykling.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Dansesal med spesialparkett, lydanlegg og speilvegg. Treningsstudio med kondisjonsapparat, vektrom, spinningssal, gymsal, Sandvolleballbane.
Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...
Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...