Teknologi, design & produksjon
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Oppstartsdato: 23.08.2025
- Pris: fra 155 511,-
- Sted: Førde
- Studietur: Tyskland og Italia
På denne linja får du mogelegheit til å utvikle deg sjølv innan for dine interessefelt. Her får du høve til å kunne både designe og produsere det du vil med dei fleste materialer. Kun fantasien set grenser.
Om du ynskjer å få utvikle deg innanfor det du allereie er god på eller du har lyst til å prøve noko nytt så tilpassar vi det ut frå ditt nivå.
På linja Teknologi, design og produksjon får du prøve ut det nyaste og beste innanfor produksjonsretta teknologi. Her får du bruke di skaparlyst og kreativitet til å produsere det du ynskjer. Gjennom året blir det lagt opp til ulike typar prosjekt, både saman med andre eller åleine - heilt etter dine behov.
Her kan du sjå døme på kva du kan teikne og lage.
I vårt proffesjonelle labratorie som vi har saman med Fagskulen på Vestlandet og Høgskulen på Vestlandet har vi tilgang på eit stort utval av maskiner. Det har blant anna blitt laga produkt som har blitt nytta i redningaksjonar under vatn. Labratoriet har også utvikla produkt til store profesjonelle verksemder.
Sjå bileta under på eksempel på kva som kan lagast.
Som folkehøgskule-elev vil du også bli ein del av eit inkluderande skulemiljø. Nokre av timane vil bli gjennomført på skulen, og nokre i labratoriet. Det er mogeleg å ta med gaming-pc dersom du ynskjer dette.
Linja passer for alle som har skaparlyst og skaparglede. Her er du velkommen uansett nivå og interesse.
Gjennom året vil du få både innsikt, kunnskap og ferdigheiter innanfor desse områda:
- Elektronikk
- 3D - teikning og modellering
- Laser
- Programmering
- Robotikk
- Hydraulikk
- Neumatikk
- Dreiing og fresing
- Sveising
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 14
Måltider pr dag inkludert: 3
Teknologi, design & produksjon skal på linjetur til Tyskland og Italia i 14 dagar. Turen går med fly til Tyskland og deretter med tog til Valencia i Spania, med nokre stopp undervegs. Hovudmålet i Tyskalnd er ullike teknologifabrikkar blant anna Festo. Frå Tyskland reiser vi vidare med tog til Valencia. På togturen blir det lagt opp til stopp både i Marseille i Frankrike og Barcelona. I Valencia besøker vi det kjende Erasmus Universitet og nyt dei siste dagane av turen.
Turen blir som nemnd med atterhald om endringar.
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
3D/teknisk teikning,
Laser
Sveising
Maskinering, dreiing, fresing i ulike materiale
Materialtesting
Programmering
Robotikk
Betonglab
Høgspentlab
Hydrauklikk pneumatikk
Mecanical traine
Utstyr du må kjøpe sjølv: ( vi kan hjelpe deg med kjøp )
- Bærbar pc
- SD-kort
- USB - minnepenn
- Bærbar pc - 16GB ram
- SD-kort
- USB - minnepenn
- Intel i7 eller tilsvarende prosessor
- Nvidia skjermkort er ønskelig, men ikke et krav
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.
Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...
Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...