Til hovedinnhold

Brassband - Vår 25

  • Kurslengde: Halvår — vår
  • Linjefag: 19 timar/veke
  • Pris: fra 80 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
  • Stad: Manger, Vestland
Me er stolte av å presentere den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette er eit halvtårskurs for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Brassbandlinja gir deg akkurat det – meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Gled deg til mykje godt samspel!

Du møter likesinna ungdom på alle nivå. Nokre har ambisjonar om å gå vidare på høgare musikkutdanning, medan andre vil ha korps som ein gjevande hobby.

Gjestar frå inn- og utland

Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av gjestedirigentar på toppnivå som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda. Me samarbeider med Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Samspel

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2–4 fellesøvingar. Musikkutvalet varierer på dei ulike prosjekta.

I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Du får moglegheiter til å spele på kryss og tvers av alle linjene med eigne arrangement, blåserekker for band og storband.

Mange av våre elevar finn seg eit korps å spele med på fritida, og skulen legg tilrette for at dette skal vera mogleg og set deg gjerne i kontakt med lokale korps.

Hovudinstrument

Du får individuelle timar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette vil du lære

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. Andre samspelfag er ensemble og fellestimar.

For å byggje opp under samspelsferdighetane, har me i løpet av veka også ei rekkje andre musikkrelaterte fag:

  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Arrangering
  • Musikkorientering
  • Direksjon
  • Aspirantopplæring

Våre forventninger til deg

Me jobbar ut frå nivået du er på og strekkjer oss så langt du har lyst og kapasitet. Sidan folkehøgskule er ein eksamensfri skule, er det din eigen motivasjon til å bli betre som driv deg. Kva du arbeider med og kor langt du når er mykje opp til deg sjølv og di vilje til arbeid mellom timane.

Fra kr 80 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 80 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 80 000,-
(16 000,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
  • Vi har god erfaring med å tilrettelegga for deg med funksjonsnedsetjing eller kronisk sjukdom som til dømes rullestolbrukarar, svaksynte, høyrslehemma, maga/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
  • Vi tilrettelegg for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg
  • Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar, eller lurer på om vi kan tilrettelegga for deg.
Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Nyheter

- Folkehøgskole er det beste valget jeg har tatt

For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar

Musikal - halvårskurs vår 2025

Ringerike Folkehøgskole
Halvår — vår
16 t/uke
Frilynt

Skuespill halvår, høst 2025

Solbakken folkehøgskole
Halvår — vår
Frilynt

Friluftsliv Hav & Fjell - halvårskurs våren 2025

Bømlo folkehøgskule
Halvår — vår
10 t/uke
Frilynt

Idrett.Ball - vår

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — vår
30 t/uke
Kristen

BAND - Vår 2025

Follo Folkehøgskole
Halvår — vår
Frilynt

X-SPORT - fjell og vann (vår-26)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvår — vår
15 t/uke
Frilynt

Naturfoto

Alta folkehøgskole
Halvår — vår
Kristen

Friluftsliv halvår vår

Nordvestlandet folkehøgskole
Halvår — vår
15 t/uke
Kristen

Friluftsliv-Oppdrag Norge, halvårskurs vår

Hallingdal Folkehøgskule
Halvår — vår
13 t/uke
Frilynt

Idrett halvår vår

Nordvestlandet folkehøgskole
Halvår — vår
15 t/uke
Kristen

Dyrepasser, halvårskurs vår

Hallingdal Folkehøgskule
Halvår — vår
13 t/uke
Frilynt

Backpacker Multisport - Vår 2026

Seljord Folkehøgskule
Halvår — vår
Frilynt

Historisk håndverk (halvårskurs vår 2025)

Sund folkehøgskole
Halvår — vår
18 t/uke
Frilynt

Forskerspire Svalbard - vår 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvår — vår
15 t/uke
Kristen