Volleyball GUTAR
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Oppstartsdato: 23.08.2025
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 144 511,-
- Sted: Førde
- Studietur: Spania - Benidom
Kven er vi?
Volleyballinja er størst og eldst i sitt slag i Norge. Mange av dagens elitespelarar har vore elevar hos oss. Vi har serielag både i 2.- og 3.divisjon. I tillegg spelar vi fleire turneringar gjennom skuleåret. Sunnfjord Folkehøgskule er kjent for å ha eit av dei mest høglytte og entusiastiske volleyballmiljøa i Norge.
Fotograf Nigel Boyce:
Volleyball-linja passar for deg som vil utvikle dine volleyball-ferdigheiter, deg som ynskjer ein kvardag med høgt tempo og mykje trening, og som vil vere ein del av eit inkluderande fellesskap.
Dersom du har erfaring på høgt nivå:
Har du erfaring fra eliteserien eller juniorlandslag? Sunnfjord IL kan tilby overbyggingsavtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.
Typisk erfaring for elevar på denne linja:
Det viktigaste er ikkje kva nivå du er på, men at du vil vere med å bygge fellesskapet.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Måltider pr dag inkludert: 3
I mars reiser linjene Volleyball JENTER, Volleyball GUTAR og Beach & Volleyball på treningsleir til Benidorm. I Spania har vi eit tett samarbeid med Move Your Association (mya.no) som gir oss tilgang til dei beste idrettsanlegga i området.
I løpet av treningsoppholdet kjem vi til å kombinere volleyball med beachvolleyball. Vi skal spele treningskampar mot lokale volleyballklubbar og delta i beachvolleyballturnering. Du skal få lære av, og bli godt kjend med Raul Mesa. I 2005 vart han europamester i beachvolleyball, i tillegg har han delteke i OL. Etter karrieren har han utvikla seg til å bli ein av dei dyktigaste og mest ettertrakta trenarane i Europa.
I tillegg til mykje volleyballaktivitet på studieturen skal du blant anna få besøke dei kjende Algar fossene (Fonts de I`Algar). Det er flotte fossefall i fjellet der ein kan bade og kose seg.
Denne turen er inkludert i linjeprisen.
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Treningsstudio. Spinningsal, Gymsal med servemaskin. Tilgang til storhall i Førdehuset og beachvolleyball-baner.
Sko for hallidrett, idretts- og treningsklede. Skulen har innkjøpsavtale, alt kan skaffast etter at skulen har starta.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.