Gaming & E-sport, haust 2025
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 23.08.2025
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 60 750,-
- Sted: Førde
Gaming & E-sport er linja der vi tilpassar undervisninga til ditt nivå, enten du satsar på å slå igjennom som utøver, eller om du syns det er kjekt å game saman med andre. Her vil du blant anna lære meir om spel i ulike sjangrar, trening og kosthold. Læraren din har spisskompetanse innan FPSar som CS2 og Valorant, noko som du kan dra nytte av når du utviklar deg som spelar.
På linja vil vi gjere mykje forskjellig. Kvardagen vil bestå av speling, konkurransar, arbeid med aim, taktiske ferdigheiter og kommunikasjon. Vi gjer også andre aktivitetar som go-kart, paintball og escape room!
Bli betre i e-sport, kos deg med favorittspelet ditt, og ha ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening og andre idrettar. Jobb saman med andre spelarar for å bli betre i alt frå kommunikasjon til taktisk forståelse.
Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule. Her på Gaming & E-sport vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på samhald og individuelle ferdigheiter, er målet at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar. Elevane på Sunnfjord folkehøgskule er også viktige for lokalmiljøet i form av at dei hostar UKM-lan i nærområdet.
Denne linja er for alle som har interesse for gaming. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å drive med dataspel og utvikle deg som menneske.
- At du er motivert for å utvikle deg og lære
- Du forstår at det krevest innsats og struktur dersom du ynskjer å bli betre i e-sport
- Du forstår også at livet består av andre ting, og at ein treng å vere aktiv og sosial for å kunne - prestere så godt ein kan
- Du vil lære om korleis ein brukar motgang til læring
- Du bidreg til eit godt klassemiljø og gjer ditt for at dei rundt deg har det bra
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Vi har eige treningsstudio på skulen. Her kan du få hjelp til å lage eit treningsprogram som passar til deg, enten du er ny eller har trent mykje tidlegare.
Linja har også eit eget loungerom som vi har utstyrt med projektor, fleire sofar, kjøleskap og microbølgeomn. Dette brukar vi når vi analyserer demoar, har klassemøter og står til fri disposisjon på kveldstid for minnerike kveldar med livestreams, kortspel og filmar.
Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...
Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...