Til hovedinnhold

Sport Adventure, haust 2025

  • Kurslengde: Halvår — høst
  • Oppstartsdato: 23.08.2025
  • Linjefag: 14 timer/uke
  • Pris: fra 63 250,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Førde
Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.

Vi starter normalt opp med fotball og beachvolleyball. I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året. 

Normalt køyrer vi eit våttkurs i elvekajakk på hausten. Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrataer ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.  

I løpet av hausten skal du også på surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør. 

På linjeveka i oktober reiser vi til Geilo for å teste ut stisykling. 

Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat og plukke litt bær og sopp. 

Du treng ingen forkunnskapar eller spesielle fysiske fortrinn. Du er lysten på å dyrke fellesskap og vennskap med andre gjennom variert idrett, eventyrlege opplevingar både i kvardagen og på reise.

Dette vil du lære

  • Surfing
  • Klatring
  • Rafting
  • Fotball
  • Basketball
  • Sirkeltrening
  • Volleyball
  • Orientering
  • Spinning
  • Badminton
  • Frisbeegolf
  • Langrenn
  • Topptur
  • Beachvolleyball
  • Landhockey
  • Styrketrening
  • Sykling

Våre forventninger til deg

Du er open for mange forskjellege aktivitetar og idrettar. Du likar å trene og vere aktiv. Vi kjem til å overnatte ute i telt så det må du vere villig til å gjere. Du tek deg sjølv ikkje alt for høgtideleg, men er nysgjerrig på det meste. Du er eventyrlysten og positiv, og ser verdien av fellesskap.

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Vi startar 23.8.2025
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar, juleferie
  • Januar: Nyttårsball. 
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i mars for heile skulen. 
  • Påskeferie i april
  • Mai: Avslutning 

Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.

Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Fra kr 63 250,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 63 250,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 63 250,-
(12 650,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Gymsal
  • Treningsstudio med vektrom
  • Spinningssal
  • Hafstadparken med to fotballbaner, to tennisbaner, beachvolleyballbaner og sykkelløype
  • Ikkje minst naturen på Vestlandet 

Dette utstyret må du stille med selv

  • Sykkel 
  • Sovepose 
  • Liggeunderlag 
  • Joggesko 
  • Tursko 
  • Treningskle 
  • Kopp 
  • Matboks 
  • Fiskestang 
  • Skiutstyr 
  • Godt humør 

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Global Action, haust 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — høst
18 t/uke
Kristen

Freeski, høst 2025

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvår — høst
Kristen

Friluftsliv X // Norge - haust 25

Møre Folkehøgskule
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Visual Arts - halvårskurs høst 2025

Ringerike Folkehøgskole
Full
Halvår — høst
Frilynt

REIS Opplevelser Høsten 2025

Ålesund Folkehøgskole
Venteliste
Halvår — høst
Kristen

Høstkurs Naturfoto

Lofoten folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Film og filmproduksjon - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvår — høst
17 t/uke
Frilynt

Klatring og fjellsport

Lofoten folkehøgskole
Halvår — høst
17 t/uke
Frilynt

Halvårskurs høst: Håndball

Skogn folkehøgskole
Halvår — høst
14 t/uke
Frilynt

Musikk og media - Filmmusikk Haust 25

Manger folkehøgskule
Halvår — høst
Frilynt

Idrett.Ball - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — høst
30 t/uke
Kristen

Musikkproduksjon - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvår — høst
17 t/uke
Frilynt

Klassisk treblås (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvår — høst
Frilynt

CrossFit, høst

Numedal folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt