Helse & Trening, vår 2025
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 06.01.2025
- Pris: fra 89 800,-
- Sted: Førde
- Studietur: Sri Lanka
På Helse & Trening skal vi ha det kjekt med varierte treningsformer - både utandørs, i gymsal og på treningsstudio! Du vil lære om fysisk og psykisk helse, ernæring og velvære - med fysisk aktivitet som innfallsvinkel.
På Helse & Trening vil du få prøve ut mange forskjellige treningsformer og aktivitetar. I kvardagane vekslar vi mellom tradisjonell styrke- og kondisjonstrening, ulike idrettar, og variert helseretta undervisning. Vestlandet er eit eldorado for utandørs aktivitetar, så på hausten og våren forsøker vi å nytte oss mest mogleg av det. I tillegg til dei kvardagslege treningane, vil du for eksempel få spektakulære opplevingar som å surfe i Hoddevika, klatre Via Ferrata i Loen, stisykle på Geilo, og padle elvekajakk i Jølstra.
I tillegg har skulen eigen gymsal og treningsstudio, samt tilgang til Førde klatresenter, som vi nytter oss mykje av når det freistar mindre å vere ute. Dette er fasilitetar som òg er tilgjengelege for deg på fritida. Parallelt med varierte aktivitetar, vil du få lære meir om helse og velvære, både gjennom undervisning, studieturar, workshops og avspenningsteknikkar som meditasjon og mindfulness. Alt i eit trygt og positivt miljø, kor du vil knytte sterke band og få venner for livet!
Vårt mål er at du skal oppleve trenings- og idrettsglede, meistring og fellesskap. Vi trur på fellesskapet som ein helsefremmande arena, og vil gjere vårt ytterste for at du skal få oppleve det hos oss!
Studieturen går til Sri Lanka. Les meir om den lenger nede.
Du treng ingen spesielle forkunnskapar eller ferdigheiter for å søke på Helse & Trening. Dette er linja for deg som er lysten på å dyrke fellesskap og vennskap med andre gjennom variert trening, idret
· Fysisk helse
· Psykisk helse
· Sjukdomsførebygging
· Stressmeistring
· Meditasjon
· Mindfulness
· Yoga
· Utholdenheitstrening
· Styrketrening
· Kosthald
· Ballidrett
· Surfing
· Klatring
· Buldring
· Stisykling
· Symjing
· Grunnleggjande friluftsliv
· Alpint
· Langrenn
· Badminton
· Frisbeegolf
· Spinning
· Sirkeltrening
· Fjelltur
· Padeltennis
Du er open for mange ulike aktivitetar og idrettar. Du likar å trene og å vere i aktivitet. Du ynskjer å lære om fysisk og psykisk helse, og om menneskekroppens mange fantastiske funksjonar. Du tek deg sjølv ikkje alt for høgtideleg, men er nysgjerrig og open. Du er positiv og eventyrlysten, og ser verdien av fellesskap
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 14
Måltider pr dag inkludert: 3
Linjeturen går til Sri Lanka. Skulen har i ei årerekke reist til Sri Lanka og er godt kjent i landet, då vi har både erfaring frå landet og tilsette som kjem der frå. Dette gjer til at vi kan skreddarsy ein tur der du får dei beste opplevingane.
Vi skal besøke den berømte Sigiriya-klippa, som står på Unesco si verdsarvliste. Du får oppleve ulike strand- og vatn-idrettar som t.d. surfing, rafting, dykking og fjellturar. Du vil også møte på ville elefantar, aper og mange fleire dyr i nasjonalparken vi besøker. Vi skal sjølvsagt også nytte oss av dei endelause sandstrendene som omkransar nesten heile øya. Det blir ein kombinasjon av å reise på rundtur og oppleve landet, vere saman med srilankiske ungdommar, oppleve nokre av dei finaste strendene i verda.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.