Til hovedinnhold

Beach & Volleyball

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 23.08.2025
  • Linjefag: 14 timer/uke
  • Pris: fra 148 011,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Førde
  • Studietur: Spania - Benidom
Vil du spele beachvolleyball og volleyball? Hos oss skal du få trene med ball kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring både i sanden og i hallen.

Beach & Volleyball: 
Sandvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vår-semesteret, samt på studieturane. Skulen har to sandvolleyballbanar 50 meter frå internatet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparkenberre ein kilometer frå skulen, med fire banar. Som elev på Beach og Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysioterapeut dersom du vert skada.  

Volleyball: 
Beach & Volleyball har eit tett samarbeid med og har det meste av undervisninga saman med volleyballinja. Vi har serielag for damer i 2. divisjon og for herre i både 2. og 3. divisjon, i tillegg spelar vi treningskampar og deltek på turneringar. I seriespel er vi delt, men i treningskvardagen trenar vi ofte saman eller ved sida av kvarandre. Vi er kjent for vårt høglytte og entusiastiske volleyballmiljø og gode felleskap.

Hos oss er alle hjarteleg velkomne, anten du er nybyrjar eller erfaren. Vi jobber for at at den enkelte skal utvikle seg, uansett kva nivå ein har når ein startar på skulen. Har du elite- eller juniorlandslags- erfaring i volleyball? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.  

 

Beach og Volleyball passar både for den erfarne spelaren og for nybyrjarar. Du treng ikkje å ha mykje erfaring. Det viktigaste er at du er motivert til å trene kvar dag og at du er ein lagspelar.

Dette vil du lære

  • The Sunnfjord Spirit. 
  • Teknisk og taktisk innføring i beachvolleyball og volleyball. 
  • Volleyballtrening og seriespel saman med Volleyball-linja. 
  • Styrketrening og skadeforebyggjande trening 
  • Minitrenarkurs 
  • Felleskap (Sunnfjord Family)  
  • Meistring 

Våre forventninger til deg

Du synes det er kjekt å spele både sandvolleyball og volleyball oger motivert til å trene mykje. Vi forventar at du ønskjer å ta del i og bidra til fellesskapet.  

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Vi startar 23.8.2025
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar, juleferie
  • Januar: Nyttårsball. 
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i mars for heile skulen. 
  • Påskeferie i april
  • Mai: Avslutning 

Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.

Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Fra kr 148 011,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Spelarlisensar
  • Reiser til kampar
  • Bad på gangen
  • Treningsstudio
  • Påmeldingsavgift kr 2 500,-
  • Studietur: Spania - Benidom
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 148 011,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 148 011,-
(14 801,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Inkludert i prisen er alle spelarlisensar du treng for organisert spel, overtrekksdrakter og spelardrakter, reiser til bortekampar og studietur.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Treningsstudio. Spinningsal, Gymsal med servemaskin. Tilgang til storhall i Førdehuset og beachvolleyball-baner. 

Dette utstyret må du stille med selv

Sko for hallidrett, treningsklede, sandsokkar, ullsokkar, solbriller. Det er butikkar i nærområdet så alt kan skaffast etter at skulen har starta.

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Volleyball GUTAR

Sunnfjord Folkehøgskule
Helårskurs
14 t/uke
Kristen

Volleyball Toppidrett OSLO

Rønningen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Volleyball JENTER

Sunnfjord Folkehøgskule
Helårskurs
Kristen

Volleyball Adventure

Sunnfjord Folkehøgskule
Helårskurs
Kristen

Idrett Ballsport

Nordvestlandet folkehøgskole
Helårskurs
18 t/uke
Kristen

Breddeidrett OSLO

Rønningen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Idrett.Ball

Sunnmøre Folkehøgskule
Helårskurs
30 t/uke
Kristen

Ballsport - USA Hellas

Numedal folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

KRIK Volleyball og Flyt

Sagavoll folkehøgskole
Få ledige plasser
Helårskurs
12 t/uke
Kristen