Musikal Teater
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Oppstartsdato: 23.08.2025
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 154 511,-
- Sted: Førde
- Studietur: New York
Tenk deg at du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå publikum! Eller kanskje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte «det der vil eg også vere en del av!» eller kanskje du leitar etter ein måte å uttrykkje deg på og brenn for å fortelje viktige historier? Då er Musikal Teater perfekt for akkurat deg, for her er det plass til alle uansett erfaring!
Du få vere med å sette opp ein fullskala musikal for stort publikum, saman med resten av skulen.
Sunnfjord Folkehøgskole baserer si teaterundervisning på Meisner Technique, ein kjend amerikansk metode for skodespelarutdanning.
På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk og formidling.Du vil få tilbod om å ta individuelle timar i song. Noko av undervisninga vil skje saman med danselinja på skulen.
Linja er for de som lurar “kven er eg, og kven kan eg bli og kven kunne eg har vore?” Linja er for de som vil fortelle historier, for de som lurar på korleis andre folk har det, for de som vil utrykke
Du er nysgjerrig på å lære meir om utøvande sceneuttrykk, trene deg opp fysisk via dans og sceneaktivitetar, du synes det er gøy å spele på ei scene saman med andre. Du treng ikkje masse erfaring, men du treng ei positiv og støttande innstilling som kan gjere andre glad. Ikkje minst: Ikkje ta seg sjølv så veldig høgtideleg!
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Studieturen går til New York - verdens mest spennande by, og teateret sin hovedstad. Der du vil få oppleve Broadway-shows og workshops med kjente skodespelarar, guida av linjelærar Jeff som har budd og jobba som regissør i New York. Jeff velger dei beste teaterstykkene i verda til deg.
I tillegg til fagleg innhold vil du oppleve det beste innan mat, kultur og idrett som New York har å by på. Vi skal på kamp, konsert, tur rundt Central Park, besøke den kjende Friheitsgudinna, Chinatown, og The Empire State Building. Det blir tid til både shopping på 5th Avenue og jazz i Greenwich Village.
Jeff er ein erfaren skodespelar og regissør. Han er frå USA, men har budd i Norge i mange år og snakkar godt norsk. Før det var han 14 år i London. Jeff har eit stort kontaktnett og har arbeidd med skodespelarar som Tom Hanks, Kevin Spacey og Meg Ryan. Han har også undervist i drama på Bårdar Akademiet i Oslo. Jeff har lang erfaring frå arbeid med film, tv, teater og dataspel. Les meir om Jeff her
Epost: jeff@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 99128928
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Det er flest linjetimar på vår timeplan. Linjene ofte på tur eler har treningsøkter eller anna undervisning. Fleire av dagane har vi også fellestimar eller valfagstimar. På laurdag har vi eit seminar med forskjellige tema kvar veke. Alle folkehøgskular har undervisning på laurdagar.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje eit valfag á tre timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Dansesal med spesialparkett, lydanlegg og speilvegg. Treningsstudio med vektrom, gymsal. Lita scene for eigne arrangement. Tilgang til kulturhus-scene og gode salar for undervisning.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...
Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...