Volleyball Adventure, haust 2025
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 23.08.2025
- Pris: fra 63 250,-
- Sted: Førde
Volleyball Adventure passar for deg som er allsidig og som er på jakt etter eit variert år!
Saman med volleyball-linjene skal vi fylle kvardagane med profesjonelle treningar, slik at du kan utvikle deg som volleyballspelar – uansett kor mykje erfaring du har fra før. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere og utvikle menneske både på og utanfor bana. Vi skal også delta på nokre store og små turneringar både innandørs og på beach-bana.
I tillegg til å tilbringe tid i hallen, skal vi også utforske alt det vakre vestlandet har å by på gjennom actionfylte og eventyrlige turar! Sjå for deg å nyte morgonkaffien i soloppgang på ein fjelltopp, kjenne adrenalinet i kroppen når du utfordrar deg på ein heilt ny måte, eller gleda av å dele dagens morsomaste historie rundt bålet før dykk skal overnatte under åpen stjernehimmel. Volleyball Adventure står for: Idrettsglede, meistring, fellesskapsfølelse og vennskapsbånd for livet!
Linja passer for alle som har interesser for volleyball, men ynskjer å lære og delta på andre aktivitetar også.
Det viktigaste er ikkje kva nivå du er på, men at du vil vere med å bygge fellesskapet og delta aktivt både på volleyballbana og ute i naturen.
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Lurt å ha, men ikkje obligatorisk:
Det som ikkje står her, kan du rekne med at skulen har eller du treng det ikkje.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.
Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.