Til hovedinnhold

Du er typen som likar å vere i aktivitet. Og aller helst både i gymsalen, på treningssenteret og i friluft.

I Sør-Afrika får du høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 meter. Men du får også eit bankande hjarte i møte med menneska i «Homeless Soccer»-prosjektet i Townshipen i Cape Town.

I løpet av året vil du kjenne den gode kjensla når du går i urørt natur. Spenninga når paraglideren får luft og bølgja tek tak i surfebrettet. Smerta over ei litt for hard takling eller når ei paintballkule treff deg i ryggen.

Gleda over eit drømmetreff på fotballbana. Ikkje berre i 2 x 45 minutt, men eit heilt år. Eit heilt år med garderobestemning, samhald og gode lagkameratar.

Det meste av det beste: 
Sør-Afrika | Fallskjerm/Cape Town | Surfing i Hoddevika | Fotball | Volleyball/beachvolley | Golf | Treningsstudio | Surfing på Stad | Squash/badminton/padel | Klatring | Stup/symjing | Go-kart | Frisbeegolf/fotballgolf | Paintball | Leirdueskyting | Topptur Sunnmørsalpane | Strikkhopp 216 m | ATV/Zipline

Info om halvårskurs:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.

Linjeinnhaldet kan variere noko frå år til år, mellom anna pga veret. Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Les skulebrosjyra på nett
Les meir om Idrett.Ball på sunnmore.fhs.no

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 20 dagar

Måltider pr dag inkludert: 3

Cape Town har alt; natur, religion, kultur, historie, mat, menneskemøter og ekstremsportaktivitetar.

Sør-Afrika er for mange det ultimate reisemålet. Cape Town er lokalisert på sør-vestspissen av det afrikanske kontinentet, mellom Det indiske hav og Atlanteren. Byen er gjennom århundra ein stoppestad på reisa mellom Europa og Asia. Sørpolen er berre ei lang båtreise unna.

På denne turen vil fokuset til dømes vere på apartheid, globalt medborgarskap og aktivitetar som workshops, fallskjermhopp, surfing, golf, parkour, safari og verdas høgaste strikkhopp på 216 meter. Det er også tid til eit vertsfamiliebesøk med overnatting og ein tur innom fengselscella til Nelson Mandela på Robben Island.

Fleire ulike linjer reiser til Sør-Afrika. Innhaldet vil variere frå linje til linje og bildeserien under vil difor ikkje vere heilt representativ for alle linjene. Du finn meir info om turopplegga på dei ulike linjesidene på sunnmore.fhs.no.

Per Bernt Aske

Lærar - Golf og Idrett

På Vestlandet er alt lov når det gjeld namnekombinasjonar. Per Bernt er idrettslæraren med 0,8 i hcp i golf og 1. divisjonsspel for Hødd. "PB" inviterer motspelar til å bruke leggskinn på kunstgrasbana, men leverer også følsomt nærspel på putting-greenen. 

Epost: pba@sufh.no
Telefon: 70009600

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 79 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: Sør-Afrika
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
Minimumspris for linja 79 500,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 79 500,-
(15 900,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Skulen er universelt utforma. 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Har bodd fire år i kollektiv med venner fra folkehøgskolen: – Trygt og gøy

Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Klassisk stryk (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Jazz/Rytmisk (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Halvårskurs Idrett og Friluftsliv høst

Molde Folkehøgskole
Halvårskurs høstKristen

Jakt & Fiske halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Global Afrika

Lundheim folkehøgskole
Halvårskurs høst18 t/ukeKristen

Naturfoto Svalbard - høst 2024

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeKristen

Global.Safari - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst30 t/ukeKristen

Matlinja (høst 2024)

Øyrekka folkehøgskole
Halvårskurs høst13 t/ukeFrilynt

Filmskuespiller halvår, høst 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs høst36 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Svalbard - høst 2024

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeKristen

Musikkproduksjon - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvårskurs høst17 t/ukeFrilynt

Bratt – klatring, buldring og stisykkel, høst 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs høstKristen