

Idrett.Ball - vår 2026
- Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
- Telefon: 7000 9600
- E-post: post@sufh.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 05.01.2026
- Linjefag: 30 timer/uke
- Pris: fra 61 500,-
- Sted: Ulsteinvik
Denne linja passer sjølsagt perfekt for deg som likar allslags ballsport. Og du får meir: du får surfe i Hoddevika, køyre pudder på Strandafjellet, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider og mykje anna.
I tillegg til skulen sin gymsal og frisbeegolfbane er det kun 50 m til eit stort treningssenter med crossfitanlegg, squashbaner, møller og alt du treng av treningsapparat (250 kr for eit halvt skuleår). Det er også kort veg til ei sykkelbane med flytstiar, 9-hols golfbane, 18-hols fotballgolfbane, turnhall, padelhall, buldrehall, fotballhall, friidrettshall og fri tilgong til ein svær fleirbrukshall med klatrevegg og badeland.
Eigentleg er det ikkje noko å lure på. Pakk treningsbaggen og gjer deg klar!
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste
Surfing i Hoddevika | Skikøyring på Strandafjellet | Fotball | Surfing i Hoddevika | Skikøyring på Strandafjellet | Fotball |Skøyter/ishockey | Stup/symjing | Go-kart | Golf/frisbeegolf/fotballgolf | Paintball | Leirdueskyting |Topptur Sunnmørsalpane |
Info om halvårskurs
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.
På Vestlandet er alt lov når det gjeld namnekombinasjonar. Per Bernt er idrettslæraren med 0,8 i hcp i golf og 1. divisjonsspel for Hødd. "PB" inviterer motspelar til å bruke leggskinn på kunstgrasbana, men leverer også følsomt nærspel på putting-greenen.
Epost: pba@sufh.no
Telefon: 70009600
Sunnmøre Folkehøgskule er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er dine næraste naboar.
Skulen er universelt utforma.
Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.
Cinta Jacobsen gikk ei aktiv linje på folkehøgskolen. Likevel var det her hun ble interessert i aksjer og økonomi, og fant drømmestudiet.