Multisport - vår
- Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
- Telefon: 7000 9600
- E-post: post@sufh.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 07.01.2025
- Linjefag: 30 timar/veke
- Pris: fra 63 500,-
- Stad: Ulsteinvik
Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og går på kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk.
I vintermånadane blir det ski frå morgon til kveld i snøkledde Sunnmørstindar som stuper rett ned i tronge fjordar. Og du får dagar på Strandafjellet Skisenter som kanskje overgår alt du tidlegare har opplevd av laussnøkjøring.
Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen tilbereda og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose under stjernehimmelen.
I morgon ventar ein ny fullspekka dag.
Linjeinnhald
Surfing i Hoddevika | Klatring (bratt kort) | Terrengsykling | Toppturar | Rando | Sunnmørsalpane | Strandafjellet Skisenter | Skredopplæring | Vannski/kajakk/snorkling | RIB-turar
Info om halvårskurs
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett
Les meir om Multisport på sunnmore.fhs.no
Svensken er to meter høg og to meter brei og er ei maskin med sekken full av horsepower, turerfaring og godt humør. Henrik er tidlegare landslagskøyrar i trail og var først ute med Multisport-konseptet. No er linja så bra at alle andre skular ynskjer å etterlikne den.
Epost: hp@sufh.no
Telefon: 70009600
Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte.
Skulen er universelt utforma.
Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.
Cinta Jacobsen gikk ei aktiv linje på folkehøgskolen. Likevel var det her hun ble interessert i aksjer og økonomi, og fant drømmestudiet.