Musikk.Friluft - vår
- Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
- Telefon: 7000 9600
- E-post: post@sufh.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 07.01.2025
- Linjefag: 30 timer/uke
- Pris: fra 61 500,-
- Sted: Ulsteinvik
Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.
Du lærer meir om låtskriving, samspel, arrangering, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. Når låta di er spelt inn, er det tid for musikkvideo. På skulen sin musikal i kulturhuset for 2500 tilhøyrarar kan du stå på scena, spele i band eller jobbe med lyd/lys. Du får også konsertar, artistmøter og tilbud om sangpedagog.
På Norges kanskje mest aktive musikklinje får du på goversdagar i tillegg dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre har å by på, t.d. kajakk, surfing, klatring, Via Ferrata og RIB .
Fortsatt nysgjerrig? Les meir her.
Det meste av det beste
Huskonsertar | Musikal | Studioarbeid | Låtproduksjon | Jamsessions | Loop pedal | Rytme-/høyrelære | Låtskriving | Band | Musikkvideo | Samspel | Sangteknikk | Kor/vokalgruppe | Besifring piano/gitar | Surfing | Toppturar | Ski/brett | Grottevandring | Klatring | Kajakk | Via Ferrata | RIB | Vannsport | Hengekøyecamp
Info om halvårskurs
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.
Håvard er ein sportsidiot som heldigvis vart eit musikkgeni. Løpeskoa og langrennskia er borte og no er han i staden lærar og frilansmusikar. Håvard bles hardare i trombona enn orkanar bles på Vestlandet og han likar gjerne å gje flat loop-pedal.
Epost: hkf@sufh.no
Telefon: 70009600
Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte.
Skulen er universelt utforma.
Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.
Cinta Jacobsen gikk ei aktiv linje på folkehøgskolen. Likevel var det her hun ble interessert i aksjer og økonomi, og fant drømmestudiet.