Til hovedinnhold

Vestlandet byr på eit hav av freistingar. Her er det skikkelig uvêr og det bles nordavind frå alle kantar. Heldigvis! Då er du i ditt rette element.

Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika. Den gløymer du aldri. Du er óg i ditt rette element når du tek på deg våtdrakta og dykkar ned i ei ny verd. Ei verd av klart vatn, fargerike manetar, fiskestimar og nysgjerrige selar.

På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. Og på godversdagar padler du kajakk og ser kvitkledde Sunnmørsalpar stupe rett ned i fjorden.

Turen til Sardinia er ein 20 dagar lang tur med tog og båt gjennom Europa for å oppleve dagar med surfing, snorkling, sykling og klippehopp. Det er på slike dagar du tenker: ”Himmel og hav for eit år det skal bli!”

Det meste av det beste:
Interrail Europa/Sardinia | Surfing i Hoddevika | Segling | Fjellturar/toppturar | Kajakkekspedisjon | «Møte med det ukjente» | Fridykking basseng/ute | Bålprat | Elv-/grottevandring | Fisketur | Sunnmørsalpane | Klippehopping | Vannsport | Solodøgn | Fuglefjellet på Runde.

Info om halvårskurs:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.

Linjeinnhaldet kan variere noko frå år til år, mellom anna pga veret. Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett
Les meir om SjøSnøSurf på sunnmore.fhs.no

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

På interrail kan vi reise dit vi vil. Her ventar opplevingar utanfor togvinduet kvar einaste dag.

Bli med på ei reise gjennom Aust-Europa. Nokre stopp er korte, andre plassar er vi på litt lengre besøk. Alle stadane er du likevel lenge nok til at du rekk å høyre språket, smake på maten, kjenne pulsen og merke lydane og luktene som møter deg.

Vel framme på Sardinia, ei øy som ligg vest for Italia i Middelhavet, er det mange surfespot med godt over 200 surfedagar i året. Det gjev utfordringar på alle nivå.  Her kan du også sitje å sjå utover havet, padle kajakk inn i rolege viker, segle i Middelhavet eller hoppe frå klippar i Cala Luna.

Undervegs køyrer vi rundt og blir kjend på øya. Når kvelden kjem, samlast vi rundt bordet for ein deilig italiensk pasta.

 

Jan Einar Roos

Lærar - SjøSnøSurf

Jan Einar er mannen bak SjøSnøSurf, men føre alle andre når det er konkurranse. Han har eigen seglbåt og kan segle like godt til lands som til vanns. Det er ikkje Jan Einar som fann opp fjella på Sunnmøre, men han sjekkar jamnleg at dei funkar som dei skal. 

Epost: jer@sufh.no
Telefon: 70009600

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 84 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: Sardinia
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
Minimumspris for linja 84 500,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 84 500,-
(16 900,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Skulen er universelt utforma. 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Har bodd fire år i kollektiv med venner fra folkehøgskolen: – Trygt og gøy

Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

E-sport Aktiv, haust 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs høstKristen

Jazz/Rytmisk (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Småbruk - Natur - Selvforsyning *høst 2024*

Setesdal Folkehøgskule
Få ledige plasser
Halvårskurs høst16 t/ukeFrilynt

Filmskuespiller halvår, høst 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs høst36 t/ukeFrilynt

Musikk.Friluft - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst30 t/ukeKristen

Musikkteater halvår, høst 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Volleyball, haust 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs høst14 t/ukeKristen

Musikkteater West End

Seljord Folkehøgskule
Kontakt skulen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Kunst+

Sunnhordland folkehøgskule
Halvårskurs høst21 t/ukeFrilynt

Jakt & Fiske halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Beats Production, høst 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs høstKristen

Kunst Svalbard - høst 2024

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeKristen