Til hovedinnhold

Denne linja har ingen "Hole-in-one"-lovnad. I staden kjem vi med ein "All-in-One"-garanti.

På Sunnmøre Golfklubb vil både den etablerte golfar og nybyrjaren få god instruksjon av ein lærar med 0,8 i handicap. Vi spelar på ulike baner på Sunnmøre og i Sør-Afrika.

Sør-Afrika tilbyr fantastiske golfbaner, golfundervisning for born i townships og det er mogleg med adrenalinkick med strikkhopp eller dykking med kvithai. Utanfor golfsesongen vil ballspel og ski/snowboard dominere, medan aktivitetar som surfing, paragliding og paintball spriter opp kvardagen og klassemiljøet.

På Sunnmøre Golfklubb har du gratis spelerett og med tilgang til Trackman golfsimulator. Den ligg berre eit langt utslag frå skulen.

Det meste av det beste:
Sør-Afrika | Gratis spelerett | Trackman golfsimulator | Sunnmøre Golfklubb | Golf i Cape Town | «Veien til golf»-kurs | Svinganalyse | Spill ned handicappet ditt | Turnering | Fotball/volleyball | Treningssenter | Surfing | Stup | Frisbeegolf | ATV/ziplines | Fallskjerm - Cape Town 

Info om halvårskurset:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.

Linjeinnhaldet kan variere noko frå år til år, mellom anna pga veret. Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett
Les meir om Golf.Idrett på sunnmore.fhs.no

Passer for alle som er interessert i golf og idrett. Har hatt elever med 2,5 i hc og nybyrjarar med hc 54 og det har fungert godt! Lærar Per Bernt har i dag 0,8 i hcp.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 20 dagar

Måltider pr dag inkludert: 3

Cape Town har alt; natur, religion, kultur, historie, mat, menneskemøter og ekstremsportaktivitetar.

Sør-Afrika er for mange det ultimate reisemålet. Cape Town er lokalisert på sør-vestspissen av det afrikanske kontinentet, mellom Det indiske hav og Atlanteren. Byen er gjennom århundra ein stoppestad på reisa mellom Europa og Asia. Sørpolen er berre ei lang båtreise unna.

På denne turen vil fokuset til dømes vere på apartheid, globalt medborgarskap og aktivitetar som workshops, fallskjermhopp, surfing, golf, parkour, safari og verdas høgaste strikkhopp på 216 meter. Det er også tid til eit vertsfamiliebesøk med overnatting og ein tur innom fengselscella til Nelson Mandela på Robben Island.

Fleire ulike linjer reiser til Sør-Afrika. Innhaldet vil variere frå linje til linje og bildeserien under vil difor ikkje vere heilt representativ for alle linjene. Du finn meir info om turopplegga på dei ulike linjesidene på sunnmore.fhs.no.

Per Bernt Aske

Lærar - Golf og Idrett

På Vestlandet er alt lov når det gjeld namnekombinasjonar. Per Bernt er idrettslæraren med 0,8 i hcp i golf og 1. divisjonsspel for Hødd. "PB" inviterer motspelar til å bruke leggskinn på kunstgrasbana, men leverer også følsomt nærspel på putting-greenen. 

Epost: pba@sufh.no
Telefon: 70009600

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 84 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: Sør-Afrika
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
Minimumspris for linja 84 500,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 84 500,-
(16 900,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Vi har det meste som trengs, men eige golfutstyr er sjølvsagt ein fordel.

Skulen er universelt utforma. 

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Har bodd fire år i kollektiv med venner fra folkehøgskolen: – Trygt og gøy

Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Halvårskurs i friluftsliv høst

Lofoten folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Klassisk piano og strenger (Halvårskurs)

Toneheim Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Kunstfoto (halvårskurs høst 2024)

Sund folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Kunst+

Sunnhordland folkehøgskule
Halvårskurs høst21 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Svalbard - høst 2024

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeKristen

Helse & Trening, haust 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs høstKristen

Global.Safari - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst30 t/ukeKristen

E-Sport FPS halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Jakt & Fiske halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Foto - fashion og kunst - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvårskurs høst17 t/ukeFrilynt

BAND - Høst 2024

Follo Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Volleyball, haust 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs høst14 t/ukeKristen