Til hovedinnhold

Opplev verda. Reis med hjarte!

Tanzania byr på sterke kontrastar. Du møter menneske som slåss mot ekstrem fattigdom for å gje barn og unge framtid og håp. Du får også bade i turkisfarga hav og oppleve safari i solnedgang blant løver og giraffar.

I Sør-Afrika går du i fotspora til Nelson Mandela. Du besøker Soweto, Pietermaritzburg, Durban og Cape Town. Du lærer om utfordringane Sør-Afrika har etter Apartheid. Om du vil, kan du surfe, hoppe i strikk frå Soweto Towers og hoppe i fallskjerm. 

Heime i Norge får du det beste av folkehøgskulelivet, og det beste av naturen på Sunnmøre. Det vert eit år der du er mykje på tur. Likevel er kanskje den viktigaste reisa inni deg sjølv.

Det meste av det beste:
Safari Mikumi National Park | Cape Town, Soweto, Durban & Pietermaritzburg | Robben Island | Guida turar | YWCA & YMCA | Reiseførebuingar | Runde Fyr | Loenvatnet | Via Ferrata Loen | Hengekøyetur | Kajakk | Ekstremsport i Sør-Afrika (individuell betaling)

Info om halvårskurs:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.

Linjeinnhaldet kan variere noko frå år til år, mellom anna pga veret. Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett
Les meir om Global.Safari på sunnmore.fhs.no

Sør-Afrika

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Global Safari reiser til Durban og Pietermaritzburg i KwaZulu-Natal og Cape Town i Western Cape. Opphaldet er ein miks av aktivitetar som til dømes Big Rush Rope Swing, surfing, fallskjermhopp og zipline (nokre av aktivitetane må du betale sjølv).

Vi vil også få ulike møter med lokalbefolkninga gjennom vertsfamilie og ulike opplegg med ungdom frå YMCA. I tillegg vil vi følgje i Mandelas fotspor, bli kursa av YMCA i "From Subject to Citizen", og møte folk som fortel om ulike sider ved livet i Sør-Afrika, både sosialt, politisk, kulturelt og religiøst.

Tanzania

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

I Tanzania kjem du tett på afrikansk kultur, natur og folkeliv. Du møter lokale partner som arbeider for å stoppe ekstrem fattigdom, og her får du høyre korleis det går an å leve saman i fred som kristne og muslimar.

Turen inneheld også det som dei fleste kjem til Tanzania for å oppleve; safari og kritkvite strender. 

Her kan du lese meir om skulen sine studieturar.

 

Øyvin Sønnesyn

Lærar - Global.Safari

Sønnesyn er sønn til ein av skulen sine tidlegare rektorar. Fekk difor tidleg smaken på folkehøgskule. Han har jobba mange år som musikklærar, men har no bytta ut dur og moll med tur og toll. Øyvin er i norgestoppen i allsang og i verdstoppen i small talk.

Epost: os@sufh.no
Telefon: 70009600

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 92 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: Sør-Afrika
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Studietur: Tanzania
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
Minimumspris for linja 92 500,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 92 500,-
(18 500,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Skulen er universelt utforma.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Vi er kjempeheldige! Koronasituasjonen er i seg selv et argument for å velge folkehøgskole

Mens andre ungdommer føler seg alene og isolert med digital undervisning, er årets folkehøgskoleelever heldige. Birte mener det i seg selv er et argument for ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv Hav (Høst 2024)

Øyrekka folkehøgskole
Halvårskurs høst13 t/ukeFrilynt

Design & Fashion - halvårskurs høst 2024

Ringerike Folkehøgskole
Fullt
Halvårskurs høst16 t/ukeFrilynt

Naturfoto

Alta folkehøgskole
Få ledige plasser
Halvårskurs høstKristen

E-sport Aktiv, haust 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs høstKristen

Golf.Idrett - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst30 t/ukeKristen

E-Sport FPS halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Musikkteater halvår, høst 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

BAND - Høst 2024

Follo Folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt

Forskerspire Svalbard - høst 2024

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeKristen

Media - digital produksjon - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvårskurs høst17 t/ukeFrilynt

Norwegian Language and Culture

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvårskurs høstFrilynt

Forberedelse til førstegangstjeneste (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt