Musikk og media - Medieproduksjon Haust 25
- Manger folkehøgskule – Manger
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Pris: fra 80 000,-
- Sted: Manger, Vestland
Dette er er eit halvtårskurs for deg som ventar på å starte i militæret, har nettopp vore der eller har eit ledig halvår du ikkje har lagt planer for.
Ser du for deg bilder, video eller kunst når du høyrer musikk eller les ein tekst? Eller høyrer du musikk når du ser bilder osv.? Ønskjer du å laga ein musikkvideo? Vil du laga livestream av konsertar eller framsyningar? Vil du realisere ditt eige uttrykk? Eller trivast du best med å tolke andre sine draumar og tankar?
Linja Medieproduksjon er eit fordjupningfag innan Musikk og media. Saman med Filmmusikk har dei fleire fellestimar. Me har andre spennande musikklinjer på skulen og legg stor vekt på samarbeid mellom linjene. Her er det mange moglegheiter for musikalsk og filmatisk utfoldelse ut i frå dine interesser.
Dine interesser er viktig for oss, du vil få mykje tid til å jobba i den retninga du sjølv ønskjer, også i samarbeid med andre.
Linja passar for deg som ønskjer å uttrykkja deg innan medieproduksjon. Liker å filma og redigera. Ønskjer å gjennomføra eigen prosjekt innan kortfilm, musikkvideo, kunstfilm eller noko anna.
Gjennom tett samarbeid med våre andre linjer får du jobbe med artistar, produsentar og komponistar med å skape og utvikle visjonane dine.
Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.
Du får vera med på å produsere skulen si prosjektveke, ta bilet og opptak av konsertar, laga musikkvideoar og eigne prosjekt.
Me ventar på deg! Hjå oss på Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg musikk frå morgon til kveld.
Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.
Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...
For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...