Til hovedinnhold

Stipendiat

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Linjefag: 19 timer/uke
  • Pris: fra 136 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
  • Sted: Manger, Vestland
Var folkehøgskuleåret noko som gav meirsmak? Då kan du søke stipendiatlinja ved Manger folkehøgskule.

Denne linja er eit andreårstilbod for dei som ønskjer å være med å bidra vidare i det faglege og miljøskapande arbeidet ved skulen. Ein stipendiat i folkehøgskulen har gjerne hatt «det beste året i livet», og vil no vere med skape det «beste året» for andre.

Som stipendiat vil du få teoretisk og praktisk leiartrening ved å vere knytt opp mot ei eller fleire av dei andre linjene ved skulen.

I mesteparten av timane vil du følgje timeplanen til ein av desse linjene:

Det er viktig at du presiserer kva linje du ønskjer å følgje i søknadsteksten.

I stipendiatlinja sine eigne timar arbeider vi med tema som pedagogikk, kommunikasjon, aktivitetsleiing, relasjonar, konfliktløysing, møteleiing, gruppepsykologi og rettleiing. Vi førebur og gjennomfører faglege, sosiale og miljøskapande aktivitetar for førsteårselevane, og evaluerer det arbeidet vi har gjort.

Du vil også få arbeide med marknadsføring av skulen. Du vil få erfaring med foto, video, redigering, tekstskriving og publiseringsverktøy i sosiale medium.

Stipendiater får kr 56 000,- dekka av skulen. Skuleåret vil kosta kr 80 000,-, som kan finansierast via omgjeringslån i Lånekassen.

Vi gjennomfører samtale med alle som søker om å bli stipendiat. Det er eit krav at du har gått eit år på folkehøgskole tidlegare. Skulen vil ta inn 6-8 stipendiatar.

Denne linja er eit andreårstilbod for dei som ønskjer å være med å bidra vidare i det faglege og miljøskapande arbeidet ved skulen.

Dette vil du lære

  • pedagogikk og aktivitetsleiing
  • kommunikasjon, konfliktløysing og relasjonskompetanse
  • møteleiing, gruppepsykologi og rettleiing

Våre forventninger til deg

  • Engasjert
  • Sjølvstendig
  • Sosial
  • Politiattest 

Margaret Antrobus

Linjeleiar og lærar Stipendiat, dirigent Brassband

Margie er utdanna innan utøvande musikk, og jobbar rundt i verda som dirigent, arrangør og dommar. Blant nyare erfaringar har ho vore dommar i EM, og skal dirigera det Europeiske ungdomsbrassbandet i 2025. Manger FHS har alltid hatt ein stor plass i hjarta hennar, og her på skulen arbeidar ho som dirigent, og lærar både for brassband, stipendiat og heile skulen. 
 

Epost: Margaret.Sutherland.Antrobus@vlfk.no
Telefon: 45439548

Oddrun Lie

Linjeleiar og lærar Musikk, bu og fritid, lærar Stipendiat

Oddrun er utdanna barnevernspedagog. Ho har jobba med barn, unge og familiar i barnevernstenesta, institusjon og barnehage. Ho underviser i sosial kompetanse og fellestimar. Oddrun brenn for å bidra til at menneske skal oppleve meistring og utvikling. Ho liker å lære språk, lese bøker, nyte ein betre kaffi og reiser til Italia. Oddrun har vore tilsett på Manger sidan 2013.

Epost: Oddrun.Lie@vlfk.no

Årsplan 2024/2025

  • 27. august: Skulestart
  • 7. - 13. oktober: Haustferie
  • 14. desember - 5. januar: Juleferie
  • 22. februar - 3. mars: Vinterferie
  • 12. april - 21. april: Påskeferie
  • 15. mai: Heimreisedag

Halvårskurs Vår-25

6. januar: Skulestart

Årsplan 2025/2026 

26. august: Skulestart

I løpet av skuleåret har vi tre valfagperiodar. Ein på hausten, ein på vinteren og ein på våren. Det er ulike former for musikk, sport, forming, spel, teoretiske fag og andre aktivitetar. Tilbodet varierer for kvar periode alt ettersom kva lærar eller elev som har timane. Det er ulikt frå år til år.

Filmmusikk

Her kan du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film.

Hesteriding

Her lærer du å stelle hest, sale og ri.

Kreative meg

Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.

Marknadsføring

Her får du ei innføring i korleis du skal marknadsføre eit produkt.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Musikkdokumentar

Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

Isbading

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Leseglede

Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.

Fra kr 136 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Reiseforsikring
  • Bruk av idretts- og svømmehall
  • Individuell undervisning på hovudinstrument
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 136 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 136 000,-
(13 600,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
  • Vi har god erfaring med å tilrettelegga for deg med funksjonsnedsetjing eller kronisk sjukdom som til dømes rullestolbrukarar, svaksynte, høyrslehemma, maga/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
  • Vi tilrettelegg for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg
  • Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar, eller lurer på om vi kan tilrettelegga for deg.
Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Bo- og arbeidstrening på folkehøgskole

Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i ...

- Folkehøgskole er det beste valget jeg har tatt

For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Leiartrening

Sunnmøre Folkehøgskule
Stipendiatlinje
30 t/uke
Kristen

Stipendiat

Harstad Folkehøgskole
Stipendiatlinje
30 t/uke
Frilynt

Lederlinjen

Molde Folkehøgskole
Stipendiatlinje
20 t/uke
Kristen

Sosiale media stipendiat

Evje Folkehøgskole
Stipendiatlinje
15 t/uke
Frilynt

Friluftsliv / Vegleiing, 2.-års tilbod

Nordfjord folkehøgskule
Stipendiatlinje
Kristen

Stipendiat

Peder Morset folkehøgskole
Stipendiatlinje
15 t/uke
Frilynt

Ledertrening

Nordhordland Folkehøgskole
Stipendiatlinje
25 t/uke
Kristen

Din framtid

Åsane folkehøgskole - Bergen
Helårskurs
14 t/uke
Frilynt

Andreårselev - Friluftsliv

Malangen folkehøgskole
Stipendiatlinje
25 t/uke
Kristen

Stipendiatlinje

Lundheim folkehøgskole
Stipendiatlinje
35 t/uke
Kristen

Stipendiat / Ledertrening

Evje Folkehøgskole
Stipendiatlinje
15 t/uke
Frilynt

Festival og Ledelse

Harstad Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Ledertrening - Stipendiatlinje

Folkehøgskolen Nord-Norge
Stipendiatlinje
Kristen

All in - All inclusive: The bucket list adventure

Folkehøgskolen Sørlandet
Helårskurs
14 t/uke
Kristen