Musikk og media - Filmmusikk
- Manger folkehøgskule – Manger
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Pris: fra 136 000,-
- Sted: Manger, Vestland
Filmmusikk er eit fordjupningsfag innan Musikk og media. Du kan fordjupa deg i kunsten å laga filmmusikk, musikk til film/videoprosjekt eller noko anna du ønskjer laga ein musikk opplevning til.
Me har fleire spennande musikklinjer på skulen og legg stor vekt på samarbeid mellom linjene. Me har felles undervisning når det er relevant og samarbeider ofte på tvers av linjene. Hos oss er er det mange moglegheiter for musikalsk og filmatisk utfoldelse ut i frå dine interesser.
Dei musikalske interessene dine er viktig for oss, du vil få mykje tid til å jobba i den retninga du sjølv ønskjer, også i samarbeid med andre.
Timeplanen gir rom for mykje praktisk arbeid der du planlegg, gjennomfører og sluttfører dine eigne prosjekt.
Linja er for deg som vil lære om filmmusikk og skape oppleving innan musikk og bilete.
* Musikkteori, hørelære og arrangering
* Komponering av musikk til film og andre visuelle medium
* Produksjon av filmmusikk
* Virtuelle instrument og MIDI komposisjon til film
* Teknikker, metodar og omgrep innan filmmusikken
* Praksis med narrative kortfilmar
* Lyd til film, og innspeling av musikk
* Filmmusikk historie
* Opplæring i Logic Pro X
* Grunnleggende redigering
På Manger folkehøgskule har me ein fantastisk utstyrsspark, så her legg alt legg til rette for kreativ komponering, produksjon og innspeling av musikk. Skulen sitt faglege opplegg og timeplan gjer muligheter for høg fagleg aktivitet, men mykje er opp til deg og din interesse, lærelyst og evne til å arbeide målretta og sjølvstendig.
Johan M. Leiva er ein komponist, låtskrivar og musikkprodusent. Han studerte filmmusikk ved Berklee College of Music, Boston (USA). Leiva har komponert musikk til filmar og reklamefilmar. Han har også skrive musikk for orkester, blåseband, storband og brassband.
Epost: Johan.Leiva@vlfk.no
Årsplan 2024/2025
Halvårskurs Vår-25
6. januar: Skulestart
Årsplan 2025/2026
26. august: Skulestart
I løpet av skuleåret har vi tre valfagperiodar. Ein på hausten, ein på vinteren og ein på våren. Det er ulike former for musikk, sport, forming, spel, teoretiske fag og andre aktivitetar. Tilbodet varierer for kvar periode alt ettersom kva lærar eller elev som har timane. Det er ulikt frå år til år.
Her kan du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film.
Her lærer du å stelle hest, sale og ri.
Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.
Her får du ei innføring i korleis du skal marknadsføre eit produkt.
Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.
Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.
Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.
Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.
Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.
Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.
For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.
Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.
Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.
Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.
Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.
Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.
Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.
Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.
Me ventar på deg! Hjå oss på Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg musikk frå morgon til kveld.
Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.