Til hovedinnhold

Rytmisk linje - Artist og Låtskrivar Haust 25

  • Kurslengde: Halvår — høst
  • Linjefag: 19 timer/uke
  • Pris: fra 80 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
  • Sted: Manger, Vestland
I øvingsrommet, på scena og i studio får du skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar.

Me vil utvikla talentet ditt som vokalist: med band, som solist, på scena og i studio. I tett samarbeid med elevane på Band og Musikkproduksjon tar du del i eit kreativt miljø der låtskriving, konsertar og studioinnspeling er ein naturleg del av kvardagen.

Linja Artist og låtskrivar er eit fordjupningsfag innan Rytmisk linje - Haust 25.
Som elev arbeider du med å dyrka fram di personlege stemme og ditt uttrykk. Du frontar band, er korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med Band og Musikkproduksjon gjer du studioinnspelingar og konsertar

Låtskriving er ein naturleg del av det å uttrykkja seg vokalt og har høg prioritet hjå oss. På Manger går du gjennom heile prosessen frå idé til ferdig produkt i studio og på scena.

For deg som vil skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk. Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar.

Dette vil du lære

  • Individuelle timar med songpedagog
  • Låtskriving
  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Øvingsmetodar
  • Improvisasjon
  • Musikkteknologi 

Våre forventninger til deg

Skulen sitt faglege opplegg og timeplan gjer muligheter for høg fagleg aktivitet, men mykje er opp til deg og din interesse, lærelyst og evne til å arbeide målretta og sjølvstendig.

Årsplan 2024/2025

  • 27. august: Skulestart
  • 7. - 13. oktober: Haustferie
  • 14. desember - 5. januar: Juleferie
  • 22. februar - 3. mars: Vinterferie
  • 12. april - 21. april: Påskeferie
  • 15. mai: Heimreisedag

Halvårskurs Vår-25

6. januar: Skulestart

Årsplan 2025/2026 

26. august: Skulestart

I løpet av skuleåret har vi tre valfagperiodar. Ein på hausten, ein på vinteren og ein på våren. Det er ulike former for musikk, sport, forming, spel, teoretiske fag og andre aktivitetar. Tilbodet varierer for kvar periode alt ettersom kva lærar eller elev som har timane. Det er ulikt frå år til år.

Filmmusikk

Her kan du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film.

Hesteriding

Her lærer du å stelle hest, sale og ri.

Kreative meg

Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.

Marknadsføring

Her får du ei innføring i korleis du skal marknadsføre eit produkt.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Musikkdokumentar

Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

Isbading

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Leseglede

Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.

Fra kr 80 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 80 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 80 000,-
(16 000,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
  • Vi har god erfaring med å tilrettelegga for deg med funksjonsnedsetjing eller kronisk sjukdom som til dømes rullestolbrukarar, svaksynte, høyrslehemma, maga/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
  • Vi tilrettelegg for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg
  • Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar, eller lurer på om vi kan tilrettelegga for deg.
Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

- Folkehøgskole er det beste valget jeg har tatt

For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

HØST Friluftsliv Startpakke

Harstad Folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Hund og friluftsliv (høst 25)

Malangen folkehøgskole
Halvår — høst
Kristen

Grafisk design - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvår — høst
17 t/uke
Frilynt

Friluftsliv Topptur Høst 25

Sogndal folkehøgskule
Halvår — høst
24 t/uke
Frilynt

Global.Safari - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — høst
30 t/uke
Kristen

Idrett og Friluftsliv (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Førerkort -høst

Ringebu Folkehøgskole
Halvår — høst
Frilynt

Seil og topptur (høst 25)

Malangen folkehøgskole
Halvår — høst
Kristen

Musikkteater West End

Seljord Folkehøgskule
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Halvårskurs høst: Fiske og friluftsliv

Skogn folkehøgskole
Halvår — høst
Frilynt

Volleyball Adventure, haust 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — høst
Kristen

Utøvende Musikk - halvårskurs høst 2025

Ringerike Folkehøgskole
Full
Halvår — høst
16 t/uke
Frilynt

Friluftsliv X // Bali - haust 25

Møre Folkehøgskule
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Friluftsliv halvår høst

Nordvestlandet folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen