Rytmisk linje - Vår 25
- Manger folkehøgskule – Manger
- Telefon: 56348070
- E-post: kontor@manger.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Pris: fra 80 000,-
- Sted: Manger, Vestland
- Studietur: Studio, live-konsert og kultur
Artist og låtskrivar - Vår 25: Personleg uttrykk, vokal, samspel/scene/studio
Som elev på Artist og låtskrivar arbeider du med å dyrka fram di personlege stemme og ditt uttrykk. Du frontar band, er korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med Band og Musikkproduksjon gjer du studioinnspelingar og konsertar.
Band - Vår 25: Samspel, ulike stilartar, scene og studio
På bandlinja er det fokus på samspel, musikkformidling og låtskriving. Du får mange høve til å opptre framfor publikum, både på skulen og utanfor. På Manger møter du ungdom med bakgrunn frå ulike sjangrar, med ulike inspirasjonskjelder og gode basisferdigheiter på instrumentet sitt.
Hiphop - Vår 25: Rap/beats, personleg uttrykk, samspel.
Bli med i eit miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar frå linjene Artist og låtskrivar, Musikkproduksjon og Band: scene og studio. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen.
Musikkproduksjon - Vår 25: Beats, lydteknikk live lyd, samspel/scene/studio
Musikkproduksjon handlar om å laga og produsera musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasilitetar med store og gode innspelingsrom. Mykje av undervisninga går føre seg via praktisk «hands-on» jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon.
For deg som vil vere i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar. Som vil dyrke fram ditt uttrykk og formidle ditt budskap. Som vil lage låtar og beats
Skulen har tett samarbeid med profesjonelle musikkarar.
Skulen sitt faglege opplegg og timeplan gjer muligheter for høg fagleg aktivitet, men mykje er opp til deg og din interesse, lærelyst og evne til å arbeide målretta og sjølvstendig.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 8 dagar
Måltider pr dag inkludert: 2
Målet for studieturen er å besøke nokre av dei mest nyskapande og hippaste miljøa i musikkbransjen. Tidlegare har turen gått til London, New York og Los Angeles, og me er stadig på utkikk etter nye og spanande destinasjonar. Det er ei heil verd der ute å oppdage! Me besøker studio, scener og utøvarar frå mange ulike sjangre som kan dele av sine erfaringar og sitt kjennskap til det lokale musikklivet. Vi går også sjølvsagt på konsertar og forsøker å få med oss så mykje som mogleg av den lokale kulturen på alle måtar.
Me ventar på deg! Hjå oss på Manger folkehøgskule får du utvikla talentet ditt i lag med andre kreative, musikalske ungdommar og dyktige lærarar. Me lovar deg musikk frå morgon til kveld.
Bli med oss og ta musikken din eit steg vidare.