Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
Tilbyr: Vegetar, vegan
Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
Stad: Voss
Studietur: Alpene: Verdens kuleste "Road Trip", Kitekurs Vinter, Topptur, Vinterfriluftsliv "fra vidde til topp", Hyttetur til Myrkdalen
Opplev meistring og eventyr på Voss. Alpint og fri-køyring i dei to beste skisentra på Vestlandet. Varierte idrettar, klatring og vinterfriluftsliv om du vil. Opplev Alpane. Søk i dag!
Hjå oss får du mengder av aktivitetar og opplevingar som vil gje deg eit minnerikt skuleår. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass for linja vår – naturen og tilbodet i bygda innbyr til allsidig og spennande aktivitet like utanfor døra. Me har fokus på det sosiale og tek oss tid til å nyte turen og ikkje minst naturen rundt oss. Turane er varierte, frå kjende attraksjonar til meir gøymde naturperler. Du vil læra masse, uansett om du ikkje kan så mykje frå før, eller om du har mykje erfaring. Du vil få utfordringar, oppleve meistring og ikkje minst få eit flott samhald med turkameratane dine. Vinterfriluftsliv med overnatting i telt og snøhole. Fjellskiturer i vakker vestlandsnatur.
På ski og snowboard tar me utgangspunkt i ditt nivå. Du får utvikle deg på teknikk, hopp, rails og frikjøring i nypreparerte løyper og i deilig pudder. Me legg opp til mykje køyring og lek på brett og ski.I idrettsdelen vil du møte både kjende og nye aktivitetar. Fokus er sunn idrettsglede og gleda over å vera i rørsle. Skulen har gymsal og nytt styrkerom, og me nyttar i tillegg bygdas idrettshallar og basseng.
Linja har fokus på meistring, glede og læring. Du vil lære å ta gode valg for å ferdast i naturen under alle forhold. Du vil lære å glede deg over aktivitet saman med andre, og du vil lære å arrangere aktivitet for andre. Linja er ideell både for deg som ønskjer å studere idrett eller friluftsliv vidare, eller for deg som ønskjer å dyrke hobbyen din eit halvår.
Deg som vil prøve mykje variert, du som er glad i idrett, og som vil bygge kompetanse i friluftsliv. Du likar nye utfordringar og kosar deg med kveldsbålet, ski og snowboard og samhandling.
Dette vil du lære
Kart, kompass
Skredlære
kiting
Sikkert friluftsliv i høgfjellet
Å overnatte i snøhole, iglo, telt – og under open himmel
Klatring og buldring
Skiinstruktørutdanning (valfritt)
Ski- og snowboardteknikk
Førstehjelp
Mat på tur
Du får:
Sesongkort i Myrkdalen skisenter
Årskort i Voss Resort
Våre forventninger til deg
Godt humør og læringslyst!
Du bidreg inn i det sosiale fellesskapet
Du møter førebudd og opplagt til undervisninga
Du prøver å vere positiv og gir av deg sjølv
Alpene: Verdens kuleste "Road Trip"
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 16 dager
Dette er verdens "kuleste" Roadtrip!
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt i Alpene; St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Du får oppleva mange land i Europa, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, elvepadling, surfing og klatring. Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha, eller mindre stader i Kroatiaeller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men og å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane på linja er med å legge opp reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevinger er i fokus.
Me har valt å reisa med buss for å:
nå unike stader med kultur og hendingar me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
kunne ha med nok utstyr
reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly
Turen går dei siste vekene i mars. Bli med oss på eventyr!
Kitekurs Vinter
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda.
Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski. Den andre dagen "flyr" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane.
Topptur
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Perioden rett før - og etter påske er den fineste tida for toppturar her på Vestlandet. På Voss har me rå natur. For elevar med toppturutstyr er det mange moglegheiter. Sidan me er to lærarar på IF-linja, kan me dele oss etter interesse.
Vinterfriluftsliv "fra vidde til topp"
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 4
Etter påska pakkar me tursekken og fjellskia klar for tur til fjellheimen. Me søv i telt og lagar mat på stormkjøkken. Saman nyt me vårsola og det enkle frilufslivet. Varigheit og turstad kan variere etter veret, og me planlegg difor turen i lag, slik at den blir best mogeleg for gruppa!
Hyttetur til Myrkdalen
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2
Alle elever på skulen får sesongkort i Voss Resort. På idrett og friluftsliv får du også årskort i Myrkdalen. Skianlegget ligg 35 minutter fra Voss og er eit av Noregs beste skisenter.
Me reiser ofte til Myrkdalen på dagstur, men nokon ganger leier me også ei hytte som ligg 50 meter frå bakken. Me står på ski, lager hopp og koser oss saman på hytta med god mat og kveldskos.
Myrkdalen er Noregs pudderparadis 😎⛷️
Amund Sletner
Lærar
Amund trivst best ute heile året - på sykkel, jakt, fisketurar eller lange fjellturar. Amund er ein allsidig folkehøgskulelærar som også tilbyr danseopplæring og gitarundervisning på nybegynnarnivå. Ein konkurransemann, og skulens trønderalibi! Amund har utdanning frå idrettshøyskolen i Oslo og som offiser i hæren. Han er skiinstruktør, driv med kiting og er idrettsentusiast.
Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.Studiestøtten dekker kostnadene for denne linja med valgene du har gjort. I tillegg vil du ha ,- disponibelt per måned.
Året mitt på Voss er noe jeg kommer til å prate om i mange mange år.Trengte pause fra skole og stress, så endte opp på Voss fhs som har utviklet meg som person. Alt fra ski til å skaffe meg venner for livet. Det er så latterlig mye bedre enn man trur
Det er ingen steder som har alt Voss har. Voss gjorde at jeg fikk kjenne på følelser som mestring, glede og dristighet nesten hver eneste dag. Å kunne drive med akkurat hva jeg ville sammen med venner for livet var den perfekte kombinasjonen.