Musikk & Friluftsliv - vår 2025
- Voss folkehøgskule – Voss
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 06.01.2025
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 60 000,-
- Sted: Voss
På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv, og kombinerer begge i ei unik linje! Her får du spele konsertar, stå på scenen og dra på turné. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss!
I musikken fokuserer me på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret ditt og aukar sjangerforståinga di. I varierte bandprosjekt utviklar du evna di til å lytte, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.
I friluftsliv ligg fokus på samhald, meistring og læring. Gjennom vinterhalvåret har me periodar med variert friluftsliv: alt frå fjellturar, hytteturar og teltturar til alpint og snowboard i bakke og off-piste. Det blir mange dagar på snø i løpet av vinteren. Som elev på Voss fhs får du årskort i Voss resort sin gondol og skisenter. Dette ligg ein liten gåtur frå skulen! Du får og prøve deg på flyging i Voss Vindtunnel! Eller kva med leik og trening i Vossabadet? En tur på Nærøyfjorden med kajakk og telt? Og sjølvsagt blir det tid på linja til bålkos med gitar og allsong. Målet er at du skal få prøve mest mogleg forskjellig, og klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på.
Dette er linja for deg som vil ha "best of both worlds" - du vil lage god musikk saman med andre, men klarar ikkje heilt å sitte stille inne, når finveret er ute!
Det er ein fordel om du har erfaring med eit instrument eller song, men det viktigaste er at du er engasjert og vil lære!
Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. I tillegg har han god peiling på treskjæring, symjing og skikøyring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Trass i mengder med dårlege vitsar, er Jon omgjengeleg og ein god samtalepartnar. Han har som regel ansvar for å leie skulens festar, og har ofte ei god historie på lur. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret.
Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no
Voss har fantastiske linjer, over 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss - kun 1.5 km til Voss Resort! Spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!
Dersom du har funksjonsnedsettingar, tilrettelegg me etter samtaler med deg som elev.
– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.
I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.