Til hovedinnhold

Voss folkehøgskule

  • Elevplasser: 126
  • Undervisningstimer pr. uke: 30
  • Skolestart: 24.08.2025
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Voss
  • Studietur for skolen: Stølstur til Upsete, Skuletur til Hardanger
Søk på skolenLinjer
Voss har fantastiske linjer, over 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss -  kun 1,5 km til Voss Resort! Spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Voss folkehøgskule er den perfekte plassen for deg som ynskjer å skapa minner for livet. Skulen ligg midt i hjarta av Voss, ein fantastisk plass for ekstremsport og kultur. Omkransa av majestetiske fjell og med Vangsvatnet som bakgrunn, er vi berre 10 minutter frå sentrum, der du kan utforska alt bygda har å by på. Dette er ikke berre ein skule, det er eit eventyr!

Her på Voss folkehøgskule er hele bygda vårt klasserom! Voss har unike fasiliteter for kunst, kultur, ekstremsport og friluftsliv. Som elev får du prøve kroppsflyging i vindtunnelen, og du får årskort til både Voss gondol og Voss Resort, som ligg i gangavstand til skulen. Dette gir deg enkel tilgang til fjell, natur, skianlegg og puddersnø!

Voss folkehøgskule for deg som er 18 år eller eldre og vil utvikle deg både fagleg og personleg. Skulen er open og inkluderande, alle blir møtte med respekt og toleranse.

Her kan du utforske spennande fag med høg kvalitet, samtidig som du blir ein del av eit godt fellesskap og får nye venner.

Gjennom ulike aktivitetar og eit stort fagtilbod vil du oppleve både glede og meistring – noko som er viktig for å utvikle deg sjølv. Dei mange valfaga gjer kvardagen variert og interessant, og du får sjansen til å lære meir om både deg sjølv og verda rundt deg. Dette hjelper deg med å finne di eiga retning i livet og samfunnet.

Dette står vi for

Vi tilbyr eit variert utval av linjer som skapar eit inkluderande miljø, så du vil garantert finne venner som deler dine interesser her. Voss folkehøgskule er ein frilynt skule. Våre verdiar er raus, open og trygg. Vi lovar at du vil oppleve eit fellesskap der du kan vekse, lære og skape minner for livet! Bli med på reisa og oppdag alt Voss folkehøgskule har å by på!

Lærarane har høg fagleg kompetanse og inspirerer elevane. Kjøkkenpersonalet lagar sunn og velsmakande mat, medan internatleiar bidreg til eit varmt og godt miljø. Vaktmeisteren sørgjer for at alt fungerer, og administrasjonen støttar alle etter behov. Saman skapar dei eit trygt og inspirerande læringsmiljø!

På Voss folkehøgskule får du fleire fellesskap du kan kjenna deg heime i. Fellesfaga bind elevane samen på tvers av linjene. 

Kvar morgon samlast vi til ei morgensamling med kloke ord, sang og praktisk informasjon for dagen. Vekas tema inkluderer foredrag eller aktiviteter knytta til aktuelle emner, ofte med eksterne foredragshaldara som inspirerer, eller ein lærar som brenn for ei sak. 

Laurdagsundervisninga kan også vera eit spesifikt tema eller ein dagsaktivitet med eigne, eller innleide, ressurspersoner.

I gangtimen bruker vi tid saman med den du deler internat med, der tek vi opp tema knytta til det å leva tett saman, planlegg elevkvelder, gangcup eller andre sosiale aktiviteter i lag.

Kvardagen hjå oss er heilt unik og gjev læring for livet. Her får du anledning til å utvikla både faglege og sosiale ferdigheter i eit trygt og godt miljø. Gjennom samarbeid, aktiviteter og utveksling av erfaringer vert det skapt minner og vennskap som varer lenge lenge etter at skuleåret er over.

I våre valfag kan du prøva noko heilt nytt, eller utvikla deg i fag du allereie har interesse for. Heile fredagen er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag. I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar.

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Skulen ligg i gangavstand frå Voss sentrum, der du finn togstasjon, offentlig busstransport, butikker, handlesenter, kulturhus, Vossabadet, skate- og aktivitetspark, samt den vakre parken "Prestegardslandet", med strandlinje som strekkjer seg heilt ned til skulen sitt område.

Voss er eit regionsenter, handelssenter og trafikknutepunkt med gode transportforbindelsar til hele Sør-Norge. Du kan ta tog til Bergen eller Oslo, med Bergensbanen.  Og du kan køyra E16 som er hovudvegen mellom Oslo og Bergen, denne går gjennom Voss sentrum.

Det er fleire togavgangar til både Oslo og Bergen kvar dag, med ei reisetid på rundt 1 time og 15 minutter til Bergen, og vel 5 timar til Oslo. Du kan også nå byar som Bergen, Lillehammer, Kristiansand, Stavanger og Haugesund med buss. Hvis du vel å ta fly, lander du på Flesland rett utenfor Bergen. Herifrå tek du bybana inn til sentrum, og deretter toget til Voss. Enkelt og praktisk!

Finn reiserute fra der du bor

Voss – bygd for sterke inntrykk!

Voss er ei levande idretts- og kulturbygd, omkransa av desse majestetiske fjella i vakkert landskap. Kvart år går fleire faste arrangement av stabelen, og like ved skulen finn du Voss Resort med Bavallen, som er eit av Nord-Europas beste alpinanlegg.  Myrkdalen Resort er heller ikkje langt unna.

Voss er ei kjent festivalbygd, der desse ulike arrangementa er årvisse tradisjonar:

  • Ekstremsportveko
  • Vossajazz
  • NM i flere skidisipliner
  • Osafestivalen
  • Smalahovefestivalen
  • Voss Cup

Kva kan du ellers finna på Voss?

  • Kulturhus med bibliotek og kino, 7 minutt unna skulen
  • Festivaler og konserter
  • Restauranter og puber, 10 minutters gange frå skulen
  • Bowling, 15 minutters gange
  • Museum og kunstgalleri
  • Både butikker i sentrum, og Amfi-senteret ligg i gangavstand
  • Vindtunell
  • Mange ulike idrettsanlegg
  • Vossabadet med bade-, symje- og stupeanlegg
  • Gondolen til Voss Resort ligg like ved

På Voss finn du noko for alle!

 

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dag i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

Timeplanen kan bli endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, utanlandstur, reiser eller når vi har andre prosjekt på gang.

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

På kvelden skjer det mykje for den som vil. Skulekino i kinosalen. Trening i gymsal og styrkerom. Lage film. Spele data. Turneringar. Spele inn musikk i studio. Bading i Vossabadet. Flyging i vindtunnell. Trening på treningsenter. Nytte kulturtilbodet på Voss. Kveldskøyring i Voss Resort. Huskonsertar. Brettspel. LAN. Kosekveldar. Elevkveldar. Strikking. Kunst Design/ redesign/ bruk av symaskin. Aktivitetar med tilsynslærar, og mykje meir. Skulen står til din disposisjon.

Skulen er uten søknadsfrist, vi tek inn elevar så lenge det er ledig plass på dei ulike linjene.

Søk gjerne tidleg for å sikre deg plass. Inntaket startar den 15. november i foregåande år. 

Søknaden din vert behandla kort tid etter at vi mottek den.  Vi sender svar elektronisk. Det hender vi tek kontakt per telefon dersom vi har spørsmål til søknaden.

Du må fylle 18 år i løpet av hausten du startar ved skulen. Det kan bli gjeve unntak, ta kontakt med oss.

 

Bygninger

Skulen er delvis tilpassa rullestolbrukar. Me har heis og eit internat som er eigna for rullestol. Men skulen er gamal og ein del av bygga er dessverre ikkje universelt tilpassa, og dermed mindre tilgjengelege. Ta kontakt for meir informasjon. Me prøver så godt det let seg gjera å finna gode og funksjonelle løysingar ut frå behov.

Mat

Me tilbyr glutenfri og laktosefri diett, og kan tilpassa til andre allergiar. Gje oss beskjed i god tid slik at me kan leggja til rette for deg.

Me tilbyr også vegetar og vegansk mat til dei som ynskjer det.

Om det er mat du ikkje et av religiøse grunnar eller av andre årsaker, ta kontakt med oss.

Nokre av diettalternativa har tillegg i pris.

Faglig og sosialt

Me tilpasser så langt det er råd, slik at det blir mogleg for deg å delta på lik linje med dei andre.

Arild Tvilde

Lærar

Arild er elvepadlar, frikøyrar og toppturentusiast, klatrar og friluftsmann. Han brenn for naturen og miljøet, og er ei ildsjel i det lokale ekstremsportmiljøet. Han var initiativtakar til skulens fyrste ekstremsportlinje, og har vore pådrivar i utviklinga av tilbodet me har i dag. Arild har i ei årrekke vore sikkerheitsansvarleg for Ekstremsportveko.

Epost: arild.tvilde@voss.fhs.no

Caroline Mølgaard Onarheim

Lærar

Kombinerer du rå, sprudlande og omsorgsfull, får du Caroline. Ho driv mellom anna med frikjøring/park, snowboard, ski, klatring, downhill sykling, kiting og dødsing, og er godt over snittet god i det meste av det. Dei to Alaska huskyane hennar; Nanook og Riven, er ofte med på skuleturar. Caroline har utdanning innan idrett og friluftsliv, er sertifisert personlig trenar og instruktør i nesten alt.

Epost: caroline.onarheim@voss.fhs.no
Telefon: 97694471
Instagram: @flowerkite

Lars Haukom

Lærar

Lars har i mange år reist og køyrt ski og hoppa fallskjerm rundt i verda, før han slo seg ned på Voss i 2010. Han har instruktørutdanning på øvste nivå innan alpint og telemark, fallskjerm, paragliding og speedriding. Han har drive med luftsport sidan 1993 da han vart utdanna fallskjermjeger ved Hærens Jegerskole. Han har også fleire års erfaring med og halde kurs i elvepadling og klatring.

Epost: lars.haukom@voss.fhs.no
Instagram: @larshaukom
Instagram: @vossfhsluft

Camilla L. Haukedal

Lærer på Fotografi og Kortfilm

Camilla er hovedlærer på linja Fotografi og Kortfilm, hun jobber som utøvende kunstner og jobber aktivit i feltet. Hun har deltatt på en rekke utstillinger og filmfestivelar og har mottatt en rekke priser og stipender for sine arbeider. Camilla har en bachelorgrad i fotografi og master i kunst med fordypning i film fra Kunsthøgskolen i Bergen, i tillegg til PPU fra HLV. 

Epost: camilla.haukedal@voss.fhs.no
Nettside

Kristin Opsum Hollingsworth

Lærar

Kristin er ei positiv dame med stort engasjement for folkehøgskulen. Ho elsker fjellturar og friluftsliv, gjerne på hytta i Vossafjella. Kristin er sertifisert yoga instruktør, med hjarte for god psykisk helse og trivsel. Ho er utdanna systemutviklar, har mastergrad i Kommunikasjon/IKT fra USA, samt pedagogisk utdanning. Før ho kom til Voss arbeidde ho ti år i IKT- og mediebransjen i USA. 

Epost: kristin.opsum@voss.fhs.no

Bjørnar Kaldefoss Tveite

Lærar

Bjørnar har i mange år jobba som musikar i Oslo og vore aktiv på jazzscener rundt omkring i landet. Du kan høyre han i band som Arne Torvik Trio og Hullyboo. Bjørnar er ellers glad i å vere i naturen og å stå på snowboard på vinteren. Bjørnar har bachelor i utøvande jazz og improvisasjon ved Norges musikkhøgskule og pedagogikk frå samme stad.

Epost: bjornar.tveite@voss.fhs.no

Jon Grendahl

Lærar

Jon er både fjellmann og ein dyktig seglar. I tillegg har han god peiling på treskjæring, symjing og skikøyring. På fritida er han stupetrenar og orienteringsløpar. Trass i mengder med dårlege vitsar, er Jon omgjengeleg og ein god samtalepartnar. Han har som regel ansvar for å leie skulens festar, og har ofte ei god historie på lur. Jon har lærerutdanning og idrettsbakgrunn frå forsvaret. 

Epost: jon.grendahl@voss.fhs.no

Amund Sletner

Lærar

Amund trivst best ute heile året - på sykkel, jakt, fisketurar eller lange fjellturar. Amund er ein allsidig folkehøgskulelærar som også tilbyr danseopplæring og gitarundervisning på nybegynnarnivå. Ein konkurransemann, og skulens trønderalibi! Amund har utdanning frå idrettshøyskolen i Oslo og som offiser i hæren. Han er skiinstruktør, driv med kiting og er idrettsentusiast.   

Epost: amund.sletner@voss.fhs.no

Helge Martinsen

Lærar

Helge sin lidenskap for elvepadling, ski og friluftsliv starta for alvor i 2012, då han sjølv var elev ved Voss fhs. I dag har han eit engasjement som kan smitte sjølv innegrisar! Helge er utdanna lærar, har ein BA i friluftsliv og tilleggsutdanning i idrettsvitenskap. Før han kom til oss, har Helge arbeidd med tryggleik og livredning m.a. for Røde Kors, og med stunt-tryggleik i filmproduksjonar.

Epost: helge.martinsen@voss.fhs.no

Gudmund Lilletveit

Lærer på Fotografi og Kortfilm

Gudmund er utdannet fotograf med fordypning i motefotografi fra Fotofagskolen i Trondheim. Han er tidligere elev på linja og driver nå produksjonsselskapet Radmargerfilm med venner fra sitt år på Voss. Gudmund har deltatt på en rekke festivaler og mottok i år BiFF sin Talent fra Vest pris for sin kortfilm Over Ingenstad Ventar Eg. 

Bodil Jansen

Husmor (internatleiar)

Heime er Bodil mor til to. På jobb har ho ansvar for 120 ungdomar! Er det nokon som er sjuke og ikkje kan delta i undervisning? Bodil har kontroll og ser til alle elevane. Ho sjekkar vask av rom og gir rettleiing. Lurer du på forskjellen mellom klesvask på 40 og 60 gradar? Praktiske spørsmål eller om du treng ein trygg vaksen å prate med. Det er ein grunn til at internatleiar kallast husmor.   

Epost: bodil.jansen@voss.fhs.no
Telefon: 99475024

Siren Øyan Kulbeck

Rektor

Siren har sjølv vore elev på Voss folkehøgskule. Det har forma livet hennar. Ho utdanna seg til lærar i idrett og samfunnsfag, og har vidareutdanning i rus, psykologi og rettleiing. Ho har jobba på andre folkehøgskular og skular, og i rus- og kriminalomsorgen. No er ho glad for å vere tilbake på Voss! Når ho ikkje rektorerer eller underviser, elskar ho å reise og lære om ulike kulturar!

Epost: siren@voss.fhs.no
Telefon: 92024013

Anne Marie Øvstedal

Kontorleiar

Ringer du til skulen, er det som regel Anne Marie som tek telefonen. Ho har ansvar for økonomi og betaling. Korleis gjer du det med lånekassen, betaling og økonomi? Anne veit svaret og rettleiar deg. Døra inn til Anne sitt kontor er alltid open for elevane. 

Epost: anne@voss.fhs.no
Telefon: 56529040

Irene Veka

Kjøkkenassistent

Irene er frå Voss. Ho har jobba som kjøkkenassistent på Voss folkehøgskule sidan 2006. Ho har sambuar og 3 gutar. Ungdom heime og ungdom på jobb!

Osmine Austbø

Kjøkkensjef

På ein internatskule, der elevane har fire måltid om kvardagane og tre i helgane, er maten særskilt viktig. God mat er god helse og høg trivsel. Jobben til Osmine er å organisere og leie kjøkkenet, slik at elevane får ei god, variert og innhaldsrik meny i løpet av veka. Ho har vore kjøkkensjef sidan 1996, og trivst med å lage god mat til nøgde elevar!

Epost: osmine.austbo@voss.fhs.no

Mariann Almeland

Kokk

Mariann er frå Voss, og begynte som kokk på Voss folkehøgskule i 1991. Ho har lengst fartstid av samtlege tilsette på skulen! Mariann likar å lage god mat, og trivst når ungdomane har gode måltid og set pris på maten.   

Kjetil Dyrvik

Vaktmeister/Driftsleiar

Kjetil er vaktmeister og bur på skulen. Kjetil si viktigaste oppgåve er å sikre at internat- og skulebygga er funksjonelle og trygge. Ser du noko som ikkje er som det skal, blir Kjetil glad for ei melding. Det finst mest ikkje ein ting han ikkje kan fikse! På fritida er Kjetil aktiv orienteringsløpar. Han vil nok løpe i frå dei fleste elevar i motbakkeløp, om nokon tek utfordringa!

Anthony Tessier

Vaktmeisterassistent

Anthony jobbar som vaktmester, spesielt med oppussing og rehabilitering. Han kjem frå Bretagne i Frankrike men har budd dei siste 16 årene i Noreg. Han er utdanna møbelsnekkar frå Frankrike og har i tillegg ei fotoutdaning frå Bergen. Anthony likar å reparere og byggje ting – alt frå eige snøbrett, skateboard og jib’er til møblar. På fritida kjører han gjerne snøbrett eller terrengsykkel.

Linjer på Voss folkehøgskule

Søk på skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Anniken Kratter

Å våkne til ferdig frokost, engasjerte lærere, vakker utsikt og et variert opplegg. Vanlig klasseromsundervisning kan du glemme. Uavhengig av hvilken linje du går er du garantert seilturer, skidager, linjedager, aktivitetsdager og overnattingsturer!

Anniken Kratter
Eskil Moldrheim

Enhver som har får muligheten til å gå et år på Voss folkehøgskule har vunnet i lotto.

Eskil Moldrheim
Daniel Whittle Stensland

Å gå på Voss Folkehøgskule betydde ekstremt mye for meg. Nytt sted, nye venner og nye muligheter! Voss er et vanvittig flott sted og skolen og menneskene på skolen er bare enda bedre!

Daniel Whittle Stensland
Benjamin Hokstad Vollan

Året mitt på Voss er noe jeg kommer til å prate om i mange mange år.Trengte pause fra skole og stress, så endte opp på Voss fhs som har utviklet meg som person. Alt fra ski til å skaffe meg venner for livet. Det er så latterlig mye bedre enn man trur

Benjamin Hokstad Vollan
Helge Karbø

Året på Voss FHS gav meg ein ny verden! Fantastisk år der elvepadling og friluftsliv gjorde kvardagen til ein leik. Ulike venner frå heile landet har gitt meg eit heilt unikt nettverk!

Helge Karbø
Eirin Bang Gjul

Mye mestring, venner for livet, gode erfaringer og syke opplevelser som ikke går i glemmeboka med det første. Folkehøgskole året utfordret meg på alt mulig sprell, men mest av alt lærte jeg å tørre å prøve selv om det virker skummelt. "Gønn på!!"

Eirin Bang Gjul

Nyheter

Folkehøgskolemamma: – Anbefaler alle foreldre å sende ungdommen sin på folkehøgskole

– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen