Film og Foto - vår 2025
- Voss folkehøgskule – Voss
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 06.01.2025
- Pris: fra 58 500,-
- Sted: Voss
Film og Foto har fokus på praktisk tilnærming. Det er lagt stor vekt på kreativt og skapande arbeid. Med støtte fra erfarne lærarar, realiserer du dine kreative idear og prosjekt. Gjennom utforskning og eksperimentering utviklar du deg som filmskapar og fotograf.
Me jobbar både digitalt og analogt med fotografi og lagar fleire utstillingar. Opplev magien i mørkerommet og jobb med gamle teknikker i moderne uttrykk. Me arbeider mot filmfestivalen Amandus internasjonale Studentfilmfestival i januar, ein festival me har blitt nominert til fleire ganger.
Skulen har eit spennende kreativt miljø med mange mogelegheiter for samarbeid. Linja jobbar tett med musikklinjene og datalinjene. I fellesskap lagar me musikkvideoar, produserer kortfilmar og lagar utstllingar saman. Kvart år jobbar me for eksterne aktørar som Vossa Jazz og Ekstremsportfestivalen - ei fantastisk mogelegheit til å prøve seg på å jobbe profesjonelt.
Som elev på Voss Folkehøgskule vil du alltid ha mogelegheit til å prøve noko av det som gjer Voss til Ekstremsportsbygda. Alle elevar får årskort til Voss Gondol og skiheisane, og flytid i Vossvind. I tillegg har du mogelegheit til å prøve ulike aktivitetar gjennom dei varierte valfaga våre. Ikkje minst har du tilgang til nydeleg natur heile året!
Instagram:
@vossfhsfilmfoto
@vossfhs
@vossfhs_kreativ
Linja passar for alle som har interesse for fotografi og filmskaping, ingen forkunnskapar er påkrevd.
Du treng ingen forkunnskaper, det viktigaste er at du er engasjert og vil lære!
For Camilla er livet å vere kreativ. Alt innan foto, film, teater og dei fleste andre kunstformer er spennande, i følgje ho. Mest av alt elskar ho å hjelpe elevane til å dyrke sin eigen kreativitet. Camilla er sjølv utøvande kunstnar og har delteke på ei rekke utstillingar og filmfestivalar. Ho har bachelorgrad i foto og master i kunst med fordjuping i film frå Kunsthøgskulen i Bergen.
Voss har fantastiske linjer, over 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss - kun 1.5 km til Voss Resort! Spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!
Me prøver å tilrettelegge så langt det går for at alle kan delta på linja, ta kontakt for meir info.
– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.
I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.