Til hovedinnhold

Film og TV - Hollywood

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Linjefag: 15 timer/uke
  • Pris: fra 148 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Stord
  • Studietur for linja: HOLLYWOOD – City of Angels!, OSLO - Me besøker Film- og TV-bransjen!
  • Studietur for skolen: Preikestolen, Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet, Vintereventyr til Hovden
Lær å lage film i mange ulike sjangrar! Du lærer manus, regi, kamerateknikk, lys, lyd og klipp – alt du treng for å lage god film eller TV. Me pakkar sekken og drar til Hollywood – Filmhovudstaden!

Film og TV - Hollywoodlærer du kva som skal til for å fortelje di historie. Vi fordjupar oss i regi, manus, kamerateknikk, lyd, lys og klipp; og produserar og sett opp eigne Live-sendingar. Me reiser til Oslo for å møta aktørar i norsk film/tv, og oppleva bransjen frå innsida, og me reiser på studietur til verdens filmhovudstad, Hollywood. 

Hos oss står den gode forteljinga og samarbeid i fokus, og du vil få lære korleis ein nyttar ulike filmatiske verkemiddel for å lage den best moglege filmen.

I tillegg til filmproduksjon skal me også utvikle eigne direktesendingar, frå idé til ferdig konsept. Her må heile klassen samarbeide for at resultatet skal bli best mogleg.  

Spenninga når den raude lampa lyser og direktesendinga er på, er heilt unik. 

Uavhengig av om du har mykje erfaring eller aldri har tatt i eit kamera før, kan me garantere at du vil få eit lærerikt og spanande år her på Stord folkehøgskule. 

Som elev på linja har du fri tilgang til alt av utstyr, både i undervisningstid og utanom. Her kan du sleppe laus kreativiteten din, og berre fantasien set grenser for kva du kan lage. Vårt studio er din sandkasse. 

Velkomen til eit lærerikt, sosialt og veldig kjekt år her på Stord.

Deg som ønsker å lære og lage film og TV i eit praktisk og kreativt miljø, der du samarbeider og utvikler film- og TV-prosjekt saman med andre. Frå manus og kamerateknikk, og til framsyning.

Dette vil du lære

  • Idéutvikling og manusskriving
  • Film- og TV-regi
  • Dramaturgilære og komposisjonsprinsipp
  • Kinematografi og sjangerlære
  • Kamerateknikk, lyd, lys og klipp 

Mellom anna ved:

  • Å lage filmar frå botn av
  • Rullere på arbeidsoppgåvene
  • Tett oppfølging med lærarane
  • Fri tilgang til film, lyd og lysutstyret vårt 
  • Ha felles filmanalyse

...og mykje meir!

Våre forventninger til deg

Kom som du er! Me vil legge til rette for at du skal få eit så fint år som mogeleg. Her vil du kunne skape eigne prosjekt, samarbeide med andre, og få god hjelp til å realisere ideane dine. Og mest av alt – du møter andre med same interesser som deg, og skaffer deg gode vener for livet.

Petter Misje

Lærar

Petter er lidenskapeleg opptatt av å utforske og utvikle sine, og dine, interesser! 

Han har mange års erfaring frå TV- og reklamebransjen, og har jobba på alt frå olympiske leker og verdsmeisterskap, til nyheiter og live-sendingar, med fleire prisar i ryggen. 

I tillegg til sitt arbeid med film, er han utøvande musikar og komponist.

Epost: petter@stordfhs.no
Telefon: 97733852

Yngve Eikeland Øvregard

Lærar

Vår filmentusiast, serieskapar og klippar, som han har jobba som i ti år. Han klipper i dokumentarserien “Toll” på TV 2, og har klipt for NRK, TV 2, TVNorge og TV3 i bl.a. The Voice, Unge Lovende, Else om: Selvmord, Iskrigerne, Skal vi danse, Kjør meg til OL og Åndenes Makt. 

Den gode historia, og vegen til den, står i sentrum for Yngve. Ikkje alt kan fiksast i klippen, planlegging er alfa omega!

Epost: yngve@stordfhs.no
Telefon: 41271004

Skuleruta for 2025-26 kjem snart. Ordinært er det midt/slutten av August til helga før 17. mai.

Last ned årsplan som pdf ↓

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Til vanleg varer valfaget i to eller tre skuletimar kvar veke.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Mixology Mocktail Bartending

På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøy og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport kor alle kan delta!

Brettspel og Table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Båt og sjø

Livet ved og på sjøen! Her kan du seile både jolle og kjølbåt, og kjøre motorbåt. Vi bruker SUP-brett og kajakker, prøver fiskelykken og setter krabbeteiner, og selvfølgelig tar vi oss et bad i sjøen.

Matlaging i naturen

Vi går små turer der vi lager mat i naturen, enten på bål eller stormkjøkken. Vi plukker bær og sopp som brukes i rettene. Her får du mulighet til å lage forskjellige matretter og teste ut nye smaker.

Podcast

Bli med å lage ein eigen podcast heilt fra start. . Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Strikk, sy, redesign

Lær å strikke, eller å sy! Lag dine eigne klede, både avansert og enkelt, gjerne med gjenbruk av materialer.

Aktiv lytting

I Aktiv lytting presenterer me musikken me liker for kvarandre, og diskuterer kvifor den er spessiell for oss. Vi går gjennom forskjellige sjangre, og prøver å finne nye skjulte musikk-skatter.

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Sal og Scene

Me skriv vårt eige show! Lager skatsjer, jobber med dans eller koreografi. Me lærer å sette opp ei førestilling og kva som skal til for å underholde på ei scene

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Bokklubben

Senk pulsen, slapp av og les ei god bok! Her får du tid til å lese, og mulighet for å diskutere favoritane dine med andre lesehestar.

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Stord Folkehøgskule er ein kreativ og moderne skule. I hjarta av Vestlandet, og midt Bergen og Stavanger finn du vestlandsperla Stord. Me har varierte linjer, elevar frå inn-, og utland som gir eit sosialt og inkluderande skulemiljø. Kombinert med spennande valfag og fritidsaktivitetar, har du alltid noko å finna på!

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 148 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Skulegenser
  • Årbok
  • Studietur: Preikestolen
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: Vintereventyr til Hovden
  • Studietur: HOLLYWOOD – City of Angels!
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Studietur: OSLO - Me besøker Film- og TV-bransjen!
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 148 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 148 000,-
(14 800,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Noen ekstra måltider på studietur HOLLYWOOD – City of Angels! (2 måltider per dag er inkludert)
  • Noen ekstra måltider på studietur OSLO - Me besøker Film- og TV-bransjen! (2 måltider per dag er inkludert)
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Redigeringsmaskinar med Davinci Resolve Studio fordelt i våre tre arbeidsrom
  • Kamera: Blackmagic Design Pocket Cinema Camera 6K Pro
  • Zoom H6 lydopptakarar
  • Shure VP82 shotgun-mikrofonar
  • Godox LED-Belysning (SL150W II)
  • Lyd- og bildemiksarar (A&H, ATEM) for bruk under live TV-produksjon
  • Klappar, kablar, stativ og anna naudsynt film- og TV-tilbehøyr

Dette utstyret må du stille med selv

Du treng ikkje noko personleg utstyr for å gå på Film og TV linja, men har du til dømes kamera eller laptop, så ta det gjerne med. 

Bygninger

Vår heis er liten, men går til alle etasjar, og rullestolheis/ramper på grunnplan til alle nivå. Vår bygningsmasse er delvis tilgjengelig for rullestol. Utearealet er universelt utforma og tilgjengeleg for alle.

  • Alle våre rom har eige bad og toalett.
  • Me har 2 HC-toalett i undervisingsareal.
  • Me har 2 kvilerom, og diverse opphaldsareal.
  • Skulen har fastmontert høgttalaranlegg.

Ta kontakt med oss om for å høre kva me kan gjøre for å tilrettelegge for dine behov.

Mat

Me tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassingar til andre allergiar. Gi oss beskjed i god tid slik at me kan legga til rette for deg.
Me tilbyr også vegetar og vegansk mat til dei som ønsker det. Om det er mat du ikkje et av religiøse årsaker eller av andre grunnar, ta kontakt med oss.

Faglig og sosialt

Me tilpassar så langt det er mogeleg, slik at det blir mogeleg for deg å delta på lik linje med dei andre.

  • Å tilpassa utstyr, som hev og senk-bord
  • Tilrettelegga for pausar
  • Finna alternative løysingar om aktivitetane vert for omfattande
  • Me har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderande miljø
  • Me har sosiallærar/internatleiar/andre tilsette som du kan snakka med om du ønsker det

Ta kontakt med oss for å høyra kva me kan gjera for å tilrettelegga for dine behov.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Alexander Svela

Fantastiske lærere, herlig klasse- og skolemiljø og mye å finne på hele døgnet, fra linjeaktiviteter, valgfag, fritid og alt annet!

Alexander Svela
Christina Ringheim Koløen

Elske meg her! Å ha folkehøgskule midt i byen med alt du trenge rundt deg er berre konge, det er alltid kort veg til natur, uteliv, kino, eller kva me måtte finna på utanom skulen også. Og så kan me filma på masse tøffe locations!

Christina Ringheim Koløen
Simen Romdahl

Eg valde Film og TV fordi eg har alltid vore interessert i det, og ville læra meir om å laga film. Me har eit fantastisk klassemiljø, mykje samarbeid og kreativt, mykje frie tøyler til å leika og læra oss med utstyr utanfor klassetid.

Simen Romdahl
Synne Råsberg

Vi lærte veldig mye av proffe og erfarne lærere, hadde flotte opplevelser på tur og jobbet med mange gøyale og realistiske film- og tv-prosjekter. Men det som sitter best igjen er alle de fantastiske folka!

Synne Råsberg
Felix Eidseter

Veldig sosialt og kjekt å vere her. Så veldig lærerikt med flinke og engasjerande lærarar som har jobba profesjonelt med film og tv. Fått meg mange nye venner for livet.

Felix Eidseter
Tom-Sindre og Helene

Vanskeleg å forklare så mye mer enn at det ble et år for livet. Vi har fått tid til å bygge tette vennskap og lært utrulig mykje om det å bli voksen og selvstendig.

Tom-Sindre og Helene

Nyheter

Guri Melby: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet leder av Venstre og tidligere kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i ...

Knallstart for ny folkehøgskole på Stord

Søknadene strømmer inn til det nyeste tilskuddet til folkehøgskolefamilien. Rektor jubler over den gode mottakelsen Stord folkehøgskule har fått og lover at elevene skal få ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

FILM

Follo Folkehøgskole
Helårskurs
18 t/uke
Frilynt

Musikk og media - Medieproduksjon

Manger folkehøgskule
Helårskurs
Frilynt

ROMSKIP: Eksperimentell film

Buskerud Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Nxt-Gen Film Lab

Danvik Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Dokumentaristene - Bergen og San Francisco

Jæren Folkehøgskule
Helårskurs
Frilynt

Filmproduksjon

Nordmøre Folkehøgskule
Helårskurs A
12 t/uke
Frilynt

TV-Produksjon

Danvik Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Utefilm Lofoten

Lofoten folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Filmproduksjon

Sandefjord folkehøyskole
Helårskurs
Frilynt

SoMe & innholdsproduksjon

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Helårskurs
Frilynt

Film og filmproduksjon

Skjeberg Folkehøyskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Dronepilot

Valdres folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Nordiska Filmskolan

Nordiska folkhögskolan
Helårskurs
32 t/uke
Frilynt

Film og Foto

Lundheim folkehøgskole
Helårskurs A
9 t/uke
Kristen