Til hovedinnhold

Instarail - Foto, Natur og Opplevelser - Europa

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Linjefag: 15 timer/uke
  • Pris: fra 145 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Stord
  • Studietur for linja: Interrail Europa - Kontinentet på sitt beste!, Fjell over fjord
  • Studietur for skolen: Preikestolen, Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet, Vintereventyr til Hovden
Lær å ta wow-bilder som skil seg ut i mengden! Med kameraet i handa opplever me by og natur på jakt etter gode motiv og fotospots. Interrail-turen planlegg me saman! Verda er vårt lerret.

Liker du å fange øyeblikk med kameraet ditt? Saman skal me oppleve det beste norsk natur har å by på og me skal utforske kreativiteten gjennom praktiske foto-oppgåver, både i studio og utandørs.

Du vil oppleva:

Kameraet er med overalt! 

Årets reise-høgdepunkt blir ein 2-3 vekes Interrail-tur gjennom Europa. Den planlegg me i lag. Berlin, Praha, Budapest, Alpene, Milano, Barcelona, Paris. Me utvidar horisonten vår med kontinentets mange inntrykk. Me vil sitte igjen med ein masse fantastiske kultur-opplevingar saman, og ikkje minst mange fine bilder.

Me drar på mange turar og arrangement i by og friluft, der målet for kvar tur er å fange unike bilder. Du vil lære å meistre kameraet ditt og kva du bør tenke på for å få det meste ut av kvar situasjon. 

Me arbeider med redigering, bildebehandling og kunsten å velge ut dei gode bileta. Slik får me dei flottaste bildene til bruk i sosiale media, trykk og utstilling. 

På slutten av året arrangerer me ei storslått fotoutstilling med alt det beste de har laga.

I tillegg kan du bli med på kajakkturar, overnatting i telt og under åpen himmel i hengekøyer, båttur med veteranskipet MS Sunnhordland, ski- og snowboard-tur til Hovden og mykje anna gøy!

Er du glad i å ta bilder, reise, utforske by og natur og fange øyeblikket, så er dette linja for deg! Ingen forkunnskaper er nødvendige. Linja passer like godt for nybegynnere som meir erfarne.

Dette vil du lære

  • Fotoredigering i Lightroom og Photoshop
  • Ulike fotosjangrar som portrett, macro, fotojournalistikk mm.
  • Fotografering med drone
  • Lyssetting i studio
  • Komposisjonsregler og bildeanalyse
  • Grunnleggende friluftsliv og turplanlegging
  • Visuell historieforteljing
  • Innstillinger på ditt kamera

Og mykje meir!

Våre forventninger til deg

At du er klar for eit variert og spennande år, fyllt med mange nye aktiviteter. At du ønsker eit år som utfordrer deg litt, men kor du også kan utfordre oss, og bidra til eit positivt læremiljø i klassen.

Yngve Eikeland Øvregard

Linjelærar

I tillegg til ei lang fartstid som klipper i media-bransjen, har Yngve også ein stor lidenskap for stillsfotografiet. 

Han elsker det å fortelje ei god historie i eitt enkelt bilde.

Ved siden av lærarjobben arbeidar Yngve som klipper og fotograf, og har mellom anna hatt bilder på trykk i DNT si jubileumsbok.

Yngve trivst best når det skjer mykje og elevane har rom til å utvikla seg som fotografar.

Epost: Yngve@Stordfhs.no
Telefon: 412 71 004

Skuleruta for 2025-26 kjem snart. Ordinært er det midt/slutten av August til helga før 17. mai.

Last ned årsplan som pdf ↓

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Til vanleg varer valfaget i to eller tre skuletimar kvar veke.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Mixology Mocktail Bartending

På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøy og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport kor alle kan delta!

Brettspel og Table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Båt og sjø

Livet ved og på sjøen! Her kan du seile både jolle og kjølbåt, og kjøre motorbåt. Vi bruker SUP-brett og kajakker, prøver fiskelykken og setter krabbeteiner, og selvfølgelig tar vi oss et bad i sjøen.

Matlaging i naturen

Vi går små turer der vi lager mat i naturen, enten på bål eller stormkjøkken. Vi plukker bær og sopp som brukes i rettene. Her får du mulighet til å lage forskjellige matretter og teste ut nye smaker.

Podcast

Bli med å lage ein eigen podcast heilt fra start. . Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Strikk, sy, redesign

Lær å strikke, eller å sy! Lag dine eigne klede, både avansert og enkelt, gjerne med gjenbruk av materialer.

Aktiv lytting

I Aktiv lytting presenterer me musikken me liker for kvarandre, og diskuterer kvifor den er spessiell for oss. Vi går gjennom forskjellige sjangre, og prøver å finne nye skjulte musikk-skatter.

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Sal og Scene

Me skriv vårt eige show! Lager skatsjer, jobber med dans eller koreografi. Me lærer å sette opp ei førestilling og kva som skal til for å underholde på ei scene

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Bokklubben

Senk pulsen, slapp av og les ei god bok! Her får du tid til å lese, og mulighet for å diskutere favoritane dine med andre lesehestar.

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Stord Folkehøgskule er ein kreativ og moderne skule. I hjarta av Vestlandet, og midt Bergen og Stavanger finn du vestlandsperla Stord. Me har varierte linjer, elevar frå inn-, og utland som gir eit sosialt og inkluderande skulemiljø. Kombinert med spennande valfag og fritidsaktivitetar, har du alltid noko å finna på!

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 145 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • 4 måltid kvar dag
  • Turar i skulen sin regi
  • Skulegenser
  • Årbok
  • Studietur: Preikestolen
  • Studietur: Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet
  • Studietur: Vintereventyr til Hovden
  • Studietur: Interrail Europa - Kontinentet på sitt beste!
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Studietur: Fjell over fjord
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 145 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 145 000,-
(14 500,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Inkluderar interrailturen i Europa.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Fotostudio
  • Fotopakken til Adobe for redigering
  • Drone
  • Høgkvalitets fotoprinter
  • Telt
  • Hengekøyer
  • Lavvo
  • Stormkjøkken
  • Tur utstyr: (Spade, øks, sag, kniv osv)
  • Kajakker/kano
  • Våtdrakt
  • Flytevestar
  • Skøyter (nokre til utlåns)
  • Ski (nokre til utlåns)
  • Båt
  • Fiskestenger

Dette utstyret må du stille med selv

  • Digitalt speilrefleks- eller systemkamera
  • Laptop for redigering
  • Ryggsekk minst 60L tursekk og mindre dagstursekk
  • Liggjeunderlag og sovepose (3-sesong)
  • Vindtett/vanntett jakke og bukse: Litt stor vindtett/vanntett ytterbekledning.
  • Vinterjakke- og bukse
  • Fjellstøvlar og vanntette tursko
  • Tjukk genser (helst ull)
  • Minst 2 sett ullundertøy
  • Ullsokkar, Lue, Vottar og Skjerf/hals

Bygninger

Vår heis er liten, men går til alle etasjar, og rullestolheis/ramper på grunnplan til alle nivå. Vår bygningsmasse er delvis tilgjengelig for rullestol. Utearealet er universelt utforma og tilgjengeleg for alle.

  • Alle våre rom har eige bad og toalett.
  • Me har 2 HC-toalett i undervisingsareal.
  • Me har 2 kvilerom, og diverse opphaldsareal.
  • Skulen har fastmontert høgttalaranlegg.

Ta kontakt med oss om for å høre kva me kan gjøre for å tilrettelegge for dine behov.

Mat

Me tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassingar til andre allergiar. Gi oss beskjed i god tid slik at me kan legga til rette for deg.
Me tilbyr også vegetar og vegansk mat til dei som ønsker det. Om det er mat du ikkje et av religiøse årsaker eller av andre grunnar, ta kontakt med oss.

Faglig og sosialt

Me tilpassar så langt det er mogeleg, slik at det blir mogeleg for deg å delta på lik linje med dei andre.

  • Å tilpassa utstyr, som hev og senk-bord.
  • Tilrettelegga for pausar
  • Finna alternative løysingar om aktivitetane vert for omfattande
  • Me har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderande miljø
  • Me har sosiallærar/internatleiar/andre tilsette som du kan snakka med om du ønsker det

Ta kontakt med oss for å høyra kva me kan gjera for å tilrettelegga for dine behov.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Tom-Sindre og Helene

Vanskeleg å forklare så mye mer enn at det ble et år for livet. Vi har fått tid til å bygge tette vennskap og lært utrulig mykje om det å bli voksen og selvstendig.

Tom-Sindre og Helene
Selma Winther

Noen ganger tar livet deg med på eventyr du aldri ellers ville fått. Folkehøgskole var et slikt eventyr, og jeg ville aldri vore det foruten.

Selma Winther
Amalie og Hedda Schmidt-Johnsen

Vi møtte så mange flotte folk å bli kjent og glad i. Vil definitivt anbefale Stord folkehøgskule til andre. Et år med så mange nye opplevelser og tid til å vere seg sjølv. <3

Amalie og Hedda Schmidt-Johnsen

Nyheter

Guri Melby: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet leder av Venstre og tidligere kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i ...

Knallstart for ny folkehøgskole på Stord

Søknadene strømmer inn til det nyeste tilskuddet til folkehøgskolefamilien. Rektor jubler over den gode mottakelsen Stord folkehøgskule har fått og lover at elevene skal få ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

FotoVideo OSLO

Rønningen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Naturfoto Svalbard

Svalbard folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Kristen

Foto/Opplevelser

Elverum folkehøgskule
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Foto & Video

Danvik Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Kunstfoto Japan

Sund folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Foto - fashion og kunst

Skjeberg Folkehøyskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Naturfoto

Lofoten folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Foto

Toten folkehøgskole
Helårskurs B
Frilynt

Kreativ & Foto

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
24 t/uke
Kristen

Analog foto

Fana folkehøgskule - Bergen
Helårskurs
14 t/uke
Frilynt

Film og Foto

Voss folkehøgskule
Helårskurs
Frilynt

Global Village - Storytelling

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Nordiska Fotoskolan

Nordiska folkhögskolan
Helårskurs
32 t/uke
Frilynt

Friluftsliv og Foto

Agder Folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt