Til hovedinnhold

Stord Folkehøgskule

  • Elevplasser: 125
  • Undervisning pr. uke: 32
  • Skolestart: 24.08.2024
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Stord
  • Studietur for skolen: Preikestolen, Veteranbåten MS Sunnhordland på Vestlandet, Vintereventyr til Hovden
Søk på skolenLinjer
Stord Folkehøgskule er ein kreativ og moderne skule. I hjarta av Vestlandet, og midt Bergen og Stavanger finn du vestlandsperla Stord. Me har varierte linjer, elevar frå inn-, og utland som gir eit sosialt og inkluderande skulemiljø. Kombinert med spennande valfag og fritidsaktivitetar, har du alltid noko å finna på!

Nokre sjansar, kjem berre ein gong i livet! Om du trives i ein livlig kvardag, vil du trives hos oss. Etter året her vil du oppnå personlig utvikling, både fagleg og sosialt, samt få venner frå heile landet (og utlandet). Grip sjansen på kysten; bli med inn til oss!

Kvifor Stord?

Her på Stord Folkehøgskule trur me på det beste i folk! Mangfald og fellesskap er vår styrke.

Stord er ein frilynt skule, som betyr at me ønsker alle velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, politiske haldningar eller økonomi.

Dette står vi for

S – Sosial! Venskap og samhold er noko av det finaste på jord.

T – Trygg! Her skal du kunne være deg sjølv, føle deg trygg og ivaretatt.

O – Open! Forskjellige folk er herlege folk. 

R – Raus! Me skal dele og gi av oss sjølv - våre lidenskapar, erfaringar og omsorg får blomstre gjennom opp og nedturar.

D – Deltakande! Du er hovudpersonen i ditt eige liv. Vårt mål er å førebu deg på livet, det å ta ansvar for eige liv - samt livet og samfunnet rundt deg.

  • Morgonsamling og seminar vert arrangert gjennom skuleåret med spennande tema og personar som kjem for å formidle og fortelje.
  • Skap: Me lærer deg å være kreativ, lærer deg å skape. Me lager store events og opne arrangement, samt gjer mindre pop-up’s og praktiske workshops.
  • Livet og sånt: Her får du undervisning om sentrale tema du vil møte seinare i livet. Til dømes Personlig økonomi, identitet, samliv, seksualitet, døden og filosofi.
  • Musikk / Skulekor: Ein time i veka kor me syng fine og gode allsangar.
  • Fysisk aktivitet: Variert mosjon og trening på alle nivå.
  • Felleskveldar/ Temakveldar / Festar

Her kan du velja og tilpassa skuleåret akkurat slik du vil. Ved Stord Folkehøgskule har du ein omfattande meny av valfag. Valfaga varierer i omfang, og du kan velje 1-3 valfag for kvar termin. Til vanleg varer valfaget i to eller tre skuletimar kvar veke.

Klatring

Foregår i klatreveggen inne på vikahaugane, om været tillet det kan det bli uteklatring/rapellering. Lære å sikre, øve på klatring, få teknikktips.

Kreativ Maling

Spray-boksar, akryl, børstar og vassmaling. Her får du lære om maleteknikkar, og mala dine eigne kreasjoner.

Mixology Mocktail Bartending

På skulen har me vår eigen alkoholfrie bar. Lær deg å laga moctails, utforska spanande smakskombinasjonar, laga eigen garnityr, å skapa stemning og å møta menneske.

Skyting

Her vil du få høve til å fordjupe og praktisere skytterkunsten, ved anlegget til Stord Skyttarlag på Stord. Eige gevær eller lån av oss!

Trening, helse og kosthald

Lær mer om hvordan kosthold og trening påvirker helsen din, og få hjelp til å lage egne treningsprogram for dine behov. Kvar økt startar med litt teori, før me går over til praksis i treningsstudio.

Volleyball

Volleyball er intenst, gøy og svært god trening! Og ikkje minst ein utruleg lærerik lagsport kor alle kan delta!

Brettspel og Table-top

Brettspel er sosialt, underhaldande, lærerrikt, utfordrande og gøy. Den vanvittige store variasjonen i ulike spel vil gi deg mange utfordringar og kjekke opplevingar.

Båt og sjø

Livet ved og på sjøen! Her kan du seile både jolle og kjølbåt, og kjøre motorbåt. Vi bruker SUP-brett og kajakker, prøver fiskelykken og setter krabbeteiner, og selvfølgelig tar vi oss et bad i sjøen.

Matlaging i naturen

Vi går små turer der vi lager mat i naturen, enten på bål eller stormkjøkken. Vi plukker bær og sopp som brukes i rettene. Her får du mulighet til å lage forskjellige matretter og teste ut nye smaker.

Podcast

Bli med å lage ein eigen podcast heilt fra start. . Kva skal til for å underhalde og korleis når ein ut til folk?

Strikk, sy, redesign

Lær å strikke, eller å sy! Lag dine eigne klede, både avansert og enkelt, gjerne med gjenbruk av materialer.

Aktiv lytting

I Aktiv lytting presenterer me musikken me liker for kvarandre, og diskuterer kvifor den er spessiell for oss. Vi går gjennom forskjellige sjangre, og prøver å finne nye skjulte musikk-skatter.

Baking

Me er på kjøkkenet og bakar til vår eigen kafe.

Dungeons & Dragons

Innlevelse, terningar, grotter, drakar, magi og humor. Har du funne din karakter og bestemt deg for eventyr, eller vert du sitjande i byen og krangla med vaktane? Opp til deg!

Teikning/måling

Her får du mulighet til å prøva ulike teknikkar på eiga hand, sjå på ulike former for teikning og maling

Alternativt ballspill + fotball

I dette valgfaget får du mulighet til å teste ut alternative ballspill. Flagfootball, Tchoukball med mer.

Filmklubben

Me ser notoriske filmklassikarar, drøfter og diskuterar kva desse betyr og kva som har gitt opphav til dei. Knasker popkorn og slapper av.

Mobilitet/Stretch/ Relax

Lær å kjenn din eigen kropp, strekk, føl og slapp av i kroppens mange muskler. Me går gjennom mobilitetsøvelsar for å læra om førebygging av skader, balansen i ein glad kropp og velbehag.

Årbok

Alle veit at det er veldig kjekt å ha gode minner frå folkehøgskulen til å sjå tilbake på i etterkant. Har du ein liten skribent i magen, eller likar godt å ta bilder? Då kan årbok-valfag vere for deg

Båtførarprøven

Pris: 3 000,-

Ta båtførarlappen saman med Redningsselskapet på folkehøgskulen. Dette er eit tilbod alle kan få uavhengig av andre valfag.

Mykje løye

Klatring inne, rapellering ute, ut i båt til fyrøya, gaming, tur inn i eit tre, skogstur til ei stor grotte, flyting i overlevelsesdrakt...rett og slett mykje løye

Show: Sal og Scene

Me skriv vårt eige show! Lager skatsjer, jobber med dans eller koreografi. Me lærer å sette opp ei førestilling og kva som skal til for å underholde på ei scene

Kjøkken, hybel og gatemat

Her får du læra å laga spanande, rimelege, næringsrike og enkler rettar som de kan laga til dykk sjølv eller til sosiale settingar. Me lagar alt frå norsk tradisjonsmat til internasjonale rettar.

Heilårsbading

Me går ut kvar veka for for å bade i sjøen, uansett vær og vind.

Bokklubben

Senk pulsen, slapp av og les ei god bok! Her får du tid til å lese, og mulighet for å diskutere favoritane dine med andre lesehestar.

Forbetre VGS-fag

Treng du å ta opp nokre fag, eller få betre karakter? Då kan du få hjelp og god tid til å fokusere på dette her.

Stord kommune er ein vakker kystby med ca 20.000 innbyggarar, sentralt på vestlandet.

Midt mellom Bergen og Stavanger. Med E39 nord og sør, og E134 austover. 

Slik kjem du deg til skulen:

  • Fly til Stord Lufthamn Sørstokken (1 time), me henter/bringer deg.
  • Fly til Bergen Lufthavn/Sola Flyplass, og ta ekspressbuss eller hurtigbåt til Stord. (2 timer) Rett til skulen.
  • Hurtigbåt frå Bergen eller Bergen Lufthavn, Flesland til Leirvik kai rett ved skulen, Stord. (ca 2 timer)
  • Ekspressbuss Kystbussen eller bil frå Bergen/Stavanger til Stord. (ca 2 timer) rett ved skulen.
  • Ekspressbuss Haukeliekspressen eller bil frå Oslo/austlandet til Aksdal og så buss inn til Stord. Eller bil over fjellet (ca 5-7 timer)

Finn reiserute fra der du bor

Stord folkehøgskule ligg sentralt i Leirvik. Det er mange tilbod rett ved skulen, i form av byliv, kultur, idrett, friluft og sosiale møteplassar. I tillegg er det veldig enkelt å kome seg opp til Bergen eller ned til Stavanger, om ein vil ha ein dagstur og miljøskifte, eller ut på fjorden til ei av dei mange øyane, for å kome litt vekk.

Innanfor 1 km finn me mellom anna:

  • Leirvik sentrum med restauranter, uteliv, kjøpesenter, butikkar og mykje meir.
  • Vikahaugane Idrettspark
  • Kulturhus med kino, svømmehall, konserter mm
  • Skøytebane
  • Konsertscene
  • Escape room på Sunnhordland Museum og utescene
  • Restauranter
  • Kollektivterminal for kjapp tur til Bergen eller Stavanger
  • Kino

Skuleruta for 2025-26 kjem snart. Ordinært er det midt/slutten av August til helga før 17. mai.

Last ned årsplan som pdf ↓
  • Det vil vere varierte kveldsaktiviteter gjennom heile året, og du kan delta på mykje spennande og variert som er utanom faga ved skulen. Mange av dei er organiserte av stippane (andreårselevane våre).
  • To kvelder i veka har skulen fri tilgang på kulturhusbassenget.
  • Dei ulike elevgruppene vil ha ansvar for å arrangere elevkveldar.
  • Me vil få besøk av forskjellige lag og organisasjoner som har ansvar for å stelle i stand underhaldning eller møte med spennande mennesker saman med oss.
  • Idrettslaga inviterar elevane til å delta på sine treningar, innan ballsport, symjing, motorsport og mykje meir.
  • Utforsk øyane rundt Stord, med vår eigen båt og camping-utstyr.
  • Kafé-bar, tilgang på forskjellig utstyr, spel og fritidsaktiviteter.
  • Flesteparten av våre elevar er 18-22 år. Du bør minimum fylle 18 i løpet av skuleåret.
  • Fortel oss litt om deg og dine interesser utover linjefaget, så kan me skape det beste skuleåret saman med deg.
  • Du trenger ingen forkunnskaper for å få plass på våre linjer.

Bygninger

Vår heis er liten, men går til alle etasjar, og rullestolheis/ramper på grunnplan til alle nivå. Vår bygningsmasse er delvis tilgjengelig for rullestol. Utearealet er universelt utforma og tilgjengeleg for alle.

  • Alle våre rom har eige bad og toalett.
  • Me har 2 HC-toalett i undervisingsareal.
  • Me har 2 kvilerom, og diverse opphaldsareal.
  • Skulen har fastmontert høgttalaranlegg.

Ta kontakt med oss for å høyre kva me kan gjøre for å tilrettelegge for dine behov.

Mat

Me tilbyr glutenfri mat, laktosefri mat og tilpassingar til andre allergiar og kosthald. Gi oss beskjed i god tid slik at me kan legga til rette for deg.
Me tilbyr også vegetar og vegansk mat til dei som ønsker det. Om det er mat du ikkje et av religiøse årsaker eller av andre grunnar, ta kontakt med oss.

Faglig og sosialt

Me tilpassar så langt det er mogeleg, slik at du kan delta på lik linje med dei andre.

  • Tilpassa utstyr, som hev og senk bord
  • Tilrettelegga for pausar
  • Finna alternative løysingar om aktivitetane vert for omfattande
  • Fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderande miljø
  • Sosiallærar/internatleiar/andre tilsette som du kan snakka med om du ønsker det

Ta kontakt med oss for å høyra kva me kan gjera for å tilrettelegga for dine behov.

Sølve Bruvik

Lærar

Sølve er vår barske romantikar. Etter mange år i sjøforsvaret jobbar Sølve no som lærar ved Politi, Vektar og Beredskapslinja ved Stord folkehøgskule. Han kjenner til samfunnssikkerhet og beredskap frå innsida, han er inkluderande og gøyal, og lærer deg om Blålys-etatane, Forsvaret og dei sivile hjelpeorganisasjonane, gjennom eit sosialt skulemiljø på Stord folkehøgskule.

Epost: solve@stordfhs.no
Telefon: 45285161

Michaela Weiss

Teacher

Michaela is a sailor, saxophonist, Norwegian teacher and so much more. Michaela never fails to bring a smile to your face, and get activities started. There's never a boring day with her, so you're lucky to have her as a teacher. She will bring you on adventures all over!

Epost: Michaela@Stordfhs.no

Jon Even Berger

Lærar

Vår Gaming-sjef er Jon Even. Jon Even er født i 1995, er utdanna lektor og har ei stor lidenskap for alt innen gaming. Interessa startet med ein Game Boy Color på slutten av 90-tallet, og held fram inn i jobben med Esport-linja på Stord Folkehøgskule. Jon Even er fan av «variety gaming», men er også en fysisk aktiv person, og ein inkluderande sosial kjekk kar, og den delen går igjen i linja.

Epost: joneven@stordfhs.no
Telefon: 48119020

Petter Misje

Lærar

Petter er lidenskapeleg opptatt av å utforske og utvikle sine, og dine, interesser! 

Han har mange års erfaring frå TV- og reklamebransjen, og har jobba på alt frå olympiske leker og verdsmeisterskap, til nyheiter og live-sendingar, med fleire prisar i ryggen. 

I tillegg til sitt arbeid med film, er han utøvande musikar og komponist.

Epost: petter@stordfhs.no
Telefon: 97733852

Severin Vik

Lærar

Severin er vår fremste regent innan musikken. Utdanna musikkpedagog med master i kreative læreprosessar. Han har spelt event-jobbar sidan han var 15, og spelt mykje show-konsertar opp og ned langs kysten. Gitarist, pianist, sangar og showmann. Musikaren Severin steller i stand liv og røre der han er. Han har alltid ein passande låt på lur. Gjennom skuleåret vil du få bli godt kjent med Severin.

Epost: Severin@Stordfhs.no
Telefon: 46 89 60 22

Geir Angeltveit

Driftsleiar

Epost: Geir@StordFHS.no
Telefon: +4740401753

Andreas Kjempenes

Lærar

Friluftsmannen Andreas er tømrar, malar, byggar, roar, fiskar, fangstmann og artigmann. Andreas er vår kreative kameleon, han stepper inn i alt mogeleg med brask og bram og drar deg som elev med på dei artigaste påfunn. Gjennom naturopplevingar på fjell, fjord og skog, i entreprenørskap, handtverk og aktivitetar innandørs og utandørs.

Epost: andreas@stordfhs.no
Telefon: 45500534

Irene Fatland

Rektor

Epost: irene@stordfhs.no
Telefon: 97632932

Bent Brattbakken

Lærar

Bent er utdanna faglærer i kroppsøving- og idrettsfag og har mastergrad i Friluftsliv og idrettspsykologi, svømmeinstruktør, og jobba i alle typar skuleslag inkludert 8 år i FHS. Bent finn alltid på noko sprell, og vil skapa eit herleg år saman med deg!

Bent hjelper deg gjerne med treningsplaner, fysisk aktivitet og oppfølging både i linje- og fellesundervising.

Epost: bent@stordfhs.no
Telefon: 98806862

Yngve Eikeland Øvregard

Linjelærar

I tillegg til ei lang fartstid som klipper i media-bransjen, har Yngve også ein stor lidenskap for stillsfotografiet. 

Han elsker det å fortelje ei god historie i eitt enkelt bilde.

Ved siden av lærarjobben arbeidar Yngve som klipper og fotograf, og har mellom anna hatt bilder på trykk i DNT si jubileumsbok.

Yngve trivst best når det skjer mykje og elevane har rom til å utvikla seg som fotografar.

Epost: Yngve@Stordfhs.no
Telefon: 412 71 004

Linjer på Stord Folkehøgskule

Søk på skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Selma Winther

Noen ganger tar livet deg med på eventyr du aldri ellers ville fått. Folkehøgskole var et slikt eventyr, og jeg ville aldri vore det foruten.

Selma Winther
Alva Eira Folkvord

Eg visste ikkje ka eg ville gjere etter videregående, og derfor valgte eg å ta eit friår sammen med mange andre som er i samme situasjon. På Stord var det mange spennande fag eg hadde lyst å prøva, og året var fantastisk!

Alva Eira Folkvord
Amalie og Hedda Schmidt-Johnsen

Vi møtte så mange flotte folk å bli kjent og glad i. Vil definitivt anbefale Stord folkehøgskule til andre. Et år med så mange nye opplevelser og tid til å vere seg sjølv. <3

Amalie og Hedda Schmidt-Johnsen
Justa Ciuzelyte

Kjekt med ein skule nærme Bergen, enkelt å komma seg til og frå. Spennande linja med vekterkurs, skyting, beredskap, brannvesenet, kommune, politiet, flyplassen... fysiske testar på kondisjon og styrke som me arbeide med. Flinke lærarar!

Justa Ciuzelyte
Niklas Berglund

Det beste med folkehøgskole er å få så mange nye venner, ekstra gøy på esport, gaming og sosialt hvor vi gjør alt ilag. Vi har mange ups og down i turneringer, og så finner vi på mye utenom i tillegg, veldig inkluderende og konkurranseinnstilt miljø!

Niklas Berglund
Tom-Sindre og Helene

Vanskeleg å forklare så mye mer enn at det ble et år for livet. Vi har fått tid til å bygge tette vennskap og lært utrulig mykje om det å bli voksen og selvstendig.

Tom-Sindre og Helene

Nyheter

Guri Melby: - Folkehøgskole er slett ikke utdatert

Med de ordene åpnet leder av Venstre og tidligere kunnskapsminister Guri Melby i dag splitter nye Stord folkehøgskule. Søndag flytter 95 spente elever inn i ...

Knallstart for ny folkehøgskole på Stord

Søknadene strømmer inn til det nyeste tilskuddet til folkehøgskolefamilien. Rektor jubler over den gode mottakelsen Stord folkehøgskule har fått og lover at elevene skal få ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen