Me lover meistring og vennskap i ekstremsport og skibygda Voss. Brattlinja brukar mest tid på å ha det gøy! For deg som vil utforske fleire ekstremsportar. Mykje køyring på brett og ski. Opplev Voss!
Kvifor Bratt?
Voss folkehøgskule har Noregs mest spennande moglegheit for ski og ekstremsport. Bratt-linja er for deg som vil bruke tid på å utforske fleire ekstremsportar, køyre mykje på ski og leike deg i naturen på Voss. Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit unikt samhald og gode vennskap på linja. Store opplevingar blir det garantert!
Vi kikkstarter året med eit fallskjermhopp på Skydive Voss!
Køyr stisykkel, ski eller snowboard ned fra fjellet til skulen, lær deg å klatre, prøv elvepadling i Europas beste elver! Prøv å fly i vindtunnelen. Lær kiting på Hardangervidda. Køyr djup pudder i Myrkdalen og i Voss Resort. Du får årskort begge stader. Me legg opp til mykje køyring og leik på ski og brett. Frikøyring og park.
Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og her finn du sykkelløyper og skiløyper i verdsklasse!
Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med.
Du får bu i ekstremsporteldoradoet Voss. Oppleva eit eventyr gjennom studietur i store deler av alpane og Europa. Du får oppleva friluftslivet på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Du får dra på overnattingsturer i den fantastiske naturen Voss har å by på og du får mange gode opplevelsar rundt bålet, både med klassen og resten av skulen!
Etter eit fantastisk år med mange nye vennskap og store opplevingar.
Lev draumen! Velkomen til Voss!