Både musikk og friluftsliv! Kan det bli betre? Voss kan by på begge deler. Bli med og dyrk interesser av ulik art. Natur, kultur, bål og song, samspel, ski, fjell, skog, konsert, festival. Søk i dag!
På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv, og kombinerer begge i ei unik linje! Her får du spele konsertar, stå på scena og dra på turné. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Lær begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø!
Musikk
I musikken fokuserer me på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret ditt og aukar sjangerforståinga di. I varierte bandprosjekt utviklar du evna di til å lytte, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.
Friluftsliv
I friluftsliv ligg fokus på samhald, meistring og læring. Gjennom året har me periodar med variert friluftsliv: alt frå fjellturar, hytteturar og telturar, til rafting og tur til kysten. Vinteren startar me med alpint og snowboard. Som elev på Voss fhs får du årskort i Voss Resort sin gondol og skisenter. Det ligg i gangavstand frå skulen og er ope også for kveldskøyring og helgekøyring. Du får prøve deg på flyging i Voss Vindtunnel! Og du får tur på Nærøyfjorden med kajakk og telt! Og bålkos med sang! Målet er at du skal få prøve mest mogleg forskjellig, og klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på.