Alpane og Europa - Luftsport, ski og interrail
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 uker
Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!
Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing, paragliding og klatring. Om været tillet kan det hende det blir fallskjermhopping.
Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.
Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.
Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus.
Me har valgt å reisa med tog for å:
- nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
- ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
- kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
- kunne ha med nok utstyr
- læra om interrail og togreiser
- reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly
Turen går dei siste vekene i mars.
Bli med oss på eventyr!
Fallskjermkurs
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 5 dager
I årets første linjeveke pakker me telt og sovepose og reiser til Skydive Voss. Fallskjermklubben er bare 10 minutt unna skulen, men det er så kjekt å vere der at me velger å bu der heile første linjeveka. Me bur i telt eller hengekøye det lille skogområdet like bak klubbhuset. Her har klassen ei eigen trehytte der me fyrer bål i grua og slappar av etter lange dagar med fallskjermkurs.
Etter eit par intensive dager, drar me i vindtunnelen for å kjenne på følelsen av fritt fall.
I slutten av veka gjer du ditt første fallskjermhopp, og om veret er bra kan det bli mange hopp i løpet av veka. (I løpet av hausten gjer du gjerne 15-20 hopp!)
Denne veka blir me skikkelig godt kjend, og det er utruleg kor raskt man blir trygg på både klassen og fallskjermhoppinga.
Havkajakk i Nærøyfjorden
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 - 5 dager
Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.
Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.
Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.
Kitekurs
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2 dager
Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda. Me bur på Haugastøl Turistsenter og lærer oss å kite i området mellom Haugastøl og Dyranut.
Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski. Den andre dagen "flyg" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane.
Topptur og snøhule
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2-5 dager
Voss får store mengder snø i løpet av vinteren! Me drar mykje til fjells, og når veret og snøforholda er gode, drar me på topptur.
I løpet av vinteren bygger me snøhule og bruker snøhula som base for skikøyring og fine toppturar i området.
Fjella kring Voss har utrulig mykje fine moglegheiter for topptur. Elevanes favoritter er Vikafjellet, Jordalen og Mjølfjell.
Om du vil gå enda meir topptur, så kan valgfaget Topptur anbefales, og det vert mange moglegheiter for topptur på fridagane.
NM i vindtunnel
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 3 dager
Som elev på Ekstremsport Luft får du fly mykje i vindtunnelen på Voss Vind. Dei fleste som prøver vindtunnel flyr 3-10 minutter. Voss folkehøgskule har ein avtale med vindtunnelen som gjer at me kan fly timesvis i løpet av skuleåret!
Dei første gangene går me gjennom proflyer-programmet. Etter kvart får du prøve deg på eigen hand og få full kontroll på flygingen. Mykje av flyvinga er leik og moro, der me lærer å fly saman, lærer oss salto eller flyg på høg fart. Etter kvart flyr me fleire saman og til slutt er elevane så gode at me lærer konkurranseformen formasjonsflyging FS-4. Det er utruleg kjekt. Her er det samarbeid som gjeld.
I løpet av vinteren deltek me på NM i vindtunnel. Det er en stor opplevelse der me får prøva oss mot dei beste i Noreg. Det hender at det er lag fra Voss folkehøgskule på pallen!
NM er enten i Oslo eller på Voss, og omtrent annakvart år reise me på klassetur til Oslo.
Sørlandet, båtliv og fallskjermhopping
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 6 dager
I september, medan det framleis er godt ver og varmt i vatnet, tek me turen til Sørlandet .
Etter hektiske veker med fallskjermhopping på Voss er det kjekt å gjere noko anna sosialt saman med klassen. På vegen stoppar me og besøker Setesdal folkehøgskule og tar oss eit bad i jettegrytene på Rysstad. Så går turen til Ny-Hellesund, med hyttetur, båtliv, fiske, vannsport, kajakkpadling og segling før me drar til Kristiansand og lærer oss også å surfe på surfebølga i Aquarama i Kristiansand.
I Tønsberg hopper me frå Noregs største fallskjermfly. Det er kjekt å prøve fallskjermhopping en ny stad etter mange hopp på Voss.