Her kan du satse på hesten din og utvikle deg vidare som ryttar eller kusk. Samspelet mellom deg og hesten står i fokus, slik at du kan forstå din påverknad og tolke signala den gir.
Undervisninga blir tilpassa ditt nivå og ambisjonar. Med valfag som sprangriding, tømmekøyring, køyring og prosjekthest, får du moglegheita til å trene meir med hesten din.
Du treng ikkje ha erfaring frå konkurransar for å gå denne linja, men du må beherske hesten godt i både skritt, trav og galopp. Linja er òg eit springbrett til vidare utdanning innan hestefag, som for eksempel ridelærar og veterinær.
Er du klar for å skape ditt beste år saman med oss? Bli med og kjenn på utvikling, glede og få nye vennskap gjennom mange kjekke fellesopplevingar!
Kva kan du vente deg?
💪 Regelmessig trening og tett oppfølging
🏆 Moglegheita til å delta på stemner i nærområdet
🥰 Å dele lidenskapen din for hest med likesinna
💚 At hesten skal ha det bra, med stort fokus på hestevelferd
🎓 I snitt 18 timar linjefag i veka og fleire hestevalfag. Ei veke består ofte av tre rideøkter for instruktør, ryttartrening, køyring, hestehandtering, stallarbeid og teoritimar.
Fasilitetar:
I nærheita har vi tilgang til eit stort hestesportanlegg, der all praktisk linjeundervisning føregår. Her har du alt du treng for å trene og ha det kjekt med hesten din. I tillegg er her:
- Oppstallingsplass til 44 hestar
- 2 ridehallar
- Stor køyre/sprangbane ute
- Terrenghinder for feltritt og maraton
- Gode moglegheiter for å ri tur på fritida