Kvifor reise langt og sette djupe klimaavtrykk når vi bur midt i den fantastiske og verdskjende naturen på Vestlandet? Med fjord, fjell og hav rett utanfor skulen har vi mange skjulte perler som vi vil dele med deg.
Fellesturane våre er viktig for å byggje samhald på tvers av linjene. Her vil du:
- Bli betre kjent med både likesinna og menneska som du elles aldri ville møtt.
- Kjenne på den gode stemninga, latteren og historiene som blir fortalt.
- Oppdage nye sider av deg sjølv og sjå menneska rundt deg med nye auge
- Få eit kjekt avbrekk, sjå nye plassar og dele opplevingar med andre.
Her er oversikta over turane du kan delta på i skuleåret 2025/2026:
Strandryddeseilas
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2-3 dagar
Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den restaurerte galeasen "Loyal". Ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet.
Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap.
Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv!
På strandryddeseilaset kan du oppleve:
- Vere med og rydde strendene for plast og søppel
- Sette garn og krabbeteiner
- Fiske
- Lage mat av sjølvfanga råvarer
- Segle med Loyal
- Småturar til lands og til vanns
Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!
Fjord Explore
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2 dagar
Ein spennande utforskingstur i maritimt fjordmiljø. Krokpollen ligg i ei lita bortgøymd bukt, utan veg. Hit må du ta beina fatt eller ta sjøvegen for å kome fram. På denne turen står sjøaktivitetar i fokus. Her blir det bading, fisking, roing og padling, segling på fjorden som gir deg ro i sjela eller adrenalinkick der du ligg i ei tube bak motorbåten. Du får ete di eiga nykokte krabbe, vere med på allsong og høyre trekkspel i ustemt harmoni utover kvelden. Vi slår opp bålplass og du kan velje å sove i hengekøye, telt eller innandørs.
Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2 dager
I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet – ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk eller er meir dreven på bølgene. Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt! Ellers kan du glede deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.
Vintertur til Stigedalen
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 2 dager
Turen til Stigedalen er spekka med kjekke snøaktivitetar. Her er det langrennsløyper rett utanfor døra, akebakkar, grillhytte og fine forhold for mykje moro. Heile skulen er med på denne overnattingsturen, og det foregår mykje sosialt både ute og inne. Vi akar, har snø-rugby, lagar snøskulpturar, grillar, går på ski, har talentkonkurranse, quiz, spelar spel, ser på film og et god mat.