Dette er kunstlinja for deg som likar å utforske, vil prøve ut idear, fordjupe deg i ulike materialar og ditt visuelle biletspråk
Vi arbeider med ulike tema frå veke til veke gjennom året. I keramikkrommet, i teikne- og malesalen, på trykkpressa, på glasrommet eller i syrommet med redesign.
Vi er opptekne av å setje små miljøavtrykk og har ei bevisstheit på gjenbruk, miljø og bærekraft.
Kvifor velje Fjordane
- Keramikk med dreiing, moddelering og glasering
- Akrylmaleri, teikning, linotrykk og mixed media
- Glassfusing til skåler, smykker, motiv eller dekor
- Redesigne eller sy nytt etter mønster
- Utforsking og eksperimentering
- Opne arbeidsrom på kveldane
- Skreddarsy din timeplan med ulike valfag
- Ein skuledag fylt med praktisk arbeid, utfordringar, skaparglede og fellesskap
Det er praktiske introduksjonar i alle tema, så du treng ingen forkunnskapar. Har du erfaring får du anledning til å vidareutvikle deg, og får tid til sjølvstendige prosjekt, der du kan arbeide meir med det du likar best.
På slutten av året set vi opp ei utstilling, og du reiser heim med ulike utprøvningar, kunstverk og produkt du har laga gjennom året.
Inspirasjonsturar i inn- og utland
Utanlandsturen med linja blir ei kunst-, kultur- og opplevingsreise med tog gjennom Europa. Vi har fokus på å vere miljøvennlege i reisemåte, samstundes som vi vil at du skal få oppleve mest mogleg!
Gjennom året reiser vi på kunstnarbesøk, utstillingar, korte og lengre turar, både på linja og med resten av skulen.