- Hardanger Folkehøgskule
- Telefon: 53 67 14 00
- E-post: kontor@hardanger.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur for linja: ITALIA
- Studietur for skulen: Hovden i Setesdal, Sandhaug eller Krækkja på Hardangervidda
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Lofthus
- Oppstartsdato: 17.08.2025
- Linjefag: 15 timar/veke
- Pris: fra 141 400,-
Dei som søker seg til småbruk ønsker kunnskap om å drive med frukt, bær, grønnsaker eller dyr i småskala, hovudsaklig til eige forbruk. Kva skal til, og kva må du lære for å overta eit småbruk?
Det å driva eit småbruk krever at du likar å vera aktiv og fikse ting. Bygningar, veg, dykra mark og åker trengs vedlikehald og pleie. Derfor bør du ha grunnleggjande kunnskapar om praktiske ting, snekre, kjøre traktor med henger og plog, og om jord og hagebruk. Du treng å vera litt handy.
Kva kreves for å driva eit småbruk? Vi går igjennom det steg for steg, samtidig som du får prøvd deg i praksis på ting du bør kunne i landbruket.
Hardanger Folkehøgskule ligg midt i eit av norges største fruktdistrikt, med kompetanse og høg fagkunnskap rundt oss overalt. Vi har knytta til oss bønder som driv både stort og smått, med frukt, poteter og grønnsaker og med dyr. Og sjølvsagt saft og siderprodusentane i distriktet.
- Jord, hage og skogsbruk
- Fruktdyrking
- Poteter, gulrøtter, grønnsaksdyrking
- Fra jord til bord
- Utmarksforvaltning
- Økonomi og rekneskap
- Verktøy, redskap: lage, reparere, vedlikehalde
- Høsting og foredling - produksjonskjøkken
- Produsere saft og sider, syltetøy, m.m.
- Slakt og pølselaging
- Jakt, fiske og fangst (jakting krever jegerprøve)
- Bygge. Skur og skjul
- Pusse opp og vedlikeholde bygg
- Lover og forskrifter
- Besøk til og besøk av småbrukarar
- Praksis
- Hjelp til å skaffe sommarjobb/utvida praksis hos lokale bønder
- Samarbeid med NIBIO Ullensvang og Ullensvang Fruktlager
- Kontakt med salgsleddet
- Lage marknad
- Lamming
- Drivhus
- Aksjonsveke: fokus på kortreist mat og drikke, solidaritet, urettferdighet, overforbruk, etc.
Følg med på sesong to av Drømmen om et småbruk på NRK i haust.