Alpane & Slovenia: Padling, grotter, sykling
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Til våren, etter ein lang skisesong, reiser me til dei Austre Alpane i Slovenia og padlar "resirkulert snø" i smaragd-elva Soca. Sykkeltur, grottevandring og Balkansk kultur og elvevern er også på menyen.
I 2017 vart Slovenia kåra til verdas mest berekraftige reisemål! Ekstremsport klassen sin tur til Bovec i Slovenia bygger på dei tre hovedpillarane i berekraftig reilseliv: miljø, lokalsamfunn og lokal økonomi.
Me nyttar derfor lokale tilbod til overnatting, transport, utstyrsleige, guidar, mat og kulturutveksling. Me samarbeider og med verneorganisasjonen Balkan RiverDefence. Action og samfunnsengasjement i samme tur!
Havkajakk grunnkurs og fjelltur i Nærøyfjorden
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 3 - 5 dager
Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Bratte fjell som stupar ned i fjorden, kulturlandskap og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen, maten og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.
Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Smaksoppleving med ekte geitepølse og geitost i Undredal.
Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.
Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.