Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: Ca 3-4 uker
Meals included per day: 3
Bali – Eventyr, kultur og opplevingar for livet! 🌴✨
Det er ikkje utan grunn at Bali ofte blir kåra til årets destinasjon av Lonely Planet. Denne magiske øya, også kjent som "Island of Gods", byr på verdas beste surfing, unik kultur og aktivitetar for alle.
Opplev Bali si eventyrlege side
Som surfemekka nummer éin må vi sjølvsagt prøve surfing, men Bali har meir å by på:
- SUP, sykling, dykking og klatring
- Vulkantrekking og naturopplevingar som tar pusten frå deg
- Profesjonell trening ved Pronoia Hospitality, eit senter som balanserer kropp og sinn med aktiv livsstil og sunn mat
Utforsk den unike kulturen
Balinesarane er hovudsakleg hinduar, og vi tek oss tid til å dykke inn i denne særprega kulturen. Seremoniane, templene og dei fargerike tradisjonane gjer Bali til ein heilt spesiell destinasjon.
Din innsats betyr noko!
Gjennom samarbeid med organisasjonen Bali Life gir vi tilbake til samfunnet ved å bidra til bistandsarbeid for vanskelegstilte på øya. I tillegg er vi med på eit prosjekt der fokus er å og berge korallreva rundt øya!
Ein studietur utanom det vanlege
Med skulen sitt eige reisebyrå (IATA) og tilsette med over 25 års erfaring på Bali, sørger vi for at du får maks utbytte for pengane. Vi kjenner Bali som vår eigen bakgard – frå dei skjulte perlene til dei mest populære attraksjonane.
Bali venter på deg – opplev surf, kultur og fellesskap! 🌊🌺