Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Duration: 4 uker
Meals included per day: 3
Kva gjer du i mørketida? Bli med Multisport X // Thailand til sol og varme i Asia! 🌴✨
Neste vinter, når sprengkulda og mørketida gjer dagane korte og grå, kan du vere ein annan stad. Med Multisport X // Thailand (Friluftsliv, Idrett og Trening) reiser vi på ein 3–4 vekers studietur til Asia, der sol, varme og spennande aktivitetar ventar!
Dette er ikkje berre ei reise – det er ei moglegheit til å utfordre deg sjølv, oppleve noko nytt og bygge minner for livet.
Høgdepunkt på turen:
- Snorkling med store havskilpadder: Utforsk eit tropisk undervassparadis.
- Dykking på Ko Tao (Skillpaddeøya): Ta dykkarsertifikat eller berre nyt opplevinga av korallrev og fargerike fiskar.
- Klatring på Railey Beach: Ein av verdas mest berømte klatredestinasjonar.
- Yoga og trapez: Test fleksibiliteten din og få adrenalinet til å pumpe.
- Asia’s beste zipline adventure i Phuket: Svev gjennom jungelen på spektakulære zipliner.
- Avslapping ved bassengkanten: Nyt late dagar med varme og fellesskap.
Denne studieturen er ei perfekt blanding av eventyr, trening og avslapping. Du får oppleve både spektakulær natur og pulserande byliv, samstundes som du utviklar deg fysisk og mentalt.
Vil du heller sitte fast i vinterkulda – eller bli med oss til tropiske paradis? 🌞
Søk Multisport X // Thailand og bli med på ditt livs eventyr! 🌏✨