Til hovedinnhold

Ekstremsport

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Pris: fra 170 500,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Voss
  • Studietur for linja: Alpane & Slovenia: Padling, grotter, sykling
  • Studietur for skolen: Stølstur til Upsete, Skuletur til Hardanger
Bli med på eit år med utfordringar og meistring i Ekstremsportbygda Voss! Fordjup deg i elvepadling og skikøyring, og få venner og ferdigheiter for livet. Studietur til "Smaragdelva" Soča i Slovenia!

Her får du prøva ulike aktivitetar òg tid til å fordjupa deg og bli sjølvstendig utøvar!

Forutan dei to hovudaktivitetane våre, elvepadling og ski, skal me prøve aktivitetar som klatring, isklatring, vindtunnel, havkajakk og friluftsliv. Mogelegheit for sertifisering i fleire av dei og du avslutter året med eit tandem fallskjermhopp!

Under slagordet «move well, eat well, think well» lærer du om funksjonell trening, ernæring/matlaging og mentale teknikkar for å ha det bra i kvardagen og kunne yte meir når det trengs.

Ekstremsportlinja krev ingen forkunnskapar i padling, men du må ha erfaring med skikøyring (alpint) til toppturane. Elevane startar med ganske like føresetnader, og du vil få rom og tid til å utvikla ferdigheitene dine i ditt eige tempo.

Voss har Europas beste padleelver, og om vinteren kan du boltre deg i både Voss Resort og Myrkdalen Skisenter. Frå skulen er det gåavstand til gondolen som tek deg rett opp i skisenteret. På Voss FHS har vi ubegrensa skimuligheitar!

For å ivareta tryggleiken når me padlar i elva og går topptur, er me ein liten klasse på Ekstremsportlinja. I ein klasse med 12 elevar vil du få mykje personleg oppfølging og knyte tette band med klassekameratane.

 

Nokre av høgdepunkta:

Du som er lysten på nye erfaringar og vil utfordre deg sjølv, og jobbe for å få kunnskap og ferdigheiter. Du må ha erfaring frå alpinski, men treng ikkje forkunnskap om padling eller klatring.

Dette vil du lære

  • Elvepadling - NPF Våttkort (utvida grunnkurs og tryggleikskurs)
  • Alpint - Frikøyring og topptur
  • Snøskredlære
  • Klatring/buldring - NKF Brattkort
  • Havpadling - NPF Grunnkurs
  • Vindtunnel - Grunnkurs med moglegheiter for meir
  • Elveredning
  • Synfaring og "lesing" av elv
  • Tryggleik og risikovurdering
  • Førstehjelp 
  • Turplanlegging
  • Friluftsliv
  • Vinterfriluftsliv
  • Ernæring i evolusjonært perspektiv
  • Funksjonell trening
  • Mental trening

Våre forventninger til deg

  • Oppmøte kvar dag
  • God fysisk form
  • Høg deltaking
  • Læringsvilje
  • Mestrer parallellsving - alpinski
  • Krav til legeerklæring

Arild Tvilde

Lærar

Arild er elvepadlar, frikøyrar og toppturentusiast, klatrar og friluftsmann. Han brenn for naturen og miljøet, og er ei ildsjel i det lokale ekstremsportmiljøet. Han var initiativtakar til skulens fyrste ekstremsportlinje, og har vore pådrivar i utviklinga av tilbodet me har i dag. Arild har i ei årrekke vore sikkerheitsansvarleg for Ekstremsportveko.

Epost: arild.tvilde@voss.fhs.no

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dagar i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

I tillegg blir timeplanen oppløyst eller endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, reiser og og andre prosjekt.  

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

I våre valfag kan du prøve noko heilt nytt, eller utvikle deg i fag du alt har interesse for. Heile fredag er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag. I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Tilbodet vil variere litt:

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Voss har fantastiske linjer, over 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss -  kun 1.5 km til Voss Resort! Spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 170 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Stølstur til Upsete
  • Studietur: Skuletur til Hardanger
  • Studietur: Alpane & Slovenia: Padling, grotter, sykling
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 170 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 170 500,-
(17 050,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Me prøver å tilrettelegge så langt det går for at alle kan delta på linja, ta kontakt for meir info.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Det beste valget jeg har tatt, var å tilbringe ett år på Voss folkehøyskole. Utviklingen jeg hadde på bare et år er virkelig utrolig. Jeg fikk venner og lidenskaper som jeg har tatt med meg videre i livet, Voss er verdens beste plass for elvepadling

Maximillian Krohn Lundvall
Andrea

For eit år! Kvardagen går ut på å utfordre seg i kajakk i verdas beste elver og skikøyring i rå natur. Samtidig møter du venar frå heile Noreg som er like gira på å vere på folkehøgskule som deg!

Andrea
Helge Karbø

Året på Voss FHS gav meg ein ny verden! Fantastisk år der elvepadling og friluftsliv gjorde kvardagen til ein leik. Ulike venner frå heile landet har gitt meg eit heilt unikt nettverk!

Helge Karbø
Eskil Berge

Det var heilt fantastisk. Å søkje på ekstremsportlinja er det beste valet eg har teke. Eg har funne hobbyar som vil vere med meg for alltid, og fått venner som eg årleg drar på ski- og padleturar med.

Eskil Berge

Nyheter

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Adrenalin

Hurdal Verk folkehøgskole
Helårskurs A
14 t/uke
Kristen

Friluftsliv Ekstremsport

Sagavoll folkehøgskole
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Multisport X Bali

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Helårskurs
Kristen

Action and Adventure - Bali, Indonesia

Karmøy Folkehøgskule
Helårskurs B
6 t/uke
Frilynt

Backpacker/Ekstremsport

Elverum folkehøgskule
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Ekstremsport på Reisefot

Seljord Folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Sport Extreme Australia

Bakketun Folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Kristen

Action - Sør-Amerika Nepal

Numedal folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

X sports - New Zealand

Valdres folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Adrenalin

Haugetun Folkehøyskole
Helårskurs
11 t/uke
Kristen

Basecamp Mt. Everest

Valdres folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Multisport - Bali, Indonesia

Karmøy Folkehøgskule
Helårskurs B
6 t/uke
Frilynt

Ekstremsport Luft

Voss folkehøgskule
Helårskurs
Frilynt

eXtremsport // Bali & Thailand

Møre Folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt