Til hovedinnhold

Brassband

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Linjefag: 19 timer/uke
  • Pris: fra 136 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
  • Sted: Manger, Vestland
  • Studietur: Konsertturné og kultur i brassbandverdas vugge
Me er stolte av å presentere den einaste brassbandlinja i landet. Har du slite ut nokre sko i skulekorps? Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Brassbandlinja gir deg akkurat det – meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Gled deg til mykje godt samspel!

Du møter likesinna ungdom på alle nivå. Nokre har ambisjonar om å gå vidare på høgare musikkutdanning, medan andre vil ha korps som ein gjevande hobby.

Gjestar frå inn- og utland

Brassbandlinja nyt godt av eit stort kontaktnett i Noreg, men også rundt omkring i Europa. Me får jamleg besøk av gjestedirigentar på toppnivå som jobbar med profesjonelle orkester, militærkorps og dei aller fremste brassbanda i verda. Me samarbeider med Manger Musikklag og Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Samspel

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2–4 fellesøvingar. Musikkutvalet varierer på dei ulike prosjekta.

I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Du får moglegheiter til å spele på kryss og tvers av alle linjene med eigne arrangement, blåserekker for band og storband.

Mange av våre elevar finn seg eit korps å spele med på fritida, og skulen legg tilrette for at dette skal vera mogleg og set deg gjerne i kontakt med lokale korps.

Hovudinstrument

Du får individuelle timar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar.

Dette er linja for deg som har slite ut nokre sko i skulekorpset og er klar for meir! Me tar deg nokre steg lenger med inspirerande undervisning tilpassa til ditt nivå.

Dette vil du lære

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. Andre samspelfag er ensemble og fellestimar.

For å byggje opp under samspelsferdighetane, har me i løpet av veka også ei rekkje andre musikkrelaterte fag:

  • Musikkteori
  • Høyrelære
  • Arrangering
  • Musikkorientering
  • Direksjon
  • Aspirantopplæring

Våre forventninger til deg

Me jobbar ut frå nivået du er på og strekkjer oss så langt du har lyst og kapasitet. Sidan folkehøgskule er ein eksamensfri skule, er det din eigen motivasjon til å bli betre som driv deg. Kva du arbeider med og kor langt du når er mykje opp til deg sjølv og di vilje til arbeid mellom timane.

Margaret Antrobus

Linjeleiar og lærar Stipendiat, dirigent Brassband

Margie er utdanna innan utøvande musikk, og jobbar rundt i verda som dirigent, arrangør og dommar. Blant nyare erfaringar har ho vore dommar i EM, og skal dirigera det Europeiske ungdomsbrassbandet i 2025. Manger FHS har alltid hatt ein stor plass i hjarta hennar, og her på skulen arbeidar ho som dirigent, og lærar både for brassband, stipendiat og heile skulen. 
 

Epost: Margaret.Sutherland.Antrobus@vlfk.no
Telefon: 45439548

Henning Anundsen

Linjeleiar og lærar Brassband, lærar Musikk, bu og fritid

Henning starta å arbeide på Manger Folkehøgskule i 2009. Han jobbar på Brassbandlinjen som dirigent, og på Musikk, bu og fritid som musikklærar. Utdanninga har han frå Griegakademiet, der han studerte trompet og musikkpedagogikk. I tillegg til å arbeide på skulen dirigerer Henning Skodvin Skulemusikk og er frilansmusikar. På fritida speler han principal i Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Epost: henning.anundsen@vlfk.no

Jane G. Westervik

Lærar Brassband

Jane er trompet/kornettlærar på Manger Folkehøgskule. Ho er utdanna på Konservatoriet i Bergen og ved Guildhall i London.
Jane har brei erfaring frå brassband miljøet. Ho har spelt Principal kornett i Eikanger Bjørsvik Musikklag i 20 år. Jane dirigerar BB i periodar på skulen, og har Yoga valfag. Gjestar har vore bla; Rapa og Guggenberger.

Epost: Jane.Westervik@vlfk.no

Helga Vetås

Lærar Brassband

Helga har jobba på Manger sidan 1991. Ho er messingblåsar og underviser instruksjon/aspirant, lytting, ensemble, valfag(sjøbading/toving), fellestime, enetimar grovmessing. Ped.utdanning i euphonium/tromb frå Bergen Musikkonservatorium med mentor Kim Lofthouse. Har lang fartstid i Manger Musikklag. Spelar for tida euphonium i Bjørsvik Brass og Manger Old Star.

Epost: Helga.Vetas@vlfk.no

Torstein Aagaard-Nilsen

Lærar, komponist, dirigent Brassband

Torstein Aagaard-Nilsen er utdanna ved Universitetet i Bergen og Bergen Musikkonservatorium, der han studerte trompetspel, musikkteori, komposisjon og pedagogikk. Aagaard-Nilsen har ein lang musikalsk karriere. Under BrassWind 2024 var det urframføring av hans verk Surrounded by memories, med den amerikanske solisten, Sarah Belle Reid. I 2016 fekk han Musikkforleggerprisen i klassisk/samtidsmusikk

Epost: Torstein.Aagaard-Nilsen@vlfk.no

Grethe Westbø Tonheim

Lærar Brassband

Grethe er trombonelærar hos oss, utdanna frå Bergens Musikkonservatorium og Noregs Musikkhøgskule. Ho undervisar òg på Bergen Private Gymnas og Griegakademiet. Grethe er frilansutøvar, fast medlem i BIT20 ensemble Bergen, og dessutan messingkvintetten BRIS. Ho speler i Bjørsvik Brass, liker å segle og vandre i naturen. Det mest meiningsfulle er å få vere med på danningsreisa til ungdommen.

Epost: Grethe.Tonheim@vlfk.no

Stian Alver-Villanger

Lærar Rytmisk og Brassband

Stian er utdanna frå University of Salford i England, der han studerte trommesett med Dave Hassell. Utenom undervisning jobbar han òg som frilans trommeslagar innan jazz/rock/pop-band, storband, studioinnspelingar, teater og musikalar, og militærorkester. Stian spelar med Carsten Dyngeland Trio og kvartett, Ole Amund Gjersvik Trio, Gjersvik/Wedberg/Villanger trio og eventbandet Bergen Festorkester

Epost: Stian.Villanger@vlfk.no

Årsplan 2024/2025

  • 27. august: Skulestart
  • 7. - 13. oktober: Haustferie
  • 14. desember - 5. januar: Juleferie
  • 22. februar - 3. mars: Vinterferie
  • 12. april - 21. april: Påskeferie
  • 15. mai: Heimreisedag

Halvårskurs Vår-25

6. januar: Skulestart

Årsplan 2025/2026 

26. august: Skulestart

I løpet av skuleåret har vi tre valfagperiodar. Ein på hausten, ein på vinteren og ein på våren. Det er ulike former for musikk, sport, forming, spel, teoretiske fag og andre aktivitetar. Tilbodet varierer for kvar periode alt ettersom kva lærar eller elev som har timane. Det er ulikt frå år til år.

Filmmusikk

Her kan du læra meir om komposisjon, og samanhengen mellom musikk og film.

Hesteriding

Her lærer du å stelle hest, sale og ri.

Kreative meg

Kreative aktiviteter med fokus på indre prosessar. Me lagar zentangles, mandalas, draumefangarar m.m.

Marknadsføring

Her får du ei innføring i korleis du skal marknadsføre eit produkt.

Piano

Lær deg piano eller få hjelp til å vidareutvikle dugleiken din. Undervisninga er tilpassa ditt nivå.

Storband

Spel storbandmusikk av Leiva og Barnes. Mogleik for å spele eigne arrangement og improvisere.

Konsert-trening

Føregår som “åpen undervisning” der ein spelar for kvarandre, anten ein vil førebu seg til prøvespel eller berre trene seg på å spele for andre.

Sibelius

Få grunnleggjande dugleik i notasjons-programmet Sibelius.

Kammerkor

Har du sangglede og ynskjer å synge i eit mindre vokalensemble og utfordre deg sjølv, så er kammerkoret rette plass.

Sang

Lyst å utvikle stemmen din? Få sangtime med vår sangpedagog.

Speleteknikk

For messingblåsare som ynskjer å jobbe ekstra med korrekt speleteknikk.

Musikkdokumentar

Eit tilbod til elevar som ynskjer å sjå ulike musikkdokumentarar og diskutera innhaldet i desse. Ein får innsyn i ulike genre og blir kjend med korleis ulike artistar påverkar samtida og ettertida si.

Strikking

Her kan du få vera med i ei gruppe som strikker og prater. Me satser på å strikke tøfler som me skal tova i vaskemaskin. Om du vil kan du også få strikka ullsokker, pannebånd og andre varme bruksting.

Yoga

Ein introduksjon til enkel yoga og meditasjon.

Isbading

Ikkje ofte det er is på sjøen her i vest, men me kan lova at det er kaldt i vatnet.

Bootcamp

Gjer kroppen sterkare med sirkeltrening/intervalltrening.

Forming

Kreative aktivitetar som toving, laga t-skjorte, laga sitteunderlag og laga drops.

Leseglede

Ein slags bokklubb for deg som er glad i å lesa bøker (romanar/faglitteratur/tekstar). Her får du moglegheit til å diskutera/samtale kring det du har lest.

Fra kr 136 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Reiseforsikring
  • Bruk av idretts- og svømmehall
  • Individuell undervisning på hovudinstrument
  • Studietur: Konsertturné og kultur i brassbandverdas vugge
    • Mat (2 måltider per dag)
    • Reiseforsikring
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 136 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 136 000,-
(13 600,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen har ei rekkje øvingsrom, dei fleste med piano, som er tilgjengelege fram til 22.00 kvar dag. På vår maclab finn du 10 iMac-maskiner med Sibelius noteprogram og EarMaster.

Skulen har også ein del messinginstrument til disposisjon og fullt utstyrt slagverksavdeling, av høg standard.

  • Vi har god erfaring med å tilrettelegga for deg med funksjonsnedsetjing eller kronisk sjukdom som til dømes rullestolbrukarar, svaksynte, høyrslehemma, maga/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
  • Vi tilrettelegg for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg
  • Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar, eller lurer på om vi kan tilrettelegga for deg.
Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Hanne Abelseth

Mitt år på manger var et flott år som ga meg mange nye venner som jeg fortsatt har kontakt med!

Hanne Abelseth
Håvard Liknes

Et fantastisk sted som gjør det mulig å både utvikle og finna seg selv, samt finne venner for livet! Blir varm om hjertet når jeg tenker på Manger!

Håvard Liknes
Asora Humlestøl

Eg lærte mykje og fekk mange nye, gode venna, både på brassbandlinja og dei andre linjene på skolen. Og lærerane der er berre herlige. Eg kunne ikkje drømt om bedre.

Asora Humlestøl

Nyheter

- Folkehøgskole er det beste valget jeg har tatt

For Nor var aldri folkehøgskole noe alternativ. Hun skulle studere og rett ut i jobb. Så orket hun ikke mer, og trengte en pause. En ...

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Direksjon

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Klassisk treblås

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Klassisk piano og strenger

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Klassisk stryk

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Klassisk messing

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Klassisk slagverk

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Sang

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Ny folkemusikk

Sunnhordland folkehøgskule
Helårskurs
21 t/uke
Frilynt

Musikk.Friluft

Sunnmøre Folkehøgskule
Helårskurs
30 t/uke
Kristen

Tidligmusikk (Barokk og tidlig-klassisk)

Sund folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Komposisjon/Låtskriving

Toneheim Folkehøgskole
Helårskurs
Frilynt

Musikk

Sunnhordland folkehøgskule
Helårskurs
21 t/uke
Frilynt