

LEIARTRENING // STIPENDIAT
- Møre Folkehøgskule – Ørsta
- Telephone: 70 04 19 99
- E-mail: kontor@more.fhs.no
- Course length: Stipendiatlinje
- Start-up date: 23.08.2025
- Price: Contact the school
- Location: Ørsta
Som stipendiat er du andreårselev på skulen. Du vil vere viktig når det gjeld skulen sine aktivitetar og fungere som eit bindeledd mellom elevar og ansatte som MILJØARBEIDAR og AKTIVITETSLEIAR. Du vil få fagleg undervisning, opplæring i folkehøgskulen sin filosofi og pedagogikk, leiartrening og god erfaring med miljøarbeid. Stipendiatene bidreg til å skape aktivitet, er oppdatert på det som skjer på skulen og ser til at alle føler seg trygge og trivast.
Stipendiatene vil vere både i ei eiga stipendiatklasse og vere knytt til ei linje eller ha ansvar for eit spesielt fagområde (td. marknadsføring / SOME / rekruttering e.l). Du får oppgåver og oppfølging av linje- eller fagleiar. Du vil som hovudregel vere med på linja sin studietur, men dette kan fråvikast når dere er gode grunnar til det. I tillegg har ein oppgåver som miljøarbeidar på fritida. Stipendiatene kan etter eige ynskje og med utgangpunkt i eigne kunnskapar, ha sjølvstendige valfag.
Stipendiatene har ei viktig rolle i høve den enkelte elev sin trivsel, og med det oppfølging av enkeltelevar. Gode samtalar med andre elevar er ein viktig del av oppgåvene.
Eksempel på andre aktuelle oppgåver kan vere deltaking på elevarrangement, å vere til stades på kveldar og i helger og ta del i organiserte tur- og idrettsaktivitetar, turneringar, debattar, laurdagsseminar, temadagar, humanitært arbeid, turar til kulturarrangement og idé- og prosjektutvikling m.m. Skulen set pris på gode initiativ, noko det blir rikeleg rom for.
With us you can create your own adventure! North to spectacular mountains, fjords and clean nature or south to exotic destinations? Either way, you get variety, great experiences...and friends for life! Or a year-round line or a mix of two half-year lines.
We have long field trips. Do you want to discover only Norway or do you want other countries as well?