Til hovedinnhold

Folkehøgskuleliv // Gran Canaria

  • Course length: All year
  • Start-up date: 25.08.2025
  • Course teaching amount: 15 hours/week
  • Price: from 137 900,-
  • Foundation:
    Liberal
    The liberal folk high schools are built on values that are not based on one particular belief. They encourage students with different interests and beliefs to apply.
  • Food: Vegetarian, vegan
    Most schools will accommodate food allergies and other dietary needs. If you have questions, please contact the school directly.
  • Location: Ørsta

Dette er linja for deg som vil oppleve litt av alt!

Her handlar det om å oppleve alt som folkehøgskulen har å by på, utan at du treng å vere den tøffaste eller modigaste frå starten. Gjennom året får du sjansen til å byggje sterke venskap, oppleve spanande reiser, og bu på internat der fellesskap står i sentrum. Sammen skal vi finne ut kva det betyr å bu og leve saman, vekse som menneske og skape minner du vil ha med deg resten av livet. Er du usikker? Det er heilt normalt – vi tar det steg for steg saman!

På linja «Folkehøgskuleliv» roar vi ned jaget etter dei høgste fjelltoppane og dei største bølgjene. Her får du oppleve internatlivet, venskapet og samhaldet. Du får også lært korleis det er å måtte ta ansvar for ditt eige liv, og å vere klar over at det du er  og det du seier får konsekvensar for både deg sjølv og andre.

På denne linja har vi tid til å snakke og lære kvarandre å kjenne. Gjennom å kjenne andre kjem vi også nærare oss sjølve. I tillegg får du vere med på turar og opplevingar både nær skulen og lenger vekke. Studieturen er planlagt til Gran Canaria. Om du ikkje vil vere med på den har vi eit eige opplegg for dei som blir att på skulen.

«Folkehøgskuleliv» er rett og slett linja for deg som vil oppleve dei fine tinga du har høyrt andre fortelle om folkehøgskulen! Etterpå er det di historie som er med på å lokke andre til «eit år dei aldri gløymer»!

With us you can create your own adventure! North to spectacular mountains, fjords and clean nature or south to exotic destinations? Either way, you get variety, great experiences...and friends for life! Or a year-round line or a mix of two half-year lines.

We have long field trips. Do you want to discover only Norway or do you want other countries as well?

Courses at the school

Send applicationAbout the schoolSchool web page