

Friluftsliv All-inclusive, haust 2025
- Fjordane Folkehøgskule – Nordfjordeid
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 21.08.2025
- Pris: fra 80 500,-
- Sted: Stad kommune
Saman skal vi utforske spektakulære fjell, mystiske skogar, leikne surfebølger og djupe fjordar!
Linja passar for deg som er glad i å vere ute i naturen heile året. Du likar å vere i bevegelse og tar gjerne ei utfordring.
Pris: 25 000
Dette skuleåret får du sjansen til å vere med på ei reise til Filippinene som du seint vil gløyme. Gjennom bistandsprosjektet «Prosjekt Filippinene» skal vi i løpet av skuleåret bidra til å betre oppvekstvilkåra til born og unge på Filippinene, for å gje dei ei lysare framtid.
På denne givande studieturen vil du oppleve landet på nært hald og sjå korleis innsatsen din utgjer ein forskjell. Du vil bli kjent med det vakre landskapet, dei varme folka og den unike kulturen. Du vil også få oppleve sterke kontrastar når vi skal besøke både barneheimar, slummen og fengsel, til dei meir glansfulle stadane som ferierande turistar i landet.
Sjølv om vi prioriterar kortreiste turar og vel buss framfor fly, gjer vi eit bevisst unntak for turen til Filippinene på grunn av prosjektet si enorme betydning. I bagasjen tar vi òg med oss alt vi kan om miljøvern og avfallshandtering, slik at vi også kan bruke turen som ei moglegheit til å dele kunnskap om korleis vi alle kan ta betre vare på planeten vår – spesielt med tanke på plastavfall i havet, som er ei stor utfordring på Filippinene.
Bli med og opplev korleis bistandsarbeidet vårt kan forandre liv og gje håp for framtida. Dette blir ein fellestur du aldri vil gløyme!
Vi vil oppdatere med meir informasjon, pris og dato når dette er klart. Prisen som ligg inne er eit estimat. Bilda er lånt frå «Prosjekt Filippinene».
Kvifor reise langt og sette djupe klimaavtrykk når vi bur midt i den fantastiske og verdskjende naturen på Vestlandet? Med fjord, fjell og hav rett utanfor skulen har vi mange skjulte perler som vi vil dele med deg.
Fellesturane våre er viktig for å byggje samhald på tvers av linjene. Her vil du:
Her er oversikta over turane du kan delta på i skuleåret 2025/2026:
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2-3 dagar
Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den restaurerte galeasen "Loyal". Ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet.
Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap.
Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv!
På strandryddeseilaset kan du oppleve:
Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dagar
Ein spennande utforskingstur i maritimt fjordmiljø. Krokpollen ligg i ei lita bortgøymd bukt, utan veg. Hit må du ta beina fatt eller ta sjøvegen for å kome fram. På denne turen står sjøaktivitetar i fokus. Her blir det bading, fisking, roing og padling, segling på fjorden som gir deg ro i sjela eller adrenalinkick der du ligg i ei tube bak motorbåten. Du får ete di eiga nykokte krabbe, vere med på allsong og høyre trekkspel i ustemt harmoni utover kvelden. Vi slår opp bålplass og du kan velje å sove i hengekøye, telt eller innandørs.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dager
I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet – ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk eller er meir dreven på bølgene. Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt! Ellers kan du glede deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dager
Turen til Stigedalen er spekka med kjekke snøaktivitetar. Her er det langrennsløyper rett utanfor døra, akebakkar, grillhytte og fine forhold for mykje moro. Heile skulen er med på denne overnattingsturen, og det foregår mykje sosialt både ute og inne. Vi akar, har snø-rugby, lagar snøskulpturar, grillar, går på ski, har talentkonkurranse, quiz, spelar spel, ser på film og et god mat.
2024/25:
Valfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har nesten 30 valfag å velje mellom – alt frå sjonglering på sirkus til barista. Valfaga er valfritt som namnet tilseier og du kan velje så mange du vil. Lengda på valfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke. Valfaga kan variere noko frå år til år.
Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.
Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!
Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.
Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.
Her er det kun fantasien din som set grensene. Skap din eigen karakter og utfordre både kreativiteten og problemløysingsevna di. Likar du rollespel og improvisasjon? Då er dette noko for deg.
Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.
Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.
Kom i form eller berre ha det kjekt med bevegelse! Her kan du trene det du likar.
Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!
I HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) køyre vi korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg.
Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.
For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.
Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.
Bli med på lavterskel linjedansing med feel good-stemning. Vi startar med enkle koreografiar og aukar etter kvart.
Vil du engasjere deg i lokalsamfunnet? Vi hjelpe deg med å finne det rette laget eller organisasjonen for deg. Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på www.stad.foreningsportal.no.
For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.
Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.
Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.
Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.
Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.
Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!
Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.
Ein spasertur unna finn du eit 25 meter langt basseng for både trening og avslapping. Perfekt for dagens treningsøkt eller om du berre vil slappe av i boblebadet. Rund av med ein tur i badstova.
Er du glad i improvisasjon, standup og å lage skodespel? Det er noko av det du får vere med på her.
Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.
Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.
Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.
Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.
Tenk deg eit år der du kan vere akkurat den du er. Eit år der du vil møte eit mangfald av menneske du elles aldri ville møtt. Eit år med nye vener og augneblink som du aldri vil gløyme. Eit år der du vil kjenne glede og meistring.
Vi trur på at gjenbruk er bra for både miljø og lommebok, og du treng ikkje å ha det nyaste for å få eit supert år. Kjøp brukt!
Utstyr du må du ta med:
Utstyr skulen har:
Bygningar
Bygningsmassa til Fjordane folkehøgskule er frå 1974. Ikkje alle bygga våre er universelt utforma, men vi legg til rette så godt vi kan for funksjonsnedsettingar. Hovudbygningen med undervisningsrom, matsal og forsamlingsrom har tilkomst med rampe. Internatet er bygd over ein etasje og ligg på bakkeplan, og vi har 1 paviljong som er universelt utforma. På heile internatet har vi 18 einerom utan bad. Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg!
Mat
Vi serverer vegetar- og vegansk mat til alle måltid. Denne maten er tilgjengeleg for alle.
Vi tilbyr gluten- og laktosefri mat til dei som har behov for det, samt at vi tilpassar til andre allergikarar.
Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg!
Fagleg og sosialt
Vi tilpassar så langt vi kan slik at det blir mogleg for deg å delta på lik linje med dei andre:
Ta kontakt med oss om for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.