Overskrifta skulle kanskje ikkje tilseie at ungdom strøymar til folkehøgskulane som aldri før. Men vi er ei «førstegongsteneste» i livskunnskap, og vi er blitt viktigare enn nokon gong.
I skuleåret 2017 – 2018 var det 7500 elevar som gjekk på folkehøgskule i Noreg. I inneverande år er talet auka til 7700. Stadig fleire ungdom søkjer til dette skuleslaget. Ungdom i aldersgruppa 18 – 22 år er på ei reise til det kontinentet som heiter «vaksenverda». Her skal dei vere resten av livet. Til liks med alle store ekspedisjonar, er det smart å førebu seg. Pensjonsalderen i Noreg er 72 år. Ungdomane har om lag 50 år framfor seg i rolla som student, lærling, arbeidstakar og sjølvstendig vaksen. Difor er eit år på folkehøgskule ei av dei beste investeringane ungdom kan gjere.
Mange av dei jobbane våre besteforeldre hadde er borte. Dagens ungdom vil oppleve at tusenvis av jobbar som foreldra hadde, er borte når dei er klare til innsats i arbeidslivet. Det er grunn til å tru at robotar og automatisering vil erstatte hundretusenvis av arbeidsplassar i Noreg i løpet av ein rimeleg kort tidshorisont. Færre vil truleg få arbeid. Eit liv utan arbeid er ei dyster framtid. I Spania, Hellas og Italia er allereie arbeidsledigheita blant ungdom 40 – 50%. Det er trist å ikkje ha noko å fylle livet med. På folkehøgskulane får ungdomen dyrke ei interesse, bli flink til noko – oppleve meistring og indre motivasjon utan å bli målt, veia og prøvd. Her kan dei finne glede og meistring med ein hobby, og meining med livet. Det er rett og slett livsfarleg å ikkje ha ei meining med livet, interesser, hobbyar og vennar.
Elevane søkjer til oss for å gå på ei linje, til dømes dans, teater, film & foto, musikk, data, friluftsliv, ekstremsport og ei rekkje andre linjer. Men elevane har om lag «berre» 15 timar linjefag i veka. Elevane bur på internat på skulane, slik at det er 153 timar igjen i veka. Då er det valfag, der elevane kan prøve ei heilt ny interesse, eller gå i djupna på fagområdet sitt. Vi har fellesfag, ekskursjonar, studieturar, prosjekt og samarbeid på tvers av fag og linjer. Vi har vask av rom, gang og fellesareal. Ungdomane har framføringar, konsertar, presentasjonar, lan og utstillingar. Dei har om lag 1000 timar i matsalen, utan tv, pc, nettbrett og wifi. Det er ei formidabel sosialisering og trening i det å bu på internat, det å måtte vise omsyn, toleranse, respekt og tolmod. Dette er ei sliping som gjer ungdomane kvessa i livsdugleik og sosial samhandling.
Noko av det beste vi kan gje til barn og ungdom, er å førebu dei på det vaksenlivet som kjem. Det å bli trygge, sjølvstendige og kritisk tenkjande unge vaksne. Folkehøgskulane bidreg til å danne noko hjå ungdomen som ikkje var der frå før, det å løfte eit ungt menneske til eit høgre nivå av kunnskap, dugleik og innsikt. Arbeidslivet treng langt meir enn skuleflinke menneske. Det å vere flink handlar om å gjere tinga riktig. Det å vere klok handlar om å gjere dei riktige tinga. Arbeidslivet treng personar som har evne og vilje til å kunne fullføre ei arbeidsoppgåve. Det trenar vi på hjå oss. Arbeidslivet treng personar som kan samarbeide, finne relasjonar og løyse oppgåver i lag. Det er kjernen i folkehøgskulepedagogikken. Arbeidslivet treng personar som har god moral og etisk forståing. Det er grunnlaget for skuleslaget vårt. Vi har ikkje prøvar, pugg, eksamen eller pensum. Vi jobbar med indre motivasjon for læring, kreativ kompetanse og evna til skapande verksemd.
På ein folkehøgskule får ungdomen samhandlingskompetanse; evna til å leve saman og gjere kvarandre gode. Dei får global kompetanse som har som mål å auke forståinga av at vi er ein del av ein større heilskap, og bidra til auka nasjonal- og internasjonal kulturforståing og kulturkunnskap. Ungdomane får auka emosjonell kompetanse, auka sjølvinnsikt og evna til empati og forståing. Klokskap kan ikkje lærast teoretisk. Det er først når kunnskap blir praktisert under kunnig rettleiing at ungdomen oppnår klokskap. Kva type samfunn treng ikkje kloke ungdomar?
Hordaland er det fremste «folkehøgskulefylket» i landet. Her finn vi åtte, altså 10% av folkehøgskulane i Noreg. Her er vi kristne og frilynte folkehøgskular, med elevar frå alle kommunar i Hordaland og ungdom frå heile landet. Vi samarbeider for å gje ungdom på terskelen til vaksenlivet ei best mogleg ballast til å møte framtida som kloke unge menneske med appetitt på livet. Det å drive folkehøgskule er ei form for «ekstremsport». Vi må levere høg kvalitet, for vi er avhengig av etterspurnaden til ungdomen. Vi er ikkje minst avhengig av stabile rammeføresetnader frå regjeringa. Vår oppmoding til regjeringa er å få sleppe dei årlege kuttforslaga i statsbudsjettet. Kan vi få ein haust utan unødig energilekkasje? Kan vi få lov til å halde fram med å drive eit heilt naudsynt skuletilbod for 10% av årskullet i Noreg? Alle partia går til val på å betre skule og styrkje utdanning. Vi ber regjeringa om å halde denne lovnaden, å styrkje i staden for å undergrave dette særeige og heilt naudsynte skuleslaget. Det er ikkje berre med kunnskap at landet byggjast. Det er og med klokskap – og danning!
Hordaland, 17. september 2018
Folkehøgskolene har lærere som jobber døgnet rundt for elevene sine – bokstavelig…
Folkehøgskoleelevene troner for tolvte gang øverst som landets aller mest fornøyde blant…
Filmen er kalt «Folktales» og følger tre elever gjennom et år på…
9 av 10 av fjorårets folkehøgskoleelever vil anbefale folkehøgskole videre, viser en…
Folkehøgskolene har rullerende opptak. Men hva er egentlig rullerende opptak?
Folkehøgskolene har nå åpnet for søknader for skoleåret 2025/2026. Etter 15. november…
Vi får mange spørsmål fra ungdommer som vurderer å søke seg på…
Flere tusen søkere gjør denne tabben når de søker folkehøgskole. Det går…
Flere og flere folkehøgskoler tilbyr nå halvtårskurs. Sjekk oversikten over linjene med…
Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2025/2026.