Etter å ha hatt det mange kallar «det beste året i livet» som elev på Sunnmøre Folkehøgskule, ser mange verdien av eit år til, denne gang som stipendiat. Du har sjølv sett kor viktige stipendiatane er som førebilete og miljøskaparar, og no vil du ta ansvar, utvikle seg vidare, og skape "det beste året" for andre.
Gjennom teoretisk leiartrening og praksis som vegleiar på ei av dei andre linjene, får du prøvd deg i ein ny setting der du som ven og rettleiar kjem tett både på elevane og personalet. I tillegg til det faglege, vil du saman med resten av "stippeteamet" ha både miljøoppgåver, praktiske oppgåver knytta opp mot elevane. Dette blir eit variert og utviklande år som gjer seg på CV-en.
Det meste av det beste:
Arrangere miljøtiltak | Arrangere programkveldar | Arrangere diverse turar | Arrangere tilbod i gymsal, dansesal, formingssal | Oppfølging av elevar | Oppfølging av elevar med særskilde behov | Elev/medhjelpar på ei av linjene | Leiartrening | Teambygging | Prestasjonspsykologi | Konflikt- og kommunikasjonsteori.
Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett