

SjøSnøSurf - vår 2026
- Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
- Telephone: 7000 9600
- E-mail: post@sufh.no
- Course length: Halvår — vår
- Start-up date: 05.01.2026
- Course teaching amount: 30 hours/week
- Price: from 65 500,-
- Location: Ulsteinvik
Det merkar du når du surfar di fyrste grøne bølgje i Hoddevika, eller tek på våtdrakta og fridykkar ned i ei ny verd. På vindfulle dagar får du friske opplevingar i seglbåt eller i ein RIB med 300 hestekrefter. På godversdagar venter stuping, fiskeskøyte, vannski, wakebord, ein tredagers kajakk-ekspedisjon og mykje meir.
På vinteren får du snø, masse snø! Det blir toppturar i kvasse vestlandsfjell som stuper rett ned i havet. Det gir skiglede i urørte fjellsider. Du får også skredopplæring, snøholetur og mange dagar med kjøring i skianlegg.
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byens badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 250 kroner for et halvt skuleår.
Det er på slike dagar du tenker: For eit år det kjem til å bli!
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste
Strandafjellet skisenter | Surfing i Hoddevika | «Oppdrag Hjørundfjorden» | Segling | Fjellturar/toppturar | Kajakkekspedisjon | «Møte med det ukjente» | Fridykking | Bålprat | Pudderjakt | Elv-/grottevandring | Ski/snowboard | Fisketur | Sunnmørsalpane | Klippehopping | Vannsport | Solodøgn
Info om halvårskurs
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø. For mange er dette eit stort høgdepunkt. På dagtid køyrer vi ski eller snowboard og legg gjerne inn ei langrennsøkt. På kveldstid ventar det god mat og like god underhaldning. Dette er ei veke som dessverre er over så alt for fort!
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Dei beste fellesopplevingane kjem ofte når vi er på tur saman. Difor har vi tilsaman 14 dagar på fellesturar.
Vi startar året med ein opningstur i Sunnmørsalpane. I løpet av året har vi også turar til Ålesund og fuglefjellet på Runde. I mars har vi ei skiveke på Bjorli, før året avsluttast med ein tur til opplevingsgarden «Hakallegarden». Her fyller vi dagane med seminar, dyrestell, cowboyfest, liveband, BBQ og fjellturar. Vi trur du vil like det.
The school has the YMCA-Mission and Christian anthropology as basis for the teaching. Our main subjects are: * Sport.Ballplay * Outdoor life (Multisport) * Water & ski * Music *Golf. You can travel to Ulsteinvik by airplane, bus and boat.